ATOM-DEBATT: – Mi bekymring er at vi foreløpig veit lite om korleis eit kjernevåpenforbod vil forholde seg juridisk til ikkjespredningsavtalen, skriv kronikkforfattaren. Bilde frå militærparaden under 105-årsmarkeringa for Nord-Koreas «evige leder» Kim Il-Sung i Pyongyang.

ATOM-DEBATT: – Mi bekymring er at vi foreløpig veit lite om korleis eit kjernevåpenforbod vil forholde seg juridisk til ikkjespredningsavtalen, skriv kronikkforfattaren. Bilde frå militærparaden under 105-årsmarkeringa for Nord-Koreas «evige leder» Kim Il-Sung i Pyongyang. Foto: Ed Jones AFP

Makt, legitimitet og kjernevåpen

Kjølv Egelands og Torbjørn Graff Hugos svar til meg er eit dårlig utgangspunkt for ein konstruktiv debatt.

VG Debatt
ARTIKKELEN ER OVER TO ÅR GAMMEL

MÅLFRID BRAUT-HEGGHAMMER, Institutt for statsvitenskap, UiO

Den norske diskusjonen om eit kjernevåpenforbud har vore unyansert, skreiv eg i VG 29. mars. Svaret frå Kjølv Egeland og Torbjørn Graff Hugo tidlegare i denne veka er eit godt døme på det.

Målfrid Braut-Hegghammer. Foto: Institutt For Forsvarsstudier

Egeland og Graff Hugo imøtegår mine argument på følgande vis: 1) avvisning («[a] lle Braut-Hegghammers påstander er grunnløse »), 2) karakterisere mine synspunkt som kjensler (henholdsvis «omsorg» og «redsler»), 3) antyde at eg og andre som er skeptiske til dei utilsikta konsekvensane av eit kjernevåpenforbud bruker misvisande og tendensiøse fakta.

Egeland og Graff Hugo nøyer seg ikkje med å avfeie synspunkt presentert i min kronikk. Dei omtaler den amerikanske eksperten Jeffrey Lewis som ein «kjent motstander av forbudsprosessen», og skriv at han ikkje kan ha fulgt med i forhandlingane heimefra. Ein slik karakteristikk av Lewis – grunnleggar av den fremste nettstaden om kjernevåpen (Arms Control Wonk) og tidligare forskningsleder på Harvard - er merkeleg. Det Lewis faktisk skriv i teksten dei viser til er at USA burde delta i forhandlingane. Forfattarane meiner vel heller ikkje at det er forbeholdt deltakarane i forhandlingsprosessen å ha synspunkt på korleis denne blir oppfatta av aktørar utanfor forhandlingane?

Dette er eit dårlig utgangspunkt for ein konstruktiv debatt. Eg vil likevel forsøke å svare på kritikken fra Egeland og Graff Hugo.

Les også: Forsker om Nord-Korea: Jobber med våpen som er ti til 100 ganger kraftigere enn Nagasaki-bomben

Kort oppsummert handler teksten deira om dei gode hensiktene som ligg bak arbeidet for eit kjernevåpenforbud, medan mitt originale innlegg handla om kva slags konsekvensar eit slikt forbod i verste fall kan få for regimet mot spredning av kjernevåpen. Egeland og Graff Hugo skriv: «Vi tror det er svært usannsynlig at Sverige og co har som mål å uthule ikkespredningsregimet, slik Braut-Hegghammer antyder.» Det hadde verkeleg vore overraskande om landa som ynskjer eit forbod mot kjernevåpen hadde det som mål. Mitt innlegg antyda heller ikkje dette. Mi bekymring er at vi foreløpig veit lite om korleis eit kjernevåpenforbod vil forholde seg juridisk til ikkjespredningsavtalen.

Få flere kronikker og kommentarer: Følg VG Meninger på Facebook!

Egeland og Graff Hugo avviser også mitt argument om at forhandlingane kan bidra til å skape splid i det internasjonale samfunnet. Dette er imidlertid noko som bør tas på alvor.

La oss ta USA som eksempel. Forskaren Matthew Harries skriv at forbudstraktaten kan oppfattast som eit angrep på amerikanske interesser. Dersom USA sine allierte i Asia eller Europa skriv under på eit forbod, vil ikkje USA lenger kunne forsvare dei med sine kjernevåpen. Det vil gagne land som Russland, som ynskjer ein splitta NATO-allianse, og svekke USA. Dersom forhandlingane om eit forbod bidrar til å forsterke USA sine isolasjonistiske tendensar er dette problematisk, også for ikkjespredning. USA er ein nøkkelspelar i dette regimet, også for det internasjonale atomenergibyrået (IAEA).

Egeland og Graff Hugo skriv at arbeidet mot spredning av kjernevåpen handler vel så mykje om legitimitet som om makt. I praksis handlar det om begge deler. Det bør den norske diskusjonen om eit kjernevåpenforbud også reflektere.

Avslutningsvis skriv Egeland og Graff Hugo at strutsemetoden ikkje er ein god taktikk i det lange løp. Der er vi samde. Faren for kjernevåpenkrig aukar i Nord-Korea og mellom atommaktene India og Pakistan. Nett difor er det viktig at det internasjonale samfunnet står samla. Den neste forhandlingsrunden om eit kjernevåpenforbod som starter i juni blir ein viktig indikator.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder