ENGASJERT: – Me har alle eit ansvar. Eg veit ansvar høyres kjedeleg ut. Men når det er sagt, så er det òg naudsynt! skriver Trond Egil Aarflot. Foto: Privat

Debatt

Bussjåføren: – Kvar kjem alt hatet i kommentarfelta frå?

Kva slags føredøme set vi eigentleg for den oppveksande generasjon? Hat har aldri knust hat. Det avlar berre meir hat. Hugs at ord ikkje berre er ord! Ord har makt, og dei må brukast med omhug og ansvarskjensle.

TROND EGIL AARFLOT, bussjåfør

Ein kan jo berre undrast: Kvar kjem alt hatet i kommentarfelta frå? Kven er eigentleg tent med at folk skal gå rundt og hate kvarandre pga forskjellar? Det må vel vera mogleg å være ueinige utan all den aggresjonen?

Eg er ingen psykolog eller professor. Men eg må innrømme eg går inn i ei undring i kva som føregår innanfor skallen til folk. Kva grad av det som står i kommentarfelta er trolling som berre er skrive for å skape sinne og for å underhalde nettrollet, og kva er reell frykt eller mistyding av verkelegheita? Eg slit med å forstå grunnen til at det skal være nødvendig å spy ut så mykje hat som det blir gjort i norske kommentarfelt?

les også

Bussjåfør: – Det er ikkje «bare å ta seg sammen»

Om unge engasjerer seg i miljø-saka, skal godt vaksne folk gå til personangrep og hetse ungdomane. Om eit kristeleg skulelag skal servere bollar under ei andakt i storefri, så meiner skremmande mange at «all religion må forbys.» (Religionsfridom grundig misforstått der altså. )

Og har 4-5 ungdommar av utanlandsk opphav begått ugagn i ein av dei større byane i Norge, då skal heile etnisiteten og religionen kjemmast under ein kam.

Og no til sist gjeninnfører Siv Jensen begrepet «snikislamifisering». Eg kan vere einig i at Abid Raja sitt motsvar om «brun propaganda» ikkje var spesielt meir modent å kome med. Men han var om ikkje anna moden nok til å be om orsak for ordbruken. Sopass moden synest eg fleire politikarar burde vere.

Politikarar har eit ansvar for korleis dei ordlegg seg. Hugs at me lever i eit demokrati der politikarane skal legge til rette for at folket skal kunne bygge eit godt samfunn. Då finn eg meg ikkje i den splitt og hersk-retorikken som veltar ut frå Stortinget og TV-debattar, som me har vore vitne til dei siste åra.

At dei hausar opp at folket i heimane sine sit og ausar ut eder og galle, hat. Stadig oftare er ein også vitne til at vaksne folk kjem med truslar i kommentarfelta.

les også

Bussjåfør: – Heller middelmådig sofasliter enn sjuk og stressa

Kva slags eksempel set me eigentleg for den oppveksande generasjon? Skal det verkeleg ikkje vere mogleg å kommunisere på ein konstruktiv måte? Kva med å sjekke fakta før ein pøser på med hatretorikk?

Det verkar som det er ein trend å skulle hause saker ut av alle proporsjonar. Eg har forsøkt å setje meg inn i tankegangen til dei eg vel å kalle nettrolla. Er dei klare over den potensielle konsekvensen av sine ord?

Me har alle eit ansvar. Eg veit ansvar høyres kjedeleg ut. Men når det er sagt, så er det òg naudsynt! Eg er svært lite tilhengar av polariseringa eg er vitne til i samfunnet vårt.

Tenk om vaksne folk både i kommentarfelt og på Stortinget kunne ha diskutert sak på ein sakleg måte der dei forheld seg til fakta og diskuterer best moglege løysingar, i staden for å sverte kvarandre?

les også

En solskinnshistorie fra kommentarfeltene

Eg skummar kommentarfelta og let meg snart ikkje sjokkere lenger. Ein blir rett og slett apatisk til det heile. Og det synest eg er litt skummelt då mykje av det ein les i norske kommentarfelt verkar såpass urovekkande. Det kan rett og slett verke som fleire kunne trengt hjelp. Men eventuelle rop om hjelp forsvinn i mengda av eder og galle, der ein stadig oftare avfeiar med at: «Det er sikkert berre trolling».

Kva er gale med nøkternheit? Kva er gale med å ta eit steg tilbake og sjå ting frå eit litt anna perspektiv? Kvifor må absolutt alt vera så ekstremt? Kva med å møtast på midten?

Å gøyme seg bak ytringsfridommen når ein forsvarer at ein lirer av seg meiningslaus eder og galle, nyttar ikkje.

Ord har makt! Ord er ikkje «berre ord». Og særleg som vaksne folk har me eit ansvar for å tenke gjennom kva slags bodskap vi spreier rundt oss. Me har også eit ansvar for å vere vakne og reflektere. Eg meiner retten til å ytre meiningane sine i norske kommentarfelt bør vere der, men overvaka av moderatorar som raskt kan ta tak i og anmelde dei kommentarane som kjem med direkte truslar. Hat har aldri knust hat. Det avlar berre meir hat. Hugs at ord ikkje berre er ord! Ord har makt, og dei må brukast med omhug og ansvarskjensle.

Mer om

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder