GLAD I GRÅT: - Eg elskar å grine, skriver Jon Olav Sandal, plateaktuell i disse dager og vinner av NRKs Urørt.

GLAD I GRÅT: - Eg elskar å grine, skriver Jon Olav Sandal, plateaktuell i disse dager og vinner av NRKs Urørt. Foto: Ida Fiskaa

Debatt

NRK Urørt-vinner: - Kor mange gongar har du sett ein mann grine?

Kor mange gongar har du sett ein mann grine? Om du ser vekk frå gravlegging og sportslege hendingar trur eg ikkje det nummeret er så veldig høgt.

JON OLAV SANDAL, musiker og skribent.

I det siste har det vore skriverier om grining. Dette har inspirert meg til å slå eit slag for grining, med litt ekstra fokus på menn.

Eg elskar å grine. Men det kjennest av ein eller annan grunn litt feil at eg som mann skal grine.

Det er kanskje litt gamaldags og feil av meg å tenke det. Men det er likevel dette eg tenker.

les også

Urørt-vinneren ut mot Vassendgutanes MeToo-låt: - Flautt!

Av og til er det godt å grine. Eg, som forhåpentlegvis alle andre, har dagar der absolutt ingenting stemmer. Lite søvn, tomt for kaffi og kvar einaste oppgåve gjennom dagen blir møtt med motstand. Då kan det vere greitt å legge seg i senga, stire tomt ut og felle nokre tårer før ein svinn hen i søvnen og blir klar for ein ny og betre dag. Dette kan eg finne på å gjere ein sjeldan gong.

Men innst i hovudet ligg det samstundes ei kjensle av skam når eg gjer dette, og ofte stoppar eg meg sjølv i grininga. Eg tenker at det ikkje burde vere slik. Kvifor føler eg at det er feil av meg å grine?

Kor mange gongar har du sett ein mann grine? Om du ser vekk frå gravlegging og sportslege hendingar trur eg ikkje det nummeret er så veldig høgt. Eg kan kanskje telle på ei hand kor mange gongar eg har sett ein mann grine.

les også

Bussjåfør: – Heller middelmådig sofasliter enn sjuk og stressa

I barndomen derimot er det annleis. Der er det tillate å grine for alle og ein kvar. Det er faktisk ein av dei viktigaste kommunikasjonsmidla vi har når vi er heilt små. Så det skjer altså ein gong i oppveksten at vi lærer oss grining er ein uting, spesielt for menn.

Så er det dette med sport. Her har vi klart å lage ein fristad der det meste av følelsar er lov. Dette er vel og bra, men det er synd at når vi med ein gong kjem utanfor denne arenaen, så kjennest det mindre akseptert.

Det er vel litt rart at eg sjølv gir meg lov til å grine av ein fotballkamp, men ikkje av ein film eller ein song. Heller ikkje når eg er trist.

les også

Psykolog: Gå glipp av mer!

I mange tilfelle kan grining også fungere som eit verktøy for kjenslejustering. Kjenslejustering er igjen eit viktig verktøy for å vere eit balansert menneske.

Eg ønsker å vere eit balansert menneske, noko eg ikkje alltid nødvendigvis er. Eg undrar på om det kunne ha vore til hjelp om eg kunne grine litt meir. Det hadde i alle fall vore fint om det hadde kjennest akseptert for meg å teste ut grining i større grad enn eg gjer.

No skal eg ikkje fortelle at alle burde grine meir, for behovet for å grine er sjølvsagt heilt individuelt. Vi menneske er bygd slik at vi er forskjellige. Derfor må det også vere rom for å ha sin eigen måte å handtere det på. Men eg ønsker i det minste at det skal bli tillate å grine.

Eg trur både mitt eige, og andre sitt, ve og vel hadde hatt godt av det.

Dette debattinnlegget ble først publisert på nettavisen Framtida.no, og er gjengitt i VG med skribenten og avisens tillatelse.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder