HJEMLIGE KUTT: – Etter mitt syn er det viktig å halde fast ved hovudprinsippa: Vi skal kutte klimagassutslepp i Noreg, uavhengig av om dei kjem frå ein bil, eit avfallsforbrenningsanlegg eller ein oljeplattform. Foto: Helge Mikalsen

Debatt

Vi skal klare å nå våre klimamål for 2030

I dag (8. april) blir regjeringa sin klimaplan debattert i Stortinget. Brei støtte til hovudgrepa gir grunn til optimisme. Men behandlinga viser også at klimapolitikken blir stadig meir politisk. Det er bra, fordi det viser at klimapolitikk ikkje lenger handlar om lovord, men om realitetar.

Publisert:

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til VG her.

SVEINUNG ROTEVATN, klima- og miljøminister (V)

Då regjeringa sin klimaplan for 2021-2030 vart lansert i januar, vart den i all hovudsak tatt godt imot. «Regjeringens klimamelding markerer et tidsskille», skreiv Aftenposten på leiarplass. «Det er grunn til å berømme regjeringen for klimaplanen, ikke minst fordi den er konkret på mål og tiltak innenfor alle sektorer», uttalte WWF.

Samstundes oppmoda mange Stortinget om å samle seg i eit breitt forlik. Dette skjedde både i 2008 og 2012. Då kom den raudgrøne regjeringa med meldingar til Stortinget, og i forhandlingar med Venstre, KrF og Høgre vart ambisjonsnivået for klimapolitikken auka ytterlegare.

Denne gongen vart det ikkje noko breitt forlik. I innstillinga frå energi- og miljøkomiteen står regjeringa samla, medan dei ulike opposisjonspartia stort sett fremmer sine eigne primærstandpunkt. At opposisjonspartia, frå SV til Frp, fremmer hundrevis av enkeltforslag som ikkje får fleirtal, maskerer likevel at det er stor semje om dei viktigaste grepa i klimaplanen.

les også

Frp-Dale: – Klimaplanen kan bli blodig alvor for Norge

Dei tiltaka som vil kutte mest klimagassar fram mot 2030, og som regjeringa går inn for i vår plan, er nye krav om låg- og nullutsleppsteknologi ved offentlege innkjøp (av alt frå hurtigbåtar til bybussar), det er bruk av biodrivstoff i nye sektorar som anleggsverksemd, det er klimareduksjonar i landbruket og det er – ikkje minst – meir enn ei tredobling av CO₂-avgifta fram mot 2030. Alt dette får støtte frå eit stort fleirtal i Stortinget. Det gir håp om at regjeringa sin plan faktisk vil bli følgt i åra framover, og at vi vil nå målet vi har forplikta oss til i Paris-avtalen.

Det er også brei støtte til regjeringa sitt forsterka klimamål: Å redusere norske utslepp med 50-55 prosent i 2030 samanlikna med 1990-nivå. Og det er brei støtte til det viktige klimasamarbeidet regjeringa har inngått med EU for saman å kutte utslepp og stille krav til at alle i verdsdelen vår dreg lasset saman – og ingen skulkar unna dugnaden. Alt dette er det grunn til å gle seg over, det gir langsiktigheit i den norske klimapolitikken.

Samstundes er det sider ved debatten denne våren som gir grunn til uro. Sidan regjeringa lanserte grepet om ei auka CO₂-avgift, har ei rekke grupper og næringar drive hard lobbyverksemd mot Stortinget for å sikre seg unnatak frå det viktige forureinar betalar-prinsippet. Få har heldigvis lukkast. Men nokre har fått gjennomslag.

Til dømes går Ap, Sp og Frp saman om å støtte avfallsbransjen sitt krav om å sleppe CO₂-avgift. Dei mange avfallsforbrenningsanlegga i Noreg er dei største punktutsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor. Avfallsforbrenningsanlegget på Klemetsrud i Oslo har til dømes årlege klimagassutslepp tilsvarande 200.000 bilar. Desse utsleppa er mogleg å avgrense eller fjerne, til dømes ved bruk av kostnadskrevande teknologi som karbonfangst og -lagring. Men dersom utsleppa skal koste kroner 0 fram mot 2030, blir slike investeringar vanskelege å rekne heim.

les også

En klimaplan som kutter utslipp og skaper jobber

Vi har også i løpet av våren sett ei utvikling der stadig fleire er kritiske til utsleppskutt frå den klart største utsleppskjelda i Noreg: Petroleumsnæringa. Parti som SV og MDG, som vanlegvis er for tøffe krav om å kutte utslepp, har kvar for seg byrja å vakle i spørsmålet om elektrifisering av sokkelen. Fordi dette krev elektrisk kraft (og dermed investeringar i nett og fornybar energiproduksjon). MDG sin energipolitiske talsperson har gått så langt som å seie at vi heller bør la klimamålet for 2030 ryke enn å drive storstilt elektrifisering av norsk sokkel.

Etter mitt syn er det viktig å halde fast ved hovudprinsippa: Vi skal kutte klimagassutslepp i Noreg, uavhengig av om dei kjem frå ein bil, eit avfallsforbrenningsanlegg eller ein oljeplattform. Dei mest effektive utsleppskutta får vi ved at det kostar å sleppe ut klimagassar, uavhengig av kvifor du gjer det, og at staten sine meirinntekter frå miljøavgifter blir betalt tilbake til folk og næringsliv i form av lette i andre skattar og avgifter, samt målretta støtte til viktig miljøteknologi.

Heldigvis er det desse hovudprinsippa som ligg til grunn for regjeringa sin klimaplan, og heldigvis har denne no i all hovudsak fått brei støtte i Stortinget. Det betyr at regjeringa kan skride til verket og gjennomføre planen. Vi startar likevel ikkje på null. Norske klimagassutslepp går nedover allereie, og er no på sitt lågaste nivå på 27 år.

Med gjennomføring av dei mange nye grepa som no er varsla i klimapolitikken, er det god grunn til å tru at vi skal klare å nå våre klimamål for 2030.

Publisert:

Mer om

Klimapolitikk

Parisavtalen

Elektrifisering

Norsk sokkel

Karbonfangst

Flere artikler

  1. Sp med bensinpris-ultimatum til Ap

  2. Høyre: Ikke nødvendig å heve drivstoffprisene for å nå klimamålet

  3. MDG-Bastholm: Klimakuttene vil treffe lommeboken din

  4. Her er Vedums løsning for Ferge-Norge

  5. Fingrene vekk fra matfatet, MDG!

Fra andre aviser

  1. Noreg treng ein plan for elektrifiseringa

    Bergens Tidende
  2. Senterpartiet må ha meir trua på Noreg

    Bergens Tidende
  3. Klimameldingen er klar for Stortinget. To partier har satt bremsene på.

    Bergens Tidende
  4. Klimakrangel om søppelavgift

    Bergens Tidende
  5. Regjeringens CO₂-grep blir dyrt: Equinor venter ekstraregning på 3,4 milliarder i 2030

    Bergens Tidende
  6. Partiene ruster til klimapolitisk valgkamp: Liten vilje til klimakompromisser

    Aftenposten

VG Rabattkoder

Et kommersielt samarbeid med kickback.no