FARLEG? - Sosialforfatninga som i aller høgste grad styrer nordmenns liv, velferdsstaten, har utvikla seg heilt på sida av Grunnlova, skriv Nils Rune Langeland, som trur at Grunnlova kan bli eit farleg dokument i framtida. Teikning: ROAR HAGEN

Debatt

Kronikk: Eit farleg dokument

Lørdag er det 200 år sidan eidsvollsmennene overrakte Grunnlova til kong Christian Frederik. Men på kva måte vil Noreg utvikle seg dei neste 200 åra?

ARTIKKELEN ER OVER FEM ÅR GAMMEL

[DE NESTE 200 ÅR - FIRE SKRIBENTER OM NASJONENS FREMTID.]

Nils Rune Langeland, professor i historie, Universitetet i Stavanger

To hundre år er ikkje serleg lang tid. Likevel meiner mange at Grunnlova er forelda. Eller endå verre: I bibelen åt juristane, «Knophs Oversikt over Norges rett», kan vi i utgåve etter utgåve heilt attende til 1934 høyre ei snerrande vestkantrøyst gå i hånleg fistel over si eiga herlege spissformulering om at Grunnlova berre er eit skjelett, no på veg til å bli eit skrømt.

Men kven er mest forelda? Vår noverande demokratiske kultur eller Grunnlova? Eit offentleg forvaltingsregime kamuflert som eit etter kvart meir og meir grenselaust integreringsdemokrati eller ånda frå Eidsvoll 1814? Som kjent er eit skrømt ei ånd som kan gå gjennom tida. Heimsøkje oss når vi minst ventar det.

Ein nasjonal utviklingsroman

Nils Rune Langeland.

Eidsvoll 1814. Akkurat lenge nok sidan til å vere ei historie, lik ein roman med kjende figurar i eit plot. Grunnlova er manuset, castet om du vil, til ein nasjonal utviklingsroman, som vi enno ikkje veit korleis sluttar. Mykje av det som skjedde i dei fyrste episodane av denne serien, er at alle dei andre som er blitt fødde eller har vandra inn over grensene til denne nye norske staten, skulle bli ein slags reality-deltakarar i det som hende april-mai 1814. Dei burde bli sette i stand til å leve seg inn i den dramatiske opningsscena av spelet.

Vi kallar det gjerne for demokratisk utvikling. I den fyrste tida blei Grunnlova av mange sedd på som eit lovnadsrikt program for å realisere den nasjonale fridomen. Men på eit tidspunkt tok historia ei ny vending. Mange av paragrafane var no hindringar. Fylgjeleg blei dei hogne til og kvista ned til prydbuskar i den statlege hagen. Eit symbolsk dokument frå fortida.

Men meir enn det. I dag vil mange av oss meine at vi er komne så mykje lenger enn 1814. Vi er moderne, opplyste og velståande. Vi har difor lenge no visst kva eit verkeleg demokrati er, og for lengst passert eidsvollsmennene òg reint intellektuelt. Men er det så einfelt? Kvart eit verkeleg drama inneheld ein løyndom til å drive forteljinga - og framom dei fyrste høgdepunkta. Eg vil våge påstanden at dei fleste norske masterstudentar i statvitskap i dag ikkje er i nærleiken av dei konstitusjonelle innsiktene til dei leiande eidsvollsmennene, som Falsen, greiv Wedel og Sverdrup. Ingen av «demokratiets» historiske sanningar frå tida etter 1814 er hundre prosent sikre - for all framtid. Ikkje eingong at berre Kongen kan starte og avslutte krig.

Historisk lagnadsmakt?

For kor forelda kan eigenleg ei grunnlov vere som framleis gjeld? Det kan òg kome ein dag der det å avgrense den politiske røysteretten etter eigedom og utdaning atter ein gong kan framstå som slett ikkje så dumt tenkt. Og sjølve faneparagrafen om at Noreg er eit fritt og uavhendeleg rike, kan bli brennaktuell. Vi kan ikkje vite kva Grunnlova har i ermet for oss. Folkestyret andar enno i fantasiar med røter i dei politiske kampane på 1800-talet. På den eine sida har du eit folk som framleis trur det er samansett av bønder, fiskarar og arbeidarar i eit karrig land som lydig ventar på trygd, folkeskular og rassikre vegar frå styremaktene. På den andre sida har du ein slags opplysingsmoralistar, som fullt og heilt trur Noreg berre er ei forvaltingseining i det globale fornuftsregimet. For ingen av desse er Grunnlova serleg interessant.

At den gjeldande norske stats- og forfatningsretten i dag er noko langt meir enn den skrivne grunnlovsteksta, er klart. Men det har ikkje si årsak i Grunnlova av 1814. Dette er resultatet av ei historisk utvikling dels i strid med Grunnlova. Eit unnatak kan vere vetostriden i 1880-åra, men innføring av parlamentarismen braut jo med Grunnlova. For ikkje å nemne den sosialforfatninga som i aller høgste grad styrer nordmenns liv, velferdsstaten, som har utvikla seg heilt på sida av Grunnlova.

Heller ikkje det å gjere Grunnlova om til ein katalog for internasjonale menneskerettar og gode ynske, som Stortinget nyleg har gjort, seier noko sikkert om kva Grunnlova er eller vil vise seg å bli. Dette fører oss attende til hånlåtten åt den godaste Knoph. Heilt frå fyrste dag og fram til seinaste tid er det ein raud tråd i omtalen av Grunnlova. Vi kan setje det slik på formel: Er Grunnlova berre eit stykke gamalt papir, eller er ho ei historisk lagnadsmakt med dei ytste fylgjer? Om att og om att dukkar desse to radikalt motsette synsmåtane opp, om enn i ulike bunader. Ei suveren forfatning er nemleg noko meir enn summen av dei skrivne orda.

Heimlaus og flytande

Den barnslege vona om å gjere Grunnlova «forståeleg» reint språkleg hindrar ikkje Grunnlova i å heimsøkje oss lik eit skrømt - slik den amerikanske forfatninga gjer det med amerikanarane. Det vassklåre, men nett difor utflytande kvardagsspråket er til sjuande og sist like uvisst og vaklande vend mot fortid og framtid i denne historia vi enno ikkje kjenner slutten på. Kva vil skje dei neste to hundre åra?

Det som er klårt, er at den politiske rettstilstanden i Noreg vil bli endå meir heimlaus og flytande. Makta vil søkje seg sjølv attende til tilstanden før dei suverene forfatningane. Uoppnåeleg som ho er i det ålmenne, og diabolsk nærverande i detaljane. Det er i denne kveldstimen Grunnlovas ånd flyg frå Eidsvoll. Den patriotiske, liberale borgarstaten vil riste av seg dei himmeldrukne kjerubane som syg på brysta åt det grenselause integreringsregimet. Den patriotiske borgarstaten har som fyrste føresetnad det politiske underet og viljen til stat sameina i den historiske lagnaden.

Det er i dei komande to hundre åra Grunnlova kan vise seg å vere farleg, ikkje som det ålmenne, men som det som skil.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder