OM SAGEN-GATE: – Uavhengig av kva ein meiner om nettopp dette innslaget var usmakeleg eller ikkje, er det eit framsteg for demokratiet, skriver humorforsker John Magnus R. Dahl, om den siste ukas humor- og rasisme-debatt.

Debatt

Sagen-gate: – Ein moralpanikk

Etter sterke reaksjonar valte Tore Sagen og NRK å ta ned innslaget som omhandla rasistiske haldningar. Reaksjonane har handla om at Sagen gjekk over ei grense: Det som var meint å latterleggjere rasisme, ende med å reprodusere rasisme.

JOHN MAGNUS R. DAHL, stipendiat i medievitskap og humorforskar, Universitetet i Bergen.
Dette har igjen ført til ganske heftig motbør der ein set diagnosar på samfunnet og visse individ og miljø som lettkrenka, politisk korrekte, mot ytringsfridom osb. Problemet med dynamikken denne debatten har fått er at den har skapt ein moralsk mediepanikk der to frontar barkar saman: Ein front varslar om korleis rasisme blir reprodusert av slikt radioinnhald. Ein anna front roper opp om korleis ytringsfridomen er under press fordi folk skrik opp om rasisme og krenkingar i tide og utide – mest i utide. Men i likskap med panikkanfall flest er det ikkje grunn til å bli så redd for nokon av sidene – med mindre ein gjev seg over til panikken. 

Båe sider i denne debatten reagerer nemleg på kjenslemessig autopilot, og hopper difor på for enkle teoriar om samfunnet, media og humor for å støtte saka si. Dette kan ein sjå dersom ein kritisk går gjennom to av påstandane som var sentrale i kritikken mot innslaget til Sagen:

For det første: Denne typen innslag reproduserer rasisme. Tanke bak er at ein legitimerer eller vedlikeheld rasistiske haldningar kvar gong ein siterer dei – anten fordi ein komikar som Tore Sagen er ein form for sosialt førebilete, eller fordi ein nødvendigvis reproduserer tenke- og talemåtar kvar gong ein tar dei i bruk.

Begge desse tankesetta er til dels sanne – men berre til dels. Som andre har peika på veit ein at humor som nyttar rasistiske stereotypiar kan ha alvorlege konsekvensar. Men all empirisk forsking tyder på at ingen blir rasistar, eller meir rasistiske, når dei høyrer ein rasistisk vits. Det som derimot skjer, er at dei som allereie har rasistiske haldningar blir meir opne for å omsetje desse haldningane i språk og handling – alt frå å slenge ut skjellsord til å diskriminere på arbeidsplassen til rasistisk vald.

Dette er så klart verdt å ta på alvor, men spørsmålet er om rasistiske haldningar er eit kjenneteikn ved dei som høyrer på Radioresepsjonen – og dersom det finst rasistar som høyrer på programmet, så hadde dei fått med seg den kraftige fordømminga desse haldningane fekk både før og etter innslaget, noko ein også må ta med i reknestykket.

les også

Tore Sagen etter reaksjoner: Fjerner innslaget

På eit anna nivå kan ein hevde at all sitering av rasisme fører til reproduksjon av rasisme. Dette er jo til ein viss grad openbert rett: Tale- og tenkemåtar får nytt liv kvar gong dei blir brukt. Men nettopp difor blir dei også endra kvar gong – og kvifor og korleis dei blir tatt i bruk er viktig. Ei sannsynleg hypotese for korleis innslaget til Sagen «virka» er jo nemleg at det blei oppfatta som latterleggjering av rasistiske haldningar. Latterleggjering er ein av dei best dokumenterte sosiale funksjonane humor har, og fungerer slik at me forstår at det som blir latterleggjort ikkje er sosialt akseptabelt. Så i staden for å reprodusere rasisme, kan det vere at innslaget til Sagen gjorde det klart at rasisme ikkje er innafor – på ein måte ein veit er særs effektivt for å oppnå endra sosiale haldningar. At innslaget førte til meir rasisme er altså i beste fall tvilsamt, og dessutan risikerer eit slikt syn at ein mister eit viktig antirasistisk våpen. 

For det andre: Innslaget er skadeleg fordi det krenker menneske som har erfart rasisme. Det er typisk ein slik påstand som får meiningsmotstandarane til å rope opp om lettkrenking, snøflak etc. Problemet er berre at me veit at rasisme fører til stress – faktisk meir enn vanskelege livshendingar. I tillegg veit me at rasisme i skulen er eit stort problem.

les også

Flauhetskonkurransen er i gang!

Innslaget til Sagen siterte rasistiske ytringar og haldningar særs så direkte. Difor har kvite majoritetsnordmenn ingen haldbar grunn til å avfeie korleis einskildmenneske reagerte på innslaget. Tvert om burde dei freiste å forstå korleis denne typen humor kan skape reell smerte.

Det handlar ikkje om å bli lett krenka – det handlar om at nordmenn med minoritetsbakgrunn har andre erfaringar enn minoriteten, men ikkje har hatt ein posisjon der dei kunne seie ifrå tidlegare. No kjem desse erfaringane fram i det offentlege ordskiftet – og det fører ofte til steile frontar. Når kvinner og seksuelle minoritetar byrja å ta plass i ordskiftet dukka det også opp forfallsvarsel – seinast under #MeToo. I likskap med slike historiske hendingar tyder denne saka på at ytringsfridomen er ikkje truga – tvert om er det fleire som tar den i bruk for å ta kampar som ikkje har blitt kjempa før.

Uavhengig av kva ein meiner om nettopp dette innslaget var usmakeleg eller ikkje, er det eit framsteg for demokratiet – i alle fall dersom ein makter å komme over den moralske panikken, opne opp for andre standpunkt og gå i dialog kring kva rasisme eigentleg dreier seg om, og korleis ein kan kjempe mot den.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder