STOGGE ÅTAK: – Ein kan ikkje nytta høvet til å jamna fienden med jorda om fienden har skote med pil og boge. Men det tyder altso ikkje at det er i strid med folkeretten om ein gjer det ein må for å stogga eit åtak. skriv kronikkforfattaren. I eit bombeåtak førre veke vart 17 medlemar av same familie drepne da israelske fly bomba eit område aust på Gaza-stripa. Foto:Harald Henden,VG

Debatt

Lekmenn i folkerett

Det er ikkje greitt å gå til åtak på sivile. Men at
sivile døyr, er i seg sjølv ikkje eit brot på folkeretten.
Proporsjonalitetskriteriet seier ikkje at ein skal
svara heimelaga rakettar med heimelaga rakettar.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til VG her.

Artikkelen er over seks år gammel

Therese Sollien , journalist i Dag og Tid og og ph.d-student i internasjonale relasjonar ved Florida International University.

Atter ein gong er det krig på Gaza. Då kan ein vera trygg på at alle brått vert ekspertar i internasjonal politikk generelt og på Midtausten spesielt. Denne gongen har dei vorte ekspertar i folkerett òg.

Anten dei meiner å forsvara handlingane til Israel eller å fordøma dei, seier dei sjølvutnemnde ekspertane at proporsjonalitet handlar om å svara på eit åtak med like middel som dei som vart nytta i åtaket. Slik er det ikkje.

Denne teksta er korkje eit forsvar for eller ei fordøming av handlingane til Israel. Ho er ein freistnad på å klårgjera omgrepa vi nyttar til å diskutera saka. For om vi ikkje veit kva desse omgrepa tyder, vert sjølve debatten meiningslaus.

Folkeretten

Fyrst: Kva er folkeretten? Sidan det ikkje finst noko overnasjonalt organ som regulerer korleis suverene statar fer fram andsynes kvarandre, er det opp til desse suverene statane å gjera slike tingingar på eiga hand. Slike tingingar er det ein kallar konvensjonar og traktatar.

Therese Sollien, journalist og ph.d-student Foto: ,

Heilt sidan freden i Westfalen i 1648 har det vore semje i verda om at statar gjer kva dei vil innanfor sitt territorium, og om at det ikkje finst noko eksternt organ som kan diktera interne tilhøve eller avgjera korleis andre statar skal bera seg åt. Det er opp til dei sjølvstendige statane kva traktatar dei vil skriva under på.

Statar kjem med framlegg til ei traktattekst, dinest kan statar friviljug slutta seg til traktaten. Det er det ein kallar ratifisering.

Eit artig døme på slike tingingar er Wien-konvensjonen om traktatretten. Han vart vedteken i Wien 22. mai 1969 og seier at statar har rett til å gjera traktatar. Med andre ord: Wien-konvensjonen om traktatretten regulerer folkeretten av di folkeretten er samlinga av dei traktatar og internasjonale tingingar som har vorte gjorde av statane i verda.

So til det artige: Noreg har aldri ratifisert Wien-konvensjonen om traktatretten. I prinsippet er Noreg difor ikkje bunde av folkeretten. Har det noko å seia? Nei, sjølvsagt har det ikkje det.

Folkerett har vèl so mykje å gjera med sedvane som med kva traktatar statane har ratifisert.

Proporsjonalitetskriteriet

Og so var det proporsjonalitetskriteriet. For det fyrste seier proporsjonalitetskriteriet i folkeretten ikkje at ein lyt nytta heimelaga rakettar om nokon går til åtak på ein med heimelaga rakettar. Det seier heller ikkje at det må vera eit likt tal drepne på kvar side i ein konflikt. Nett kva seier det, då?

Det seier at makta ein nyttar i sjølvforsvar mot eit åtak ikkje kan vera mykje kraftigare enn sjølve åtaket, og føremålet må vera å stogga åtaket. Slik er ordlyden til Dei sameintenasjonane (SN): «Det landet som blir angrepet, kan bare bruke de mottiltakene som er nødvendige for å stanse angrepet.»

Med andre ord kan ein ikkje nytta høvet til å jamna fienden med jorda om fienden har skote med pil og boge. Men det tyder altso ikkje at det er i strid med folkeretten om ein gjer det ein må for å stogga eit åtak.

Å føra lågintensitetskrig over lang tid er truleg heller ikkje noko mange vil meina er ein human strategi. Nett kor mykje makt som skal til for å stogga eit åtak, er ikkje lett å avgjera på førehand.

Var atombombene «Little Boy» og «Fat Man» naudsynte for å stogga japanarane i 1945? Det er ikkje godt å seia.

Sivile offer

Proporsjonalitet handlar òg om at sivile offer og øydeleggjing av infrastruktur berre kan rettferdiggjerast i samband med det primære målet og den militæret føremonen ein når gjennom åtaket.

I addendumet frå 1977 til Genèvekonvensjonane (artikkel 57.2b) står det at ein ikkje kan gå til åtak som skader og drep sivile i ein slik grad at det ikkje står i høve til «den konkrete og direkte militære føremonen ein ventar å nå gjennom åtaket» («which would be excessive in relation to the concrete and direct military advantage anticipated»).

Det finst ikkje noka mogeleg verd der det er greitt å gå til åtak på sivile, men at sivile døyr, skjer i alle krigar. At sivile døyr, er i seg sjølv ikkje eit brot på folkeretten, og at fleire sivile døyr på den eine sida enn den andre sida, treng ikkje å vera i strid med proporsjonalitetskriteriet.

Krigen er stygg, og folkeretten er ein freistnad på å gjera han litt mindre stygg. Men den viktigaste oppgåva for manneætta er å syta for at det ikkje bryt ut krig i utgangspunktet.

Mer om

  1. Gaza
  2. Midtøsten

Flere artikler

  1. Kronikk: Ein jødisk kanarifugl

  2. Samane er blitt «dei andre»

  3. Kva er ein god far?

  4. Selskapet fekk 25.000 kroner i døgnet for å passe på Christer (37). Så forsvant han.

  5. Øver på klodens farligste stoffer på den kanadiske prærien

  6. – Vi må skille mellom mobbing og kritikk

Fra andre aviser

  1. Innan du les denne teksten,har dødstala i Gaza stige igjen

    Bergens Tidende
  2. Det største talet er kostnadane ved å ikkje gjere noko

    Aftenposten
  3. Om menneskerettar, ytringsfridom og likehandsaming for lova

    Fædrelandsvennen
  4. Straffefridom fører til meir konflikt

    Bergens Tidende
  5. – Kjenner meg tryggare her enn i Bergen

    Bergens Tidende
  6. Venstresidas liberale stråmenn

    Bergens Tidende

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder