MOR OG DATTER: - Me angre ikkje, det var aldri noko val for oss. Vetlo var velkomen, nett som ho var. Men eg skjønar at dette vert for mykje for nokon, skriver Solstad i dette innlegget.
MOR OG DATTER: - Me angre ikkje, det var aldri noko val for oss. Vetlo var velkomen, nett som ho var. Men eg skjønar at dette vert for mykje for nokon, skriver Solstad i dette innlegget. Foto: Privat

Mor til eit annerledesborn: – Ja, eg er irritert no!

MENINGER

Nei, me får ikkje eit "sorteringssamfunn" om §2c ikkje vert endra, Erna.

debatt
Publisert: Oppdatert: 06.11.18 11:51

KARETHE HOFT SOLSTAD, mamma til eit annerledesborn.

Det er ikkje automatisk slik at om ein bere på eit foster med avvik, so ynskje ein å fjerne dette. Det er ikkje slik at §2c hindre eit samfunn med mangfald.

Mange velgje som oss: å bera fram bornet, sjølv om det er påvist avvik ved fosteret, mange som oss velgje å møta det som kjem, sjølv om ein får presentert moglegheita å avbryta svangerskapet.

Men, det er faktisk ikkje for alle å bidra til det mangfaldet politikarane er so ivrige etter å bevara. Det må me vera ærlege nok til å innsjå. Det må me tola.

Me angre sjølvsagt ikkje på å ha ynskja vår lille vetlo velkomen til verda. Det var ein enkel avgjerd å seie at me ynskje dette bornet. Faktisk trur eg det var det enkle valet av dei to: behalda, eller avbryta.

Ingen velgje å avbryte eit svangerskap etter veke 20, med lett hjarte.

Ingen gjer det med mindre dei er heilt sikre på at dette klare dei ikkje. Og me har full forståing og respekt for at nokon kjenne at dei ikkje klare.

For det er som sagt ikkje for alle. Vårt lille bidrag til mangfaldet fekk ein tøff start på nyfødd intensiv, me foreldre vart kasta inn i eit heilt nytt liv: fleire år bokstavelig talt utan søvn, inn og ut av sjukehus, fleire operasjonar, babyføter som likna mest på nåleputer, kontrollar på sjukehuset kvar einaste veke i over eitt år, totalt innom 13 ulike einingar, tre år med sondemating av alle måltid, eitt år med oppkast etter kvart einaste måltid, kleskift og golvvask åtte gongar i døgnet, baby som rev ut sonden fleire gongar kvar dag, mamma som la ned sonde på baby fleire gongar kvar dag, trening hjå fysioterapeut, trening heima, søknadar, avslag, ankar, telefonar, oppfylging, ein storesyster som so altfor mange gongar fekk høyre "vent litt", og innimellom alt dette møte med ein liten vegg.

Som sagt me angre ikkje, det var aldri noko val for oss. Vetlo var velkomen, nett som ho var. Men eg skjønar at dette vert for mykje for nokon. For vanskeleg å forhalda seg til. Ein tilsynelatande umogleg oppgåve.

So lenge systemet er slik, at me som får annereledesbarn må kjempa for ungane våre, for rettane deira, for å få den hjelpen me og dei har krav på. So skjønar eg godt at nokon velgje det bort. Eg unne ingen å gjera nett det. Det må vera ein ufatteleg vond avgjerd. Men so lenge det er so lite hjelp å få, utan å måtte kjempe for det. So skjønar eg kvifor nokon ikkje ser anna utveg.

So kjære Erna, Høgre og resten av dei som ynskje å endre lova me har kjempa so lenge for: la den paragrafen berre vera, og sett heller litt prestige i å fiksa livet for dei borna som er her, dei de er so veldig opptatte av at me ikkje må "sortera bort", og for dei som kjempe for dei kvar.einaste.dag!

Gjer noko med stønadar, omsorgsløn og pleiepengar.

Gi skulane nok ressursar til å ivareta utdanninga til dei heilt spesielle borna, la SFO etter 4. klasse vera betalingsfritt, fjern den nedre aldersanbefalinga på ledsagarbevis, gi sjukehusa det dei treng for å samle opp kontrollane våre, so me slepp unna med litt færre turar til sjukehuset, hjelp dei som treng det økonomisk, so dei slepp å ta ut sjukemelding, eller ulønna permisjon for å ta seg av ungane sine.

Gjer det litt enklare for dei unike borna som er her, og for dei som kjem. So får dekan mangfaldet dekans, utan at me som har gitt dekan det slit oss heilt ut. Og la den paragrafen vera, for dei som kjenne at dei ikkje makte. Gudane skal vite at dei ikkje er heilt på jordet når dei ser for seg at vegen med eit tilskot til mangfaldet vert bratt og tøff.

Ja, eg er irritert no! Makan!

Her kan du lese mer om