SVARER: – I store deler av debatten om seksårsreforma ser ein ut til å ha gløymt at reforma også seier at elevane skal lære noko dette første året, skriver Uppstad og Walgermo.

Debatt

Kvifor leikar dei ikkje?

I ei spørjeundersøking gjennomført av Respons analyse rapporterer 8 av 10 lærarar i første klasse at skuledagen er for teoretisk. I media er dette framført som at sjølv dei som er tettast på førsteklassingane - lærarane - meiner at skulen ikkje er tilpassa 5- og 6-åringar, med for lite leik og for mykje drill.

PER HENNING UPPSTAD og BENTE RIGMOR WALGERMO, Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforskning.

Men her evaluerer lærarane noko som dei sjølve har større innverknad på enn mange andre. Såleis melder spørsmålet seg om kva lærarane sjølv kan gjere for at skulekvardagen skal opplevast mindre teoritung for dei yngste elevane.

les også

Jo, norske elever er blitt flinkere

Med reform 97 kom førskulelærarane inn i skulen. Førskulelærarane kom frå ein tradisjon som først og fremst verdsette og hadde mykje kunnskap om frileik. I møte med tradisjonell undervisning, fekk ein ei polarisering mellom frileik og lærarstyrt undervisning, heller enn at leiken blei en del av lærarane sin undervisningspraksis.

Sjølv om seksårsreforma på mange måtar tok ei anna retning enn intensjonen var, har vi eit skulesystem som i europeisk samanheng er mellom dei som gir læraren størst autonomi. Norske lærarar har metodefridom, dei er ikkje underlagt å bruke godkjende lærebøker, og kan strekke arbeidet fram mot dei første kompetansemåla heilt til slutten av andre klasse.

les også

SSB: Lærermangelen øker

I store deler av debatten om seksårsreforma ser ein ut til å ha gløymt at reforma også seier at elevane skal lære noko dette første året. Det inneber eit visst læringstrykk og naturleg nok inneber det begrensa med tid som kan setjast av til frileik i skuletida. I norsk skule er det i stor grad overlate til lærarane korleis læringstrykket skal realiserast.

5- og 6-åringar flest har høg læringskapasitet og er ofte svært nysgjerrige på verda. Det er med andre ord kanskje ikkje læringstrykket som er problemet, men metodane og måten undervisninga blir organisert på i klasserommet. Det sentrale spørsmålet er kva som kan gjerast for å legge opp til ein skulekvardag som er meir engasjerande og har meir aktivitet.

les også

«Skolesviket»: – Pappa, vet du hva? Jeg er dum

Den tyske filosofen Hans Georg Gadamer skildrar leiken som sjølve vegen til forståing og ny erkjenning; om ein vil forstå, så skjer det nettopp gjennom å tre inn i og ta del i leik. Motivasjonsforskaren Deborah Stipek ved Stanford University held fram at for dei yngste elevane bør leik og undervisning vere to sider av same sak. Stipek hevdar det ho kallar leikande undervisning; elevane opplever at dei er med på ein leik, medan dette frå læraren si side er nøye planlagde undervisningsaktivitetar med læringsmål i siktet.

les også

Daniel-André Tande: – Jeg var en skoletaper

Pluss content

Tradisjonelt sett, sidan innføringa av reform 97, har diskursen om innhaldet i norske førsteklassar vore prega av eit anten-eller;  det vil seie anten frileiken – den elevorienterte tilnærminga, eller undervisninga – den lærarstyrte tilnærminga. Stipeks leikande undervisning representerer såleis ei tilnærming til undervisning for dei yngste elevane der grenseoppgangen mellom leik og læring langt på veg er viska ut og der læraren tek rolla som planleggjar, iscenesetjar og rettleiar i leiken.

les også

Gamet 12 timer om dagen: Her får gutta hjelp

Engasjerande undervisning for dei minste inneber å legge til rette for læring i leik. For det er mogleg å leike seg gjennom heile første klasse og samstundes vere i rute mot læringsmåla som er sett opp etter andre klasse. Men det krev at leiken er arbeidsmåten, og denne leiken må vere førebudd på liknande måte som andre gode opplæringsopplegg.

Og når ein går frå å hovudsakleg sitje stille ved pulten til meir læring gjennom leik, vil det krevje ei anna tilnærming til disiplin, ein annan type orden. Den nyinnførte lærarnorma kan sjåast på som ei gåvepakke for å legge til rette for meir læring i leik, med den type organisering som den krev. Faren er at auka lærarressurs i staden blir nytta til å få meir stillesitjande ro, meir disiplin ved pulten.

les også

Egil Gabrielsen om «skolesviket»: Flere barn bør utsette skolestarten

Når det kjem til problemet med at skuledagen i førsteklasse er for teoretisk, er det lærarane sjølv som må ta tak, også om det inneber å yte motstand mot lokale føringar og planar. Det å forme framtidas skule krev at norske lærarar er myndige. Dersom den refererte spørjeundersøkinga gir eit visst representativt bilete, meiner altså 8 av 10 (eller 4 av 5) førsteklasselærarar på ein skule at skuledagen for førsteklassingane deira er for teoretisk, og at elevane leikar for lite. Kvifor gjer ikkje lærarane berre noko med det?

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder