FAMILIEFAR: – Eg ser på det som min viktigste, artigste og mest interessante oppgåve i her i livet: å introdusere barna mine for verda der ute, skriver Mandal. Her saman med sonane Olai og Heine. Foto: Privat

Debatt

Pappa: – Er mor bedre forelder enn far?

Er mødre frå naturens side betre enn fedre til å bake kake? Til å vurdere kva uteklede borna treng å ha på seg i forhold til været? Til å sende barnet sitt i barnebursdag i passande klede og med passande gåve? Nei.

ARTIKKELEN ER OVER ETT ÅR GAMMEL

THOMAS BERGSET MANDAL, småbarnspappa og miljøterapeut.

Dei siste dagane har det gått ein debatt i VG om mødre (i tradisjonelle heteroseksuelle forhold) som må gå tidlig frå jobb for å hente i barnehagen.

I innlegga til kvinnene lærer vi om «sjonglerande mammaer», som både styrer heimen og jobbar fullt.

Morten Ramberg reagerer på at ikkje fedrene nemnast i denne samanhengen: balansering av jobb og familieliv er noko som berre gjeld mammaer.

I innlegga ligg det ein undertone som ikkje kan misforståast, og som ein skulle tru for lengst var avleggs oppfatning: kvinner er betre omsorgspersonar for born enn menn.

les også

«Hente i barnehagen»-debatten: – Hvor er alle pappaene?

Her er nokre spørsmål. Desse fyste skriv eg fasitsvaret på. 

Er mødre frå naturens side betre enn fedre til å bake kake? Nei.

Er dei betre til å vurdere kor rein ein heim skal vere for at den skal vere presentabel? Nei.

Til å vurdere kva uteklede borna treng å ha på seg i forhold til været? Nei.

Til å sende barnet sitt i barnebursdag i passande klede og med passande gåve? Nei.

Til å skjønne korleis barna «har det inni seg»? Nei.

Kven er best til desse tinga? Det kjem an på eigenskapar og interesser. Nokre gongar er det mamma, nokre gongar pappa.

les også

«Hente i barnehagen»-debatten: – Utfordringene er større for flere mammaer enn pappaer

Dei neste spørsmåla veit eg ikkje svaret på, men eg håpar svaret er ja.

Kan det gå an at mamma og pappa fordeler oppgåver seg imellom utifra eigenskaper og interesser, og ikkje kjønn?

Klarar vi å fri oss frå inngrodde kjønnsstereotypiar der mamma MÅ hente i barnehagen elles blir det ikkje gjort, og far MÅ skrue inn den løse skruen elles blir det ikkje gjort?

Klarar vår generasjon småbarnsforeldre å vise borna våre gjennom eigen praksis at det er ikkje kjønn som skal vere førande for kva fritidsinteresser ein skal drive med og kva yrkesvalg ein skal ta?

Mandal sammen med sønnene Peder (5), Heine (2) og Olai (8).

Og i dette ligg kritikken til fedre: vi har i stor grad oss sjølv å takke.

Der er for mange av oss som inntek rolla som annanrangs forelder, rolla som den som utfører ordre frå styraren i heimen. Rolla kan vere behagelig, den: ein slepp kanskje å tenkje så mykje, slepp kanskje å ta diskusjonane, kan innta ei bakoverlent eg-gjer-som-eg-får-beskjed-om-rolle.

les også

«Hente i barnehagen»-debatten: – Samfunnet stenger ikke klokken 16

Men ikkje gjer det. Det skadar arbeidet med likestilling i heimen, den viktigaste arenaen vi har for å lære borna våre at dei kan sette seg mål uhindra av kva kjønn dei har.

Dottera mi skal sjå i praksis at det ikkje er sjølvsagt at eg jobbar lenge og kona må hente ho i barnehagen. Sonen min skal skjønne at når eg syns kjøkengolvet er for skittent, så vaskar eg det utan instruks frå kona mi.

Dei skal skjønne at når eg står ute og grev med spaden og mora står på kjøkkenet og bakar brød, så er det på bakgrunn av eit val eg og kona mi har gjort i fellesskap utifrå interesse og eigenskapar, ikkje utifrå eit instinkt knytt til kjønn.

les også

Hente i barnehagen-debatten: Småbarnspappa og statsråd

Resultatet kan bli jamnare fordeling i framtida mellom typiske kvinne- og mannsyrker, lønnsutjamning, og rettferdige rettar for far i barnefordelingsaker. 

Fedre må trygge mødre på at dei kan ta ansvar for borna. Det er ikkje sikkert mødre veit det. Kanskje dei må erfare det, sjå med eigne auge at fedre klarar å gå i klesbutikken og kjøpe klede som passar utmerka til både ver og vind og størrelsen på barnet.

Fedre må anerkjenne frykta deira, skjønne at det er eit enormt steg å gi frå seg ansvar på dette området. Det er sikkert viktig å gå forsiktig fram, sånn at ikkje likestillinga kjem ploms på.

les også

«Hente i barnehagen»-debatten: – Nok snakk om likestilling

Vinklinga på denne ytringa kunne blitt ei oppfordring til pappaer om å forene seg, gjere opprør i heimen, lage opprop, samle likes.

Men eg vil heller oppmode om å gå saman med mammaen og finne ut korleis begge kan dele ansvaret med å vere fyrstepilotar.

Eg ser på det som min viktigste, artigste og mest interessante oppgåve i her i livet: Å introdusere barna mine for verda der ute. Dette synet trur eg eg delar med dei fleste fedre i dette landet.

Oppgåva blir best utført saman med ein open, raus og modig partnar. Ein partnar som ser verdien av sjonglerande samspel, ikkje av sjonglerande sololøp.

Synes du flere burde lese dette innlegget ? Del det på Facebook her!

Vil du skrive kronikk om familieliv og «hente i barnehagen»-debatten? Send teksten din til debatt@vg.no. Mellom 2500 og 4000 tegn er bra!

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder