SLÅR TILBAKE MOT SANNA: – Når det er patetisk å arbeide for meir bruk av nynorsk, blir det for henne også irrelevant kva rettar nynorskbrukarane har, skriv Ottar Grepstad i nynorskdebatten.
SLÅR TILBAKE MOT SANNA: – Når det er patetisk å arbeide for meir bruk av nynorsk, blir det for henne også irrelevant kva rettar nynorskbrukarane har, skriv Ottar Grepstad i nynorskdebatten. Foto: Annemor Larsen VG

Betrevitaren Sarromaa forstår for lite

MENINGER

Det er utruleg kva Sanna Sarromaa veit. Det er endå meir utruleg kva ho ikkje forstår.

debatt
Publisert:

OTTAR GREPSTAD, direktør Nynorsk kultursentrum

For to år sidan latterleggjorde ho folk som strevar med å skrive rett. I fjor gjekk det ut over born med Downs syndrom. I VG 9. april er turen komen til oss nynorskbrukarane.

Les: Sanna Sarromaa: Nynorsken: Norges helligste ku!

Vi er, kan Sarromaa fortelje, ein mafia, ein gerilja, ein militant og dogmatisk minoritet, jamstelling mellom bokmål og nynorsk er idioti, arbeid for meir bruk av nynorsk er patetisk, tospråklegheit i Noreg er latterleg. I hennar verd er intoleranse grunnlova, forakt argumentet og elitisme utsiktspunktet.

For flere kommentarer og debatter: Følg VG Meninger på Facebook

Kva som er eit språk, kan aldri bestemmast berre reint språkleg. Historiske, økonomiske, politiske, sosiale og kulturelle faktorar verkar inn. Denne erkjenninga breier seg både i og utanfor språkvitskapen, men sosiologen Sarromaa veit betre. Sjølv forstår ho både nynorsk og bokmål, og då må dette vere to gjensidig forståelege språk for alle. Slik er det berre ikkje.

Mange bokmålsbrukarar seier dei ikkje forstår nynorsk eller ikkje forstår språket godt nok. Mange av dei vil ikkje lese skrifter på nynorsk og kjøper ikkje bøker på nynorsk. Derimot forstår nynorskbrukarane bokmål godt. Den som er i mindretal, må forstå meir og anna enn den som ser verda frå fleirtalsposisjonen.

Når det er patetisk å arbeide for meir bruk av nynorsk, blir det for henne også irrelevant kva rettar nynorskbrukarane har. Verda over blir det tenkt annleis om språklege rettar enn for berre nokre tiår sidan. Den verdien som språkleg variasjon representerer, blir framheva av jamt fleire. Med ulike språk blir verda også forstått ulikt. Det nynorskbrukarane har utretta gjennom meir enn hundre år, har gjort det mogleg for Jon Fosse, Maria Parr og Kjartan Fløgstad å skrive som dei gjer. Gjennom det nynorske språket har lesarar og teatergjester i mange land fått verk dei elles hadde gått glipp av.

Sarromaa er merkeleg nok medlem i Venstre og kan ikkje fordra at partiet er så positivt til nynorsk. I 1885 gjorde Venstre-fleirtalet i Stortinget Noreg til ein av dei første fleirspråklege statane i Europa ved å jamstille dei to språka som i dag er nynorsk og bokmål. Då Stortinget i 2014 vedtok Grunnlova på både nynorsk og bokmål, var det ut frå ei klar forståing av at nynorsk og bokmål også i dag må forståast som to språk.

Les: Sanna Sarromaa: Morsmål er hjertets språk

Dagens regime i Noreg skal ikkje skuldast for å drive offensiv språkpolitikk. Dei folkevalde i Stortinget har likevel vist større innsikt i den norske tospråklegheita enn den tidlegare lokalpolitikaren Sanna Sarromaa – som alltid veit best, men forstår for lite.

Difor går det henne også hus forbi at 22 år gamle Ivar Aasen i 1836 var i ein posisjon der han måtte ordleggje seg varsamt. Korta sine viste han først etter at han mange år seinare hadde gitt ut den første grammatikken og ordboka for nynorsk.

Her kan du lese mer om