I BESTE VELGÅENDE: - Erfaringar frå land som har legalisert viser at den svarte marknaden lever i beste velgåande, skriver Marie Jahren Fludal i Juvente.
I BESTE VELGÅENDE: - Erfaringar frå land som har legalisert viser at den svarte marknaden lever i beste velgåande, skriver Marie Jahren Fludal i Juvente. Foto: Therese Alice Sanne

Legalisering aukar tilgangen

MENINGER

Det er ei kjensgjerning i rusforsking at auka tilgjengelegheit gir meir bruk og dermed også meir problem.

debatt
Publisert:

MARIE JAHREN FLUDAL, Juvente

Milan Aran i Unge Høgre tar til orde for å legalisere cannabis. Han argumenterer med at «det er lettere å kjøpe cannabis i en storby enn å kjøpe pils etter klokka 20». Eg skulle gjerne visst kor han har dette frå, for det stemmer til dømes ikkje med den internasjonale Espad-undersøkinga, der 30 prosent av dei spurde 15–16-åringane svarte at det var «veldig lett» eller «ganske lett» å få tak i cannabis, mens 74 prosent svarte det same for alkohol, og 64 prosent for tobakk.

Cannabisbruken blant unge er låg i Noreg, faktiskt på botnen i EU-statistikken. Ifølge Folkehelseinstituttet har 7 prosent av norske 15–16-åringar prøvd cannabis, men talet for bruk siste månad er 2 prosent. Det er altså ikkje vanleg å bruke jamleg sjølv om det er høg bruk i enkelte miljø.

«Markedet for cannabis er der uansett om det er lovlig eller ikke, og det beste vi kan gjøre ut av situasjonen er å la staten ha kontroll på situasjonen isteden for å la kriminelle styre markedet», skriv Aran. Dette høyrest for meg ut som ei fallitterklæring: å gi opp og ofre dei unge for å undergrave kriminelle bakmenn. Gjengkriminalitet er eit meir samansett problem som handlar om meir enn lovleg eller ulovleg hasj. Dessutan viser erfaringar frå land som har legalisert, at den svarte marknaden lever i beste velgåande.

Aran trekker fram kor mykje vi kan tene i skatteinntekter på ein lovleg marknad. Trur han verkeleg at utgiftene – som til dømes handheving av regelverket, førebygging av skader og behandlingsbehov – ikkje vil auke samtidig? Skatten vil måtte ligge temmeleg høgt for å kunne vege opp. Skatteinntektene frå alkoholsalet dekker ikkje dei omfattande kostnadene alkohol påfører samfunnet.

Cannabis har klare skadeverknader, og allereie ser vi ein auke i talet på pasientar tatt inn til behandling med cannabis som hovudproblem. Og det er mens vi har ein låg ungdomsbruk. Kven veit korleis talet vil sjå ut om vi legaliserer? Det er ei kjensgjerning i rusforsking at auka tilgjengelegheit gir meir bruk og dermed også meir problem. Det er ei utvikling vi i Juvente ikkje vil vere med og legge til rette for. Landets ungdommar fortener betre.

Her kan du lese mer om