SEKULARISME: – Eg er ingen anti-religiøs person, slik Knut Arild Hareide vil portrettere meg. Men eg meiner likevel at staten skal være sekulær, skriv kronikkforfattaren. Foto: NILS BJÅLAND

Debatt

Bård Vegar Solhjell slår tilbake mot KrF-lederen: Knut Arild Hareides mangel på svar

Kva prinsipp skal vi bygge tilhøvet mellom religion og samfunn på? Om det har Knut Arild Hareide fine ord, men få svar.

ARTIKKELEN ER OVER TO ÅR GAMMEL

BÅRD VEGAR SOLHJELL, stortingsrepresentant (SV)

Dette har skjedd: Ketil Raknes og eg presenterte i VG måndag 19.september det vi syntes var fem fornuftige prinsipp for religionspolitikken i eit meir mangfaldig Noreg.

Bård Vegar Solhjell. FOTO: FRODE HANSEN VG

Kjernen var at staten må være sekulær, likebehandle alle livssyn og at vi eit meir religiøst og kulturelt mangfaldig Noreg må ha eit sterkare verdifellesskap.

LES: Knut Arild Hareide – Religion og livssyn har en naturlig plass i det offentlige rom

Hareides runde prinsipp

Knut Arild Hareide svarte oss den 26.september. Med krass kritikk, men også fem alternative prinsipp. Det siste er særs konstruktivt, for det gjev ein debatt med retning. Regjeringa har varsla at dei vil presentere ei stortingsmelding om trus- og livssynspolitikken, noko som gjer fleire av desse vegvala særleg aktuelle.

Les også: SVs sekulære utopi

Det er like fullt ein ubalanse i usemja vår. Hareide er, etter å ha lese vårt innlegg, sterkt kritisk til våre prinsipp.

Eg derimot, er ikkje usamd i eit einaste av hans punkt. Dei er så pass runde at det er vanskeleg å vere usamde i dei.

Skal vi få fram dei reelle vegvala, må vi difor dukke litt djupare ned i stoffet – under overflata. La oss ta det punkt for punkt, så kan lesarane samanlikne.

1.Solhjell/Raknes (vi): Staten må være livssynsnøytral, og religionen tilbaketrekt i samfunnet

Hareide: Staten og offentligheten må være livssynsåpen

Eg er 100 prosent samd i at samfunnet skal vere livssynsopent. Det såkalla Stålsett-utvalet, som greide ut livssynspolitikken i Noreg, definerte det som å «gi rikelig rom for tros- og livssynsutfoldelse» og «åpenhet for borgernes ulike livssyn». Det positive er at Hareide og eg då har ei felles ramme for politikken i det livssynsopne samfunn, som Stålsett-utvalet lanserte. Då det kom sa Hareide at det «går for langt i retning av sekularisme og livssynsnøytralitet i sine forslag».

Men Hareide styrer unna vårt poeng. Staten må være livssynsnøytral, altså likebehandle alle livssyn. Det gjer framleis ikkje Noreg. Kristendomen har forrang i grunnlova, i offentlege seremoniar og i skulen, sjølv om situasjonen er langt betre i dag enn då eg vaks opp. Stålsett-utvalet tok konsekvensen av si eiga tenking, og foreslo endringar i grunnlova for å sikre dette. Det har Knut Arild Hareide stemt mot i Stortinget.

2. Vi: Eit norsk verdifellesskap

Hareide: Det norske verdifellesskapet skal også være et uenighetsfellesskap

Usemje er eg for, demokratiet treng det. Den SV’ar som meiner noko anna, må ha avgrensa sjølvinnsikt.

Men at Hareide så går vidare til å tone ned vekta på fellesskapsverdiar overraskar meg. Fellesverdiar som deltaking, solidaritet eller likestilling er ein sentral del av den norske modellen. Dei er ikkje sjølvsagte. Dei er tilkjempa, og det er ein kamp å halde på og styrke dei. Likestilling er eit døme. Ein gong var det typisk norsk å undertrykke kvinner. Gjennom politisk kamp endra det seg, men verdikampen for likestilling held fram. Den handlar om å likebehandle jentar og gutar, aktivt bryte opp kjønnsroller, utfordre nedlatande haldningar, ha seksualundervisning i skulen og mykje meir.

At mange delar verdiar, arenaar og enkelte grunnleggande interesser gjev oss eit skjebnefellesskap, som dei svenske samfunnsforskarane Bo Rothstein og Eric Uslaner kallar det. Ei kjensla av å vere i same båt, som er avgjerande for høg tillit.

Når samfunnet blir kulturelt og religiøst meir mangfaldig, blir dette viktigare. Då må vi aktivt arbeide for fundamentale fellesverdiar, ikkje bagatellisere dei.

Få flere kommentarer og kronikker: Følg VG Meninger på Facebook!

3. Vi: Norsk først, religiøs etterpå

Hareide: Menneskers religiøse identitet er ikke en trussel

Det finst religiøse (og politiske) syn som er trugande, men at menneske har ein religiøs identitet er ikkje ein trussel. Heller ikkje denne utsegna reagerer eg på. Men han har reagert på mi.

Eg er norsk først, så kristen. Hareide skriv at han er kristen først, så norsk. Det er ei privatsak for oss begge.

Men det er ikkje ei privatsak om eit livssyn får dominere utdanning, kultur eller lover. Vårt prinsipp handlar ikkje om det enkelte mennesket, men om det samfunnet vi skal oppretthalde saman. I samfunnets fellesinstitusjonar må felles verdiar, normer og reglar stå over religiøse verdiar og lover, fordi vi må bygge på det som bind oss saman.

4. Vi: Religion er inga privatsak, om lover vert brotne eller menneske undertrykt

Hareide: Vi må diskutere de negative sidene ved religion på en konstruktiv måte

Eg deltek i samfunnsdebatten om religion så konstruktivt eg klarer – også med religiøse leiarar. Men diskusjon åleine er ikkje nok, når lover vert brotne, eller menneske halde nede og undertrykt. Diverre veit vi at det har skjedd, og skjer, også innan trussamfunn.

Trussamfunn har ein særleg sterkt indre sjølvstyre, unnatak frå enkelte lover og reglar som gjeld andre og relativt raus statsstøtte. Vi meiner denne kombinasjonen av statsstøtte og sterk autonomi gjev godt grunnlag for å krevje sterkare kontroll med, og press for endring, på enkelte tilhøve i trussamfunn. Det er blant anna fordi alle sine menneskerettar er like gjeldande på innsida av eit trussamfunn som utanfor, og det indre sjølvstyret – eller teologiske grunnar – skal ikkje overprøve desse.

5. Vi: Det står ikkje mellom kristendomen og Islam. Det står mellom eit sekulært eller eit religiøst samfunn.

Hareide: Det står mellom et livssynsåpent og et livsynslukket samfunn

Dersom dette er valet, vil eg støtte Hareide. Eg er for eit livssynsope samfunn som aktivt støttar trussamfunn, likebehandlar dei og vernar om den enkeltes sin religionsfridom.

Men det er eit retorisk grep, for knapt nokon er for ein livssynslukka samfunn. Og det illustrerer kjerneproblemet med Knut Arild Hareides: Han er sterkt kritisk til vår «aggressive sekularisme», men set opp honnørord utan innhald som alternativ.

Staten skal være sekulær

Etter å ha lese kronikken veit vi difor ikkje

• Om han framleis er mot ein politikk som fullt ut likebehandlar ulike livssyn

• Om han er mot sterkare krav til trussamfunn

• Om han er mot at vi aktivt skal forsøke å bygge felles verdiar, også når nokon er usamde om dei.

Eg er ingen anti-religiøs person, slik Hareide vil portrettere meg. Eg er medlem av Den norske kyrkja, og sterkt oppteken av religion. Eg veit særs godt at det er ei kjelde til personleg utvikling og sterke fellesskap for mange.

Men som mange andre meiner eg likevel at staten skal være sekulær, og at felles verdiar må dominere framfor religiøse syn i samfunnet.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder