MIDDAG PÅ 1–2–3: - Posesuppa ventar trufast på deg i skuffa når du er utslitt og ikkje orkar innom butikken med barnevogn, skriver Berge i denne kronikken.
MIDDAG PÅ 1–2–3: - Posesuppa ventar trufast på deg i skuffa når du er utslitt og ikkje orkar innom butikken med barnevogn, skriver Berge i denne kronikken.

Ja til posesuppe!

MENINGER

Ein gong var posesuppa eit symbol på framsteg, men no er ho ein utskjelt type, som utruleg nok skapar «dårleg mammasamvit» på diverse diskusjonsforum.

debatt
Publisert:

UNNI BERGE, travel mamma.

Likestillinga har endra liva våre. Norske kvinner er yrkesaktive, tenar eigne pengar og får økonomisk sjølvstende. Pappapermen har endra mannsrolla og gjeve menn tid og nærleik med dei små barna sine.

Like fullt: 36,8 prosent av dei sysselsatte kvinnene i Norge jobbar deltid. Same statistikk for menn viser 12,5 prosent. I fylke som Vest-Agder og Rogaland er tallene enda skeivare. Der jobbar nesten halvparten av kvinnene deltid, medan men er like fulltidsarbeidande som i resten av landet. Eg trudde ikkje på statistikken fyrste gong eg såg han. For landet mitt er jo verdsmeistar i likestilling.

Småbarnsfasen er himla travel og perioden då ideala kræsjar i kvardagen. Tida i livet med våkenetter og bleieskift kjem for mange på same tidspunkt då vi prøver etablere oss både i arbeidslivet og på bustadsmarknaden. Deltida til kvinnene i yrkeslivet kan forklarast med travlare dagar på heimebane. Husarbeid er framleis sterkt kjønnsdelt, fortel Statistisk sentralbyrå oss. Og tala viser at får ei kvinne barn med ein mann, så reduserer ho sannsynet for lik deling av husarbeidet. Minst likestilt av alt er vasking av klede.

«I akkurat vår familie passar det best å gjere det sånn».

Dette vil raskt komme opp som argument når kjønnsskilnadene i lønnsarbeid og husarbeid diskuterast rundt lønsjbordet. Eller:

«Eg orkar ikkje gå rundt og vere sliten heile tida for at offentlege likestillingsstatistikkar skal sjå bra ut».

Mang ein samfunnsdebattant har slått eit slag for at feminismen må ta høgde for ulike liv. Det er jo nettopp det som er fridom.

Likevel har vi som samfunn eit problem når kjønnsroller gjer at det systematisk blir slik at menn prioriterer lønnsarbeid, medan kvinner tek det tyngste løftet på heimebane. Det gjev til dømes brutale utslag i lønnsstatistikk. Og i pensjonspoeng. Deltidsarbeidande kvinner bør i det minste unngå å bli skilt. Dessutan kan det jo ikkje vere slik at nesten halvparten av kvinnene i Vest-Agder til ein kvar tid går rundt nattestid med ein baby på puppen. Trass alt.

Så det brutale spørsmålet vi kvinner må stille oss er: Kor mange pensjonspoeng er eit reint kjøkkengolv verdt? Og kvifor er det pensjonspoeng til kvinner som tømmast ut med vaskevatnet, ikkje menn sine?

Det fins sjølvsagt polistiske løysingar for å endre strukturelt på dette. Barnehagedekninga har vore eit slikt grep. Å ønske at fagrørsla skal samle seg om at produktivitetsveksten skal takast ut i kortare arbeidstid i staden for høgare lønn, kan vere eit anna. Dei uformelle forventningane vi stiller til oss sjølv og andre må likevel også kunne påverkast rett og slett ved å tale om dei. Det skal eg no gjere.

Min agenda er ikkje å påføre skuld og skam for dei kvinner som i periodar kjenner at 100 prosent jobb er vanskeleg å realisere, men eg vil gje fulltidsarbeidande kvinner godt samvit for å nytte eit tjuvtriks. Og så har eg tenkt å utøve litt skuld og skam på enkelte menn. For som vi har lært: Hersketeknikkar fungerer jo.

Fyrst til kvinnerolla: Eg kjenner sjølv på at ein vesentleg del av den moderne kvinnerolla handlar om å lage god, og helst sunn, mat. Det er ei rolle som kan vere krevjande å leve opp til som fulltidsarbeidande småbarnsforeldre. Eg har difor lært å setje pris på ein gamal ven i kvardagen: Posesuppa.

Ein gong var posesuppa eit symbol på framsteg, men no er ho ein utskjelt type som utruleg nok skapar «dårleg mammasamvit» på diverse diskusjonsforum. «Søppelmat» er ho også vorte kalla på bloggar, som slår eit slag for barns rett til gode smaksopplevingar og som uroar seg for fedme- epidemi hjå norske barn. Posesuppa ventar trufast på deg i skuffa når du er utslitt og ikkje orkar innom butikken med barnevogn. Du får varm middag på bordet på 10 minutt. Kanskje har fru Posesuppe litt for mykje salt å tilby, men les ein innhaldsdeklarasjonen er det svært vanskeleg å finne stor opphoping av kaloriar. Posesuppane tilbyr tvert om såpass få kaloriar at det vert fint rom for kveldsmatidyll med instagram-potensiale når familien berre endeleg har fått senka skuldrane. Er du heldig vil du kanskje ha tid og krefter til å bli med ungane ut og spele fotball etterpå. Det skadar garantert ikkje folkehelsa.

Så kan du heller kokkelere litt når helga kjem, viss du syns slikt er gøy. Mitt mål er ikkje å drepe evna til å lage mat frå grunnen. Vi skal likevel passe oss for å lage ideal, roller og forventningar som gjer at mange hundre tusen menneske, først og fremst kvinner, går på eit heidundrande økonomisk tap.

Og så var det mannsrolla. Det er enkelt å forstå at det kan vere lettast å omfamne ei kjønnsrolle der ubetalt støvtørking og klesvask ikkje er gir spesielt høg status. Mange menneske kan setje pris på ein rein do, men få har som kjærkommen hobby å faktisk vaske doen. Mykje av det tradisjonelle husarbeidet er eit nødvendig vonde.

Min påstand er då: Ingen friske menneske er ute av stand til å vaske. Har ein ikkje lært det, så går det fint an å lære. Trass dette er det ei utbredt myte i forbausande store deler av min vennekrets at menn til dømes ikkje er i stand til å vaske klede utan å øydelegge dei. Vi talar altså om ei oppgåve der det fins skriftlege instruksjonar på nesten kvart einaste plagg. Det må vere lov til å heve forventningane til menn generelt på dette feltet.

Så til skulda og skamma. Om du som mann endar opp med å unndra deg din del av det ansvaret med å vaske golvet i dykkar felles hus, eller kleda til borna dykkar, pannene etter middagen dykkar eller dassen du brukar kvar dag, men heller let kona di gjere det, så er det ganske bedritent. Og særleg om ho vaskar med pensjonspoenga sine. Eg meiner du da fortener nokon minuttar av den skyllebøtta som Noora i Skam gjev William i ein av dei siste episodane av sesong 2:

«Å vere drittsekk er ikkje noko du er født som eller noko ein berre blir. Det er eit val.»

Her kan du lese mer om