STRESSA2019: – Sjølv om dei klokkeklara tala glimrar med sitt fråvær er det jo ingen tvil om at stress er eit samfunnsproblem, skriver Anne Gunn Halvorsen.

STRESSA2019: – Sjølv om dei klokkeklara tala glimrar med sitt fråvær er det jo ingen tvil om at stress er eit samfunnsproblem, skriver Anne Gunn Halvorsen. Foto: Kristin Svanaes-Soot

Debatt

#Stressa2019: – Tre brannfaklar til grillfesten

Det Madeleine Strand kan snakke om i stadanfor Sprett-yoghurt.

ANNE GUNN HALVORSEN, journalist og forfattar av boka «Stress og korleis leve med det».

Madeleine Strand skriv at ho vaknar om natta fordi ho har gløymt å kjøpe inn Sprett-yoghurt til matboksane. Kamille-redaktøren har skulka jobben på grunn av stress,  men vil ha seg fråbedt gode råd om Toro kakemiks og ”å slappe litt av”. Løysinga meiner ho, er å ha snakke om stress og at me tar dette kvardagskavet alvorleg.

 Så la oss gjere nettopp det.

 Først dette med alvor. Det er ein grunn til at det er så lett å føyse stress ut av samfunnsdebatten og tilbake i kvar einskild heim. Det verste med langvarig negativt stress er ikkje alt det fæle det gjer med kroppane, ekteskapa og hovuda våre. Det verste er at det ikkje fins gode tal for det. Me veit ikkje kva stress kostar oss. Me veit heller ikkje kor mange som vert sjuke av det.

Og favorittspørsmålet frå folk når eg held foredrag om stress: ”Er det eigentleg meir stress enn før?” Nei, det har me heller ikkje noko godt svar på.

les også

#Stressa2019: – Jeg har skulket jobben. Og det må vi snakke litt om.

  I mangel av gode tal er me prisgitt personlege historier. Så difor, halleluja og velkommen Madeleine Strand! Du stiller deg lagleg til for hogg, men jo fleire me er, jo meir plass tar me i synsfeltet til dei som bestemmer. Dessutan lever me i ei tid der personlege vitnesbyrd faktisk har vist seg å vere nok for å generere endring. Sjølv når det kjem frå kvinner!

 Så la oss snakke. Sjølv om dei klokkeklara tala glimrar med sitt fråvær er det jo ingen tvil om at stress er eit samfunnsproblem. Du ser det om du vil. Det heiter kanskje sjukefråver grunna muskel- og skjelettplager. Det heiter skulk. Skilsmisse. Depresjon. Sure damer. Kjipe menn. Psykisk sjuke ungdom. 

Eg veit at politikarane har sommarferie, og som forfattar av bok om stressmeistring veit eg betre enn å oppmode folk til å avbryte sommarferien.  Men, alle oss andre kan jo samlast over grillen og snakke om stress. 

 Og snakke betre om stress.

les også

#Stressa2019: – Skal arbeidsgiver betale for kvinners stress på hjemmebane?

No må me la Sprett-yoghurten ligge (berre ikkje i skulesekken, over ferien). Både eg og Strand veit jo at den korkje er løysinga eller problemet. Etter eg i fjor reiste rundt i Noreg og intervjua folk om stress og korleis dei har blitt både sjuke og friske frå det, er det særleg desse tre spørsmåla eg foreslår at me pratar meir om. 

 Me går rett på brannfakkel nummer ein. Kast den på grillen og sjå kva som skjer.

les også

#Stressa2019: – Det handler ikke om Fjordland eller posesupper!

Arbeidslinja, eit oppskrytt prosjekt? Dette med to utarbeidande foreldre, ungar og barnehage og skule. Fungerer det, sånn eigentleg? Kor er det blitt av reisevegen, husarbeidet, sjukdommen i det fine reknestykket som skal sikre oss alle pensjon og fulle arbeidsdagar? Sjølv om husarbeidet har blitt forenkla og fjerna frå alle politiske program betyr det ikkje at det ikkje er der.

For par med barn mellom 0 – 6 år tar hushaldsarbeidet  i snitt over fem timar kvar dag, ifølge SSB. Er det i det heile tatt mogleg å få til dette utan å vere velsigna med kjøpehjelp, besteforeldre og/ eller jernhelse?

Dei fire av ti kvinnene som arbeider deltid, er dei økonomisk tilbakestaånde eller eit symptom på at det ikkje er så forferdeleg kvinnevennleg likevel, dette systemet her? NB! FORSIKTIG STOR BRANNFARE! Faren for å sjølvantenne er stor. Plutseleg vil du reversere likestilling, blir blind for klasseproblematikk (”kan ikkje alle jobbe mindre?”) og slumper til å  bere brensel til ulike verdiparti som du kanskje ikkje støttar i det heile tatt. Kanskje er det difor dette har vore snakka så altfor, altfor lite om. No er det dags!

les også

KRONIKK LØRDAG 29: – Kan vi ikke bare være hverdagsmennesker?

Mannen, løysinga eller problemet? No kan du kome ut frå kjøkkenet der du har rydda, kutta salat, dekka på og jobba medan mannen din har stått ute i sola og sakte snudd kotelettene i ein time. Du kan rope: MANNEN MÅ PÅ BANEN. Eller, du kan ta den andre sida. Peike på grillkongen og seie: Han er her allereie. Han er berre på bortebane.

Menn (lønns)arbeider mykje meir enn kvinnene i dei typiske småbarnsåra. I parforhold med større barn har mann og kvinne like mykje (eller lite) fritid. Løysinga for slitne kvinner ligg neppe i å gjere mannen til ei sliten kone. For all del: Kom gjerne inn og hjelp til på kjøkkenet, de gjer framleis minst ein klokketime mindre husarbeid enn oss kvinner kvar einaste dag, men kampen står ikkje mellom meg og mannen min. Den er mellom oss og systemet.

les også

Boktips til ferien: 10 perfekte sommerbøker!

Bør me bli litt betre kjent? Det har skjedd store rørsler i Norge dei siste tiåra. Dei fleste har nærast umerkeleg skrudd det til for kjernefamilien. For fyrste gong i historia bur no ein tredjedel av alle 30-39-åringar i Oslo-regionen.

Mange av oss har flytta frå storfamilien, me føder barn seinare og blir foreldra midt i karriera, utan besteforeldre og slekt i nærleiken. Stress er ein reaksjon på fare, og klart det er skummelt å heile tida kjenne på at ein er aleine. 

Difor må me no  på tampen av festen lene oss mot kvarandre. Skulle me blitt litt betre kjent? To vaksne er altfor lite i kvar eining. Me må dele på ressursane. Hent naboens barn kvar måndag, dei hentar onsdag. Vel fritidsaktiviteter der du kan samkjøre. Bytte barnevakt kvar onsdag? Spør om hjelp og gi hjelp. I den rekkefølgja. Å kjempe aleine er aldri smart korkje i krig eller kvardag.

God stressfest!

-----

( Tala frå tidsbruk er frå 2010, og henta frå SSB-rapporten Tidene skifter, tidsbruk 19709- 2010. )

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder