SLÅR TILBAKE: – Solvik-Olsens kritikk av Hareide bommar fordi den sjølv er ein karikatur, skriv KrFs Tore Storehaug.

Debatt

Kor var du, Solvik-Olsen?

Ketil Solvik-Olsen har latt mange sjansar gå frå seg til å korrigere eigne partifeller. Slik har han sjølv bidratt til å gjere karikaturen til Frp verkeleg.

ARTIKKELEN ER OVER ETT ÅR GAMMEL

TORE STOREHAUG, stortingsrepresentant KrF

I eit innlegg i VG søndag 14. oktober skriv Frp-nestleiar Ketil Solvik Olsen at han er «skuffet over påstander om at han tilhører et parti med annenrangs verdier». Det er ein respons på Knut Arild Hareides grunngjeving om å søke regjeringsmakt med Senterpartiet og Arbeidarpartiet.

Hareide seier at KrF har lettare for å få til eit fellesprosjekt med sterkare forankring i sentrum, og anbefalar derfor ikkje eit regjeringssamarbeid med Frp.

Tore Storehaug.

les også

Ketil Solvik-Olsen: Et veivalg for et varmere samfunn?

Dette fell openbart Frp-nestleiaren tungt for brystet, men Hareide har aldri hevda at Solvik-Olsen eller andre står for annanrangs verdiar. Hareide seier og at han ikkje vil i regjering med SV, men eg har endå ikkje sett ein SV-politikar gå ut og sei at dei er «skuffet over påstander om at de tilhører et parti med annenrangs verdier».

Her lagar Frp-nestleiaren ein stråmann, og han ser ikkje ut til å forholde seg til dei reelle utfordringane i forholdet mellom KrF og Frp.

les også

KrF-Hareide: – For meg er dette et verdivalg.

· Kor var Solvik-Olsen den gongen hans nestleiarkollega Per Sandberg skulda KrF for å ha ansvar for terrorrekruttering og massedrap?

· Kor var Solvik-Olsen den gongen KrF måtte redde regjeringa frå mistillit etter at dåverande justisminister Anders Anundsen feilinformerte Stortinget i asylbarn-saka?

· Kor var Solvik-Olsen den gongen Sylvi Listhaug skulda KrF for berre å vere opptatt av å bruke mest mogleg pengar på bistand, ikkje kva pengane går til?

· Kor var Solvik-Olsen den gongen Sylvi Listhaug skulda Knut Arild Hareide for å sleike imamar opp etter ryggen?

· Kor var Solvik-Olsen den gongen Sylvi Listhaug ville sette menneskerettane til side i behandlingen av asylsaker?

· Kor var Solvik-Olsen den gongen Sylvi Listhaug gav full støtte til politiet etter at dei knuste ruter for å hente ut ein afghansk familie i kyrkjeasyl i eit bedehus i februar?

· Kor var Solvik-Olsen den gongen Sylvi Listhaug la ut ein post på Facebook om Arbeidarpartiet og 22. juli, og som førte til at Listhaug måtte gå av, og deretter kalla Knut Arild Hareide for ein mann totalt utan ryggrad?

les også

Hareides vrengebilder

Uansett kva ein meiner om KrFs vegval, er det nokså påfallande med Solvik-Olsen og alle Frp-arar som no skryt sånn at KrF og Frps samarbeid, at dei nesten kvar gong slike ting har skjedd, har vore heilt tause. Solvik-Olsen skuldar Knut Arild Hareide for å ha kunstig motstand mot eit karikert Frp.

Kritikken hans bommar fordi den sjølv er ein karikatur. Ein karikatur som verken svarar på eller forklarar kvifor Solvik-Olsen forhalt seg taus då KrF blei karikert og forklart som annanrangs.

RETTING: Siste punkt skal lyde: «Kor var Solvik-Olsen den gongen Sylvi Listhaug la ut ein post på Facebook om Arbeidarpartiet og 22. juli, og som førte til at Listhaug måtte gå av, og deretter kalla ho KrF for eit parti utan ryggrad?»

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder