RASISMEPROTESTEN: – Du som meiner at dette kun handlar om å markere «dødsfallet til ein kriminell svart mann i USA». Eg synast du ikkje evnar å sjå det store bilde i det heile, skriv Jahn Christer Nerbøvik Humberset frå Ørsta. Foto: ODIN JÆGER/PRIVAT

Debatt

Det er nok no

Eg er i familie med deg, du er ein «ven», bekjent, tidlegare kollega, lærar, fiskar, styrmann, mekanikar, fotballdommar, daglig leiar. Du finst i alle samfunnssjikt. Du delar både ukritisk og med hensikt artiklar frå sider frå det ytre høgre, samtidig som du seier at du ikkje er rasist, men…

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til VG her.

JAHN CHRISTER NERBØVIK HUMBERSET, barnevernspedagog og miljøterapeut

Eg var frykteleg usikker på om eg skulle tørre å seie noko om denne situasjonen som no tilspissar seg, i frykt for korleis det skulle bli tatt imot. Svært nervøs gjer eg no eit forsøk.

Sosiale media gjer det svært tydeleg kven som er antirasist og støttar arbeidet både mot institusjonell- og kvardagsrasisme. Å halde kjeft er ikkje nok. Samtidig vert det like tydeleg kven som meina at dette kun handlar om å markere «dødsfallet til ein kriminell svart mann i USA».

Du, ja du, som meina det siste. Eg synast du ikkje evnar å sjå det store bilde i det heile! Det handlar om hundrevis av år med undertrykking av folk med anna hudfarge. Sosialt, i arbeidslivet, i idretten og alle plassar vi skal vere saman. 

Eg høyre også fleire sei det er eit problem i USA. Dette gjeld ikkje Norge. Du, som trur det. Det gjeld til og med på ein liten stad som Ørsta. Det er ikkje verre her enn nokon anna plass, kanskje er det faktisk betre her enn fleire andre plassar, men det rasismetrollet lever. På barneskulen kunne eg oppleve stygge kommentarar retta mot meg og min hudfarge. Bæsj, jævla neger, nigger og ape var gjengangarar. På fotballbana fekk eg slengbemerkningar ofte. Kanskje var eg litt seint ute med ei takling. «Gi faen da, din jævla neger.» Som 16-17-åring blei eg trua og fillerista av vaksne karar fordi eg var «svarting». Då var det heilt innafor å dele ut juling.

Eg har fått høyre i Ørsta at eg og borna mine er skadelige for det norske folk. At vi som er halvt kvite og halvt mørke er sjølve symbolet på alt som er gale med samfunnet. Samtidig sei eg ofte til andre at eg har sleppe lett unna fordi eg hadde «riktig» familie, var sosialt velfungerande, hadde mykje venar og var god i idrett. Dette er sikkert ein prosent av kva eg har opplevd. Fortsatt meina eg at eg har klart meg heilt fint, det har gjort meg sterk og til den personen eg er i dag. Tenk deg då kva dei som ikkje hadde eit like godt utgangspunkt som meg har fått kjenne på kroppen. Eg har hatt fleire som har beskytta meg og stått opp for meg. Dokke sett eg ufattelig høgt!

Du som likar sider som SIAN, Norge først, Resett, Document.no og Fedrelandet viktigst. Du som delar kun kritiske artiklar om demonstrasjonane i Oslo, men ingenting om bodskapen bak dei. Følar du på nokon måte at eg snakkar om deg no. Då ser eg gjerne at du slettar meg som ven, eg vil uansett fjerne deg. Slike som deg har eg ikkje plass til i mitt liv.

Ein siste ting. Eg er einig i at demonstrasjonen i Oslo aukar smitterisikoen, det er svært uheldig og veldig dumt med tanke på timing og dugnaden vi tross alt fortsatt er i, men eg forstår kvifor det skjer. Det er ikkje på grunn av ein enkelthending for «dødsfallet» til ein svart kriminell mann, men eit resultat av at begeret er fullt for ein stor del av befolkninga både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Dei har våre vitne til rasismen som skjer i USA, Norge og faktisk i ditt eiget lokalmiljø. Nok no.

– –

Teksten blei først publisert på forfattarens Facebook-side. Attgjeve her med tillating.

Les også

  1. Byttet navn på grunn av hverdagsrasisme: – Det knekker oss. Du bare ser det ikke

    Hverdagsrasisme gjennom 20 år fikk Jamal Sheik til å skifte navn. – Jeg tror egentlig at det drepte meg mer enn noen av…
  2. Slik gikk det med mannen som startet kneleprotestene

    Colin Kaepernick (32) har vært klubbløs i fire år, men hans ikoniske protest brukes fremdeles av demonstranter i USAs…
  3. Kamp mot all rasisme, der du jobber, der du bor!

    «Hudfargen min skal ikke definere meg, men karakteren av min personlighet», sa Martin Luther King, et av mine store…

Mer om

  1. Rasisme
  2. Ørsta
  3. USA

Flere artikler

  1. Bli med på festen – ikkje gløym protesten!

  2. Politiet og skrytet frå regjeringa

  3. Svarte og høyreradikale militser marsjerer i USA: – Jeg er livredd for en gatekrig

  4. Nordmenn er ikke rasister

  5. Når vi ikke lenger hører om George Floyd

Fra andre aviser

  1. Per og Kristine flytta frå kvarandre etter at dei gifta seg

    Aftenposten
  2. Nortura-tillitsvald fryktar at 450 jobbar er i fare i Rogaland

    Aftenposten
  3. Koronaviruset tærer på Trumps sjanse for attval

    Bergens Tidende
  4. Per og Kristine flytta frå kvarandre etter at dei gifta seg

    Bergens Tidende
  5. BT meiner: «Jensen-saka må få konsekvensar for politiet»

    Bergens Tidende
  6. «Det var ikkje berre lov å demonstrere mot rasisme. Det var rett.»

    Bergens Tidende

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder