MONOPOL? – Det er avgjerande at strøyming av lydbøker blir omfatta av ikkje-diskrimineringsparagrafen, skriv forlagssjefane Henriksen, Sellevold, Kolmannskog og Ørbeck Sørheim.

Storytel forskjellsbehandlar norske forlag

Strøyming av lydbøker har blitt ein stor del av den norske bokmarknaden. Storytel er den klart største strøymetenesta, med marknadsdel på godt over 50 prosent. Diverre misbruker dei makta si.

Publisert:
iconDette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til VG her.

ALEXANDER EVEN HENRIKSEN, Bonnier Norsk Forlag
ELIZABETH SELLEVOLD, Vigmostad & Bjørke
HÅKON KOLMANNSKOG, Det Norske Samlaget
TUVA ØRBECK SØRHEIM, Kagge

Det er ikkje noko nytt at norske forlag eig bokhandlar, til dømes er Ark eigd av Gyldendal og Norli av Aschehoug.

Det er forbode å favorisere eigarforlaga sine bøker i bokhandelen, og til no har systemet stort sett fungert godt og ikkje-diskriminerande.

Ein kunde i Ark vil kunne finne eller tinge bøker frå alle norske forlag.

Vi, Samlaget, Kagge, Bonnier og Vigmostad & Bjørke, har i lengre tid erfart at det diverre ikkje er slik det fungerer i Storytel. Sidan 1. mai 2022 har Storytel ikkje tatt inn korte barnebøker frå andre forlag enn Cappelen Damm.

Ei oppteljing underteikna har gjort med ope tilgjengeleg informasjon i Storytels eigen app, dokumenterer at strøymetenesta konsekvent forskjellsbehandlar norske forlag og forfattarar, og at dei det siste året har utestengt populære barnebøker frå alle andre forlag enn eigarforlaget Cappelen Damm.

Dei varslar at dei kjem til å halde fram med denne praksisen.

Barn får dermed berre tilgang til småbarnsseriar som blir gitt ut på Cappelen Damm. Og forfattarar på alle andre forlag blir fråteken mogelegheit til inntekter i Noregs største lydbokteneste.

Praksisen bryt med heile fundamentet for norsk litteraturpolitikk om eit breitt og mangfaldig tilbod av norsk litteratur.

Det er altså dei korte lydfilene for barn som blir blokkerte. «Problemet» med korte lydfiler er ifølgje Storytel at dei utløyser mange lyttingar, og med det store royaltyutbetalingar frå Storytel til forlag og forfattarar.

Brukarar som lyttar mykje til korte filer, vil på den måten «ete opp» ein stor del av overskotet i tenesta.

KRONIKKFORFATTARAR: Alexander Even Henriksen, Elizabeth Sellevold, Håkon Kollmanskog og Tuva Ørbeck Sørheim.

Men Storytel publiserer korte barnebøker, også etter mai 2022, berre ikkje frå andre forlag enn Cappelen Damm.

Til dømes finst Rolf Magne Andersens populære serie om «Kokosbananas» (Cappelen Damm) i tenesta, men ikkje nypubliserte bøker i populære seriar som Jørn Lier Horsts «Detektivbyrå nr. 2» (Bonnier), Bjørn Sortlands «Johnny777» (Vigmostad & Bjørke), Richard B. Heimens «Bjørnis» (Aschehoug), Sandra Lyngs «Corny» (Gyldendal), Lars Mæhles «Dinosaurgjengen» (Kagge) eller Ruth Lillegravens «Klodeklubben» (Samlaget).

Slik praksisen er no, er det altså berre Cappelen Damms og forlagets forfattarar som får lov til å tilby og tene pengar i Storytel på å lage korte lydbøker.

Konfrontert med dette nektar Storytel å seie kva kriterium dei legg til grunn når dei vel kva bøker dei vil ta inn og ikkje. Dette har no halde på i eitt år.

Siste nytt er at dei ikkje vil diskutere før ny administrerande direktør er på plass.

Regjeringa la nyleg fram framlegg til ei boklov. Der er det føreslått å ta inn ein ikkje-diskrimineringsparagraf som skal hindre at eigarskap påverkar utvalet av bøker i bokhandelen.

I lovframlegget er diverre ikkje strøyming av lydbøker omfatta av ikkje-diskrimineringsparagrafen.

Les også

Internt bråk i Forleggerforeningen: – Ekstremt konfliktfylt.

Fire av seks ansatte valgte å si opp jobbene sine i Forleggerforeningen i fjor.

Storytels praksis med å aktivt halde Cappelen Damms barnebokkonkurrentar ute av tenesta viser at det er avgjerande at også strøyming av lydbøker blir omfatta av paragrafen.

I det same framlegget skriv departementet om uroa si for at «lydbokmarkedet skal utvikle seg i en proprietær retning der vertikalt integrerte verdikjeder fungerer som abonnementstjenester for en begrenset del av markedet» (Prop. 82L, side 67).

Det er dette som no er i ferd med å hende i Storytel. Løysinga som departementet gjer framlegg om, er på langt nær tilstrekkeleg til å motverke ei slik utvikling.

Difor er det også avgjerande at strøyming av lydbøker blir omfatta av ikkje-diskrimineringsparagrafen.

Ein ikkje-diskrimineringsparagraf treng ikkje vere til hinder for at dei ulike lydboktenestene skal kunne gjere eigne kommersielle val, men vil sikre at tenestene ikkje favoriserer éin eller fleire eigarar.

Publisert:

Rabattkoder

Et kommersielt samarbeid med Kickback.no