VIL HA SVAR: – Eg ventar på svar, Jon Georg Dale. Eg har venta i mange månader, skriv bussjåfør Morten Storøy. Foto: PRIVAT

Debatt

Kabotasje, sosial dumping og tafatte politikarar

Våre folkevalde bør opne augene og sjå kva som skjer med yrket mitt.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til VG her.

MORTEN STORØY, turbussjåfør

Eg har eit flott yrke. Eg er turbussjåfør. Men dette yrke har ei bakside. Ingen i maktposisjonar gjer noko som helst for at vi skal ha verken yrket, eller turbussnæringa i Noreg i framtida. Dei har siste åra lagt meir tilrette for utanlandske aktørar enn for norske.

Eg har i fleire år sett at det kjem fleire og fleire utanlandske turbussar, som køyrer i Noreg (såkalla kabotasje). Desse utanlandske bussane kjem i hovudsak frå Polen og Litauen, men også frå Estland, Ungarn og fleire austeuropeiske land.

Vi har ei regelverk for kabotasjekøyring med buss i Norge. Regelverket fortel at ein utanlandsk buss kan ta på seg oppdrag, og køyre innad i Norge midlertidig. Kva er definisjonen på midlertidig? Det er det ingen som veit, så det har blitt tolka til permanent. Danmark (EU-landet Danmark) har det som i Noreg. Forskjela her er at i Danmark er politakarane tøffe, og tør å faktisk gjere noko med det. Dei har definert midlertidig. No er midlertidig i Danmark sju dagar i månaden. Eg veit at våre politikarar ikkje er like tøffe, men håpar dei kan motbevise meg.

Her bør våre folkevalde opne augene og sjå kva som skjer.

les også

Full vogntogkrangel mellom Ap og Frp

Vi har ein aukande turisme i Noreg. Når turismen aukar, er det vanleg at alt innan turistindustrien aukar i lik takt. Det gjer det aller meste, bortsett frå turbussbransjen. Auka som norske turbusselskap skulle hatt, har blitt ei auke blant austeuropeiske busselskap.

Eg har bestemt meg for å fylgje opp dette med politikarane våre. Det er lettare sagt enn gjort. Politikarar som er valgt av det norske folk, trudde eg eigentleg jobbar for det norske folk. Men eg veit eigentleg ikkje som dei jobbar så mykje i det heile.

Departementet som har ein del dei skulla sagt innanfor mi problemstilling, er
Samferdselsdepartementet. Eg veit ikkje kor mange som jobbar i det departementet, men går ut i frå det ikkje er så mange. Dei er i alle fall ikkje mange nok til å svare på min henvendelse.

Det begynte tidleg i sommar, då eg sende min fyrste mail til departementet. Fleire veker gjekk, utan noko svar. Då tenkte eg, at eg kanskje kunne sende mail til medlemmane i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget. Av 15 medlemmar, fekk eg to svar. Begge var sjølvsagt einige med meg. Noko må bli gjort.

Meir tid gjekk utan noko svar frå Samferdselsdepartementet. Då skreiv eg eit innlegg i lokalavisa i Volda (lokalavisa til samferdelsminister Dale). Hadde eit håp om at han kanskje las den, og ville ta kontakt. Det gjorde han ikkje.
Eg skreiv ein ny mail til Samferdselsdepartementet. Denne gongen ein mail med ein noko «mygla» tone.

Ei stund etter dette, fekk eg ein telefon. Det var ein statssekretær. Han hadde fått i oppgåve frå Dale om å ringe meg. Vi hadde ein samtale på ca. 15 minutt. Han var også einig med meg, noko må bli gjort. Men han meinte at Arbeids- og sosialdepartementet måtte på bana, når vi snakka om sosial dumping.

Eit kvarter etter samtalen med statsekretæren i Samferdselsdepartementet, var mail til Arbeids- og sosialdepartementet sendt. Eit par dagar etter mailen var sendt, ringde det ein kar frå Arbeids- og Sosialdepartementet. Han ynskja å invitere meg på eit møte i Oslo. Eg takka sjølvsagt ja.

På møtet i Oslo var der ein statsekretær, hennar sekretær og eg. Dei lytta og noterte det eg hadde å fortelje.

les også

Tvangsarbeid skjer i Noreg

Noko godt kom ut av møtet, då eg nokre månadar seinare kunne lese at Arbeids- og sosialministeren ynskjer å gi Statens Vegvesen myndigheit til å skjekke lønns- og arbeidsvilkår til sjåførar ute på vegen. Dette syns eg er eit steg i rett retning. Men der er mange steg å gå enda.

No er vinteren komen. Det minkar på turistar i sør-Noreg, og dei utanlandske turbussane er ikkje like synlege. Men vi har av dei enda. Mange har berre forflytta seg nordover. Mange står parkerte på Gardermoen i påvente av oppdrag. Det vil sei, at mange av desse utanlandske turbussane forlet
aldri Noreg. Klarar du å forstå, Dale, kor forferdeleg gale dette er?

Eg las ei gamal (frå 2014) sak frå NRK.no tidleg i oktober. Det var ei sak frå då Bård Hoksrud var statsekretær i Samferdselsdepartementet. Han hadde hatt eit møte med den norske turbussbransje. I det møte vart dei einige om 14 punkt som skulle ordnast, for å gjere det lettare for norske selskap å konkurrere med dei austeuropeiske aktørane.

Det sto ingenting om kva desse punkta var, men ein ting er sikkert, ingenting har hendt.

Då bestemte eg meg for å sende ein mail til Bård Hoksrud, og Samferdselsdepartementet. Den sit eg fortsatt å ventar på svar frå.

Eg ventar på svar, Jon Georg Dale. Eg har venta i mange månader. Klarar du å prate om noko anna enn nye vegar og bompengar? Eg ynskjer eit møte med deg. Eit møte for å snakke for ei heil næring, som du ikkje har gjort noko som helst bra for i di tid på Stortinget!

Les også

  1. På tide med en storrengjøring i arbeidslivet

    Utfordringene i norsk arbeidsliv er reelle, men det er regjeringen Solberg som må sies opp, ikke EØS-avtalen.

Mer om

  1. Samferdselsdepartementet
  2. Buss
  3. Jon Georg Dale
  4. Transport
  5. EU

Flere artikler

  1. Ja til kriselov, men bruk mer tid

  2. Kampen for togtilværelsen

  3. Nå vil Skottland kreve selvstendighet

  4. EU pådriver for klima

  5. Oslo kommune kan vise vei i folkeretten

Fra andre aviser

  1. Flyktningane fortener ein trygg stad å vere

    Aftenposten
  2. Kva har ein ulovleg dyremarknad i ein ukjend kinesisk storby med oss å gjere? Alt.

    Aftenposten
  3. Støres handlingsrom

    Bergens Tidende
  4. John Erik forsvant fra moren for 32 år siden. Her møtes de igjen.

    Aftenposten
  5. Eg er ung nynorskjournalist i 2019. Er eg utryddingstrua?

    Aftenposten
  6. Frp har bygd eit friare samfunn – lakrispipe for lakrispipe

    Bergens Tidende

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder