SAMMEN MOT DIKTATURET: – Det som skjer i Kviterussland i dag er grusomt, men reaksjonane på hendingane viser også at det er mogleg å mobilisere det internasjonale samfunnet mot openberre, massive overgrep, skriv kronikkforfattaren. Foto: STR / EPA

Debatt

Straff til dei som fortener det

Dei ansvarlege for torturen i Kviterussland må straffast. Altfor ofte slepp overgriparane unna. Ikkje la det skje denne gongen!

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til VG her.

LENE WETTELAND, leiar av Russland-avdelinga, Den norske Helsingforskomité

Den siste veka er fleire tusen aktivistar torturerte i Kviterussland. Dei skuldige vil ikkje bli etterforska før Lukasjenko-regimet fell. Likevel finst det måtar å straffe dei som fortener det uansett kva utfallet blir av protestane i Kviterussland.    

Etter det systematiske jukset under presidentvalet 9.august har fleire hundre tusen kviterussarar tatt til gatene i protest og streik for første gong i eit slikt omfang. Den sitjande presidenten Lukasjenko reagerte med den metoden han har perfeksjonert over 26 år ved makta; massearrestasjonar, grov vald, systematisk tortur og press.   

Lene Wetteland. Foto: NHC

les også

Ukraina oppfordrer Hviterussland til omvalg: «Vær så snill, velg den dere ønsker»

Kjend som «Europas siste diktator» er det allereie fleire europeiske leiarar som har reagert mot Lukasjenko, og prøver leggje press på han til å trekkje seg og utlyse nyval. I forhandlingar med Russlands president Putin ser det ut til at han har lova hjelp, men at denne vil kome som PR-rådgjeving og vern i Moskva heller enn militær innblanding. Og i Moskva vil Lukasjenko kunne leva ganske greitt saman med andre diktatorar i regionen som er tvungne til å gå av med mykje blod på hendene.

Kviterussland er ikkje den einaste staden der overgriparar går fri. Azimjan Askarov (69) var ein av Kirgisistans mest respekterte menneskerettsforsvararar og forsvarte offer for politivald og tortur sør i landet fram til han nyleg døydde i fengsel. Sidan juni 2010 har han vore urettmessig fengsla for eit drap han ikkje hadde begått, og skulda for å oppmode til etnisk uro når han var ein av få som hjelpte både kirgisarar og usbekarar.

Askarov blei torturert, mens advokaten og familiemedlemmer blei banka opp og nekta behandling på sjukehuset i byen. Etter ein urettferdig rettssak blei han dømt til livstid i fengsel, noko som gjekk hardt ut over helsa. Dei som stod bak den grufulle behandlinga av han og hans næraste held fram med å gjere det same mot andre aktivistar og journalistar i det sentralasiatiske landet.   

les også

Siste vers for Europas siste diktator? 

Men slik treng det ikkje vera. Fleire land har nemleg gjort det mogleg å hindre dei som er skuldige i denne type drap, systematisk tortur og alvorleg korrupsjon i å få innreise eller få tilgang til dei pengane dei har gøymd unna på utanlandske bankkontoar. Slike sanksjonar er sjølvsagt langt frå så smertefulle som å døy sakte i eit fengsel dømt for noko du ikkje har gjort eller bli torturert fordi du har delteke på ein demonstrasjon. Men dei treffer dei som kynisk står bak fengsling, tortur og trakassering mens dei sjølv nyt straffefridom og luksus der dei kjenner det best.

Noreg har så langt følgt EU si sanksjonslinje mellom anna mot russiske statstenestemenn etter okkupasjonen av Krim, og deltek i utarbeidinga av sanksjonar mot Lukasjenko. Men den norske regjeringa har også lova i Granavolden-erklæringa at dei skal bidra til utvikling av eit sanksjonsregime mot personar for grove brot på menneskerettane som del av ei brei felleseuropeisk løysing. Me er fleire som ventar spent på at dei skal halde lovnaden og gjerne ta ei leiande rolle i denne prosessen.

Canada, USA og dei baltiske landa har allereie slik nasjonal lovgjeving, og det er også noko Noreg kunne innføre på eiga hand som eit godt døme. Litauen har allereie kome lenger enn dei andre i å innføre innreiseforbod mot Lukasjenko og 31 av hans kollegar fordi lovverket allereie er på plass.   

Det er dessverre nok av saker å ta av, og me har inga tid å miste. Me får ikkje tilbake nokre av dei modige aktivistane som er døde eller skada for livet, men me kan vise respekt til dei pårørande, støtte prosessar som er i gang, straffe dei som står bak og forhindre at uretten skjer mot andre.

Det som skjer i Kviterussland i dag er grusomt, men reaksjonane på hendingane viser også at det er mogleg å mobilisere det internasjonale samfunnet mot openberre, massive overgrep. Det burde også vera mogleg i dei mindre synlege sakene.

Regjeringa kan gjerne begynne med dei som med målretta årelange overgrep på Azimjan Askarov sitt menneskeverd og menneskerettar sytte for at han aldri meir skal få sjå barnebarna som han var så glad i. Hans kollegar let seg ikkje skremme og er allereie i gong med å samle den dokumentasjonen som trengst. Det minste me kan gjere er å leggje til rette for å raskt innføre sanksjonar når den ligg føre.  

Utan å straffe dei som fortener det, risikerer vi at fleire aktivistar blir arresterte, torturerte og til og med døyr – slik Askarov og minst fire aktivistar i Kviterussland har gjort. Vi risikerer at dei som torturerer, bidrar til overgrep og utfører undertrykkinga får herje fritt. Det er ikkje rettferdig. Straff til dei som fortener det, er rettferdig.

Les også

  1. Redselsnetter i hviterussisk fengsel: – Det sto om livet

    Svetlana Sugako forteller VG om redselsdøgn i Lukasjenko-regimets fengsler: – Det var et helvete, sier 35-åringen som…

Mer om

  1. Hviterussland
  2. Protest
  3. Korrupsjon
  4. Overgrep
  5. Tortur

Flere artikler

  1. «Kvifor er du med i Venstre, eigentleg?»

  2. FN om Hviterussland: 450 torturert av politiet

  3. Putins mareritt

  4. Siste vers for Europas siste diktator? 

  5. Skjebnedager i Minsk

Fra andre aviser

  1. Noreg må halde oppe presset mot Kviterussland

    Bergens Tidende
  2. Debatt: – Torturen i Kviterussland må få konsekvensar!

    Bergens Tidende
  3. EU vil straffe hvite­russiske styresmakter for vold og valgjuks

    Bergens Tidende
  4. Russland angreip Noreg, seier UD. Ikkje med missil, men med datakraft. Slik kan Noreg reagere.

    Bergens Tidende
  5. – Det er ni år sidan 22. juli. Fortsatt trur vi for godt om vår eigen antirasisme.

    Bergens Tidende
  6. Derfor er det opprør i Hviterussland: Her er dokumentene lederen ikke vil at verden skal se. Det betaler noen en høy pris for.

    Aftenposten

VG Rabattkoder

Et kommersielt samarbeid med kickback.no