BARSKE VALG: – Det er ikkje lengre slik at vi skil godt frå dårleg og gir til det som er godt. Vi må prioritere mellom knallbra og knallbra, skriv Ståle Stein Berg i NFI.
BARSKE VALG: – Det er ikkje lengre slik at vi skil godt frå dårleg og gir til det som er godt. Vi må prioritere mellom knallbra og knallbra, skriv Ståle Stein Berg i NFI. Foto: NFI.

Røynda er ei stri elskarinne

debatt
Publisert: Oppdatert: 14.06.18 13:09
MENINGER

Finnest det i det heile prosjekt som kan konkurrere med dette, spør Hilde Susan Jægtnes retorisk i ein kronikk i VG. Svaret er ja.

STÅLE STEIN BERG, filmkonsulent spillefilm og dramaserier ved Norsk filminstitutt (NFI)

Kjære filmbrud; eg sto der ved alterringen heile tida, men eg valde ei annan. Det var nemleg ikkje berre du som var gifteklar; ni stivpynta bruder til skreid opp midtgangen den dagen. Ikkje alle trakk like hardt på merksemda mi, det skal innrømast, men mange nok var så attraktive at valet vart vondt og vanskeleg. Eg valde ho eg synest var finast.

Manusforfattar Hilde Susan Jægtnes, du er forbanna for at NFI nok ei gong ga ei kald skulder til  filmatiseringa av Maria Navarro Skarangers prislønna drabantbyroman «Alle utlendinger har lukka gardiner». Attpåtil etter å ha dusja dykk med skryt og lovord om kor bra dette prosjektet er. Ei varm og vittig forteljing frå eit rikt miljø som endeleg  blir portrettert på ein medlevande og respektfull måte. Ein film som ikkje berre set fokus på ei søkjande ung kvinnes oppvekst, men som i tillegg har kvinner i alle nøkkelfunksjonar bak kamera. What’s not to like? Finnest det i det heile prosjekt som kan konkurrere med dette, spør du retorisk i ein kronikk i VG. Svaret er ja.

Eg er heilt einig i at dette er eit svært solid spillefilmprosjekt. Faktisk så bra at om innspelinga starta i morgon, er eg trygg på at det ville blitt ein utmerka film. Derfor skjønar eg godt at du undrar «Hvordan kan vi stole på filmkjærligheten din etter dette?». Svaret mitt går til deg og alle andre som spør seg om det same: Sånn har det blitt.

Dette er den nye røynda mange som vil lage film i Noreg slit med å ta inn over seg. Sjølv når ein veit at prosjektet ein har mellom hendene med god margin kvalifiserer for produksjonsstøtte. Sjølv når vi filmkonsulentar gir gode skotsmål  til prosjektet i utvikling; oppmuntrar og dyttar dykk vidare. Sjølv når det kunstnarlege raffinementet skin og alle tenkjelege og utenkjelege filmpolitiske målsettingar er oppfylte. Sjølv då skal de målast mot andre prosjekt på same nivå. Med andre særdrag, andre måloppnåingar og andre innfallsvinklar, men med same høge kvalitet. Fantastiske filmforteljingar som utan problem kan realiserast der og då.

Med eit avgrensa budsjett er den enkle og brutale sanninga at NFI  ikkje kan gi tilslag til alle som kvalifiserer. I alle fall ikkje på same tid. Det enno meir brutale er at med dagens høge produksjonsfrekvens, det høge kvalitetsnivået på dei som konkurrerer om produksjonsmidla og ein framleis avgrensa pengepott frå «den rike mora» som du kallar regjeringa, vil sjølv potensielle filmskattar måtte kaste inn handkledet. Det er ikkje lengre slik at vi skil godt frå dårleg og gir til det som er godt. Vi må prioritere mellom knallbra og knallbra. Den rike mora vår er ikkje gåvmild nok.

I eit slikt finansieringsklima skjønar eg at det kjennest rart å bli oppmuntra den eine dagen og avvist den andre. «Du har lurt oss opp i stry med din dobbeltkommunikasjon», står det i innlegget. Som manusforfattar har eg siti på den sida av bordet også, og eg kjenner att frustrasjonen. Når ein skal utvikle og realisere eit prosjekt, skal ein stålsette seg mot mang slags motstand. Då er det å byggje opp ei klippefast tru på at dette er verdas beste prosjekt ei viktig øving. Det prøvar vi som gir støtte til utvikling av filmprosjekt å ta omsyn til. I den oppbyggande fasen av eit prosjekts utviklingsløp er det viktig at også vi som gir pengane til denne utviklinga opptrer nettopp oppbyggeleg. Det er jobben vår; identifisere prosjekt med stort potensiale og fasilitere eit utviklingsløp som i så stor grad som mogleg realiserer dette potensialet. Vi skal sørge for at vi får så gode produksjonssøknadar som mogleg – og det skal vi gjere med glød og entusiasme. Vi svingar oss med i dansen – rett og slett fordi det er måten å få fram gode prosjekt på.  Og vi må, som dei fleste andre, både i kulturlivet og livet elles, danse med fleir enn vi kan gifte oss med. Når dansen er over og vi må velje, då slår dei harde realitetane inn både for oss og dykk.

Så, attende ved alterringen der du står pynta til brud – om eg har gitt deg inntrykk av at du er den einaste, skal du gjerne få kalle meg luremus. Men la meg derfor seie det tydleg her og no: Det er mange som står der i sin finaste skrud, og eg har eit godt auge til fleire av dei. Stort nærare definisjonen på eit dilemma kjem ein knapt, men eg trur vi må lære oss å takle det. Eg kan ikkje love deg anna enn at eg gjer mitt val på det eg meiner er eit etterretteleg grunnlag, enten dansen har vore lang eller kort.

Røynda er ei stri elskarinne…

Her kan du lese mer om