BUSSJÅFØR: - Er du sliten, ensom og utbrent er mitt beste råd: rydd plass på kalenderen din, skriver Trond Egil Aarflot.

Debatt

Bussjåfør: – Heller middelmådig sofasliter enn sjuk og stressa

Eg er ein middelmådig bussjåfør som ikkje fyller kalenderen min med timer på treningssenter 3-4 ganger i uka og kulturarrangementer og fester kvar helg. Mange vil nok tru at eg er ein gruelig kjedelig person. Men eg har kommet fram til at livet som «middelmådig sofasliter» er mykje bedre enn å stresse seg sjuk!

ARTIKKELEN ER OVER ETT ÅR GAMMEL

TROND EGIL AARFLOT, bussjåfør.

«Hvorfor er vi så slitne?», spurte Kathrine Vigdel i ein tekst her ein dag. Det fekk meg til å tenke. Eg veit at mange nok vil vurdere meg til å være ein fyr som har slått seg til ro med eit middelmådig liv. Erfaring og observasjoner tilsier at holdningene er der ute.

les også

Hvorfor er hverdagen så slitsom?

Eg valgte bort overfylte kalenderar etter eit samlivsbrudd for snart to år sida. Då hadde også eg full kalender og var slave av krav og forventninger eg ikkje makta å innfri. Energien forsvant til et vakuum. Det samme gjorde egentlig både sjølvtillita og sjølvbilde også. Tida eg frigjorde, trengte eg til å finne att meg sjølv, og konkluderte med at einaste måten var å gi meg sjølv tid til å finne roa med tankane mine. Det hjelp ikkje å rømme unna tunge tanker.

BAK RATTET: - Eg har heller ikkje lenger behov for å være festens midtpunkt.

Dei må bearbeides. Dei er tunge å bære, og jo lenger tid ein bruker på å fylle livet sitt med aktivitet så ein ikkje rekk å kjenne på ting som er vanskelig, jo tyngre blir det.

Eg veit ikkje kvifor mange har det behovet Kathrine Vigdel skreiv om i sitt debattinnlegg. Kvifor fyller folk kalenderen sin så full at de ikkje har tid til å kjenne etter at de lever? En teori kan vel være det eg nevnte overfor? Eller kan det være at folk prøver å kompensere for et lavt sjølvbilde? Kven er det en prøver å imponere med å stresse seg sjuk?

Fortsatt er eg ungkar, i ein alder på 37 år. Eg har forsøkt å date. Da har eg ofte fått de vanlige spørsmåla om kva slags yrke eg har, kva eg gjer på fritida, og kva slags visjoner eg har for framtida, gjerne med litt høge forventninger. Og når eg har presentert min kalender og mine gjeremål, har eg gjerne blitt møtt med holdninger som tilsa at eg skulle være en middelmådig sofasliter.

les også

Psykolog: Gå glipp av mer!

les også

Ja til posesuppe!

For i dagens samfunn blir ein visst ofte målt etter kor framgangsrik du er, kor høg status du har, intellekt, og kor store framtidsvisjoner du har. Og så lenge holdningene der ute er slik, kan eg godt fortsette å være ungkar.

For å stresse meg sjuk, er ikkje lenger min greie. Når sant skal seiast, så er eg ingen sofasliter. Eg går til og frå jobb nesten kvar dag. Siste tida har eg gått i gjennomsnitt åtte mil i uka. I helga går eg gjerne tur ut i naturen.

Eg synger også i eit kor som heiter Totentoner. Stort sett kvar dag tek meg tid til å ete ein god sjølvlaga middag. Og stort sett har eg alltid tid til å ta ein kaffekopp, med venner, når dei måtte ha tid til meg. Kanskje er eg middelmådig. Men eg slepp å stresse meg sjuk. Ikkje har eg behov for å bli sett opp til som superkulturell, superintellektuell, en person av høg status, og eg har heller ikkje lenger behov for å være festens midtpunkt.

les også

Brev til karrieremammaer

Eg har innsett at det faktisk er heilt greitt å feile i livet, det er lov å ikkje strekke til, det er lov å dumme seg ut, og det er heilt greit å være middelmådig. Eg har gitt opp å imponere så veldig mange andre enn meg sjølv.

For den tida eg var med på det sirkuset, der eg skulle imponere alle rundt meg, så var eg også sliten, tom for energi og ulykkelig. Etter eg meldte meg ut frå sirkuset rundt statusjag, fulle kalendere og høgtsvevande visjoner, då har eg faktisk klart å senke skuldrene. Eg er bra nok som eg er, ganske enkelt fordi eg har valgt at det er berre meg sjølv eg har behov for å imponere.

Familien min og dei nære venner er glad i meg for den eg er. Og det er nok for meg. No meiner ikkje eg at en ikkje skal drive med organiserte aktiviteter på fritida, og slutte å utfordre seg sjølv. Men når kalenderen med organiserte fritidsaktiviteter blir så full, at du går rundt og er konstant sliten.

Til tider så sliten at du må ta ut en tredagers eller ei sjukmelding fordi du ikkje orker å gå på jobb. Når du ikkje har tid til å den lange og gode samtalen med dine næraste. Viss din største frykt har blitt stillhet og alenetid. Er det ikkje då på tide å ta eit steg tilbake? Sjekke kva slags aktiviteter som berre blir eit ork? Ta seg tid til å trekke pusten og kjenne haustlufta fylle lungene?

Så til slutt: Er du sliten, ensom og utbrent er mitt beste råd: Rydd plass på kalenderen din. Våg å ta deg tid til å kjenne at du lever. Tillat deg sjølv å puste ut og skaff nokre nye perspektiver på livet. Status og anerkjennelse er ikkje alt her i livet. Prioriter først deg sjølv, så familien, så de nære venner. Så får overskuddet ditt bestemme resten.

Husk at du er bra nok, akkurat slik du er, uansett. Om du stresser deg sjuk, så er er det ikkje et nederlag å trappe ned på antall ting du fyller kalenderen med. Det er lov å sette ei grense for kva ein orker å være med på.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder