IKKE RUSS: – For meg er russetida ein uniformert markering av at eg er aleine. Og eg trur ikkje eg er den einaste som føler det sånn, skriver Skugge Birkeland.

Debatt

«25 under 25»: Russetida får meg til å føle meg aleine

Den viktigaste grunnen til at eg har valt å ikkje vere russ er at eg ikkje har nokon å vere russ med, skriver Skugge Birkeland.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til VG her.

Artikkelen er over ett år gammel

SKUGGE BIRKELAND (19), skoleelev

Russetida. Folk har begynt å gå med russebukser, dresser, hattar og hettegensarar med logoar. Dei same logoane dukkar opp på bussar og bilar. Mange er med i ei russegruppe. Mange er ikkje, og mange kjenner seg aleine. Det er det eg skal snakke om, korleis russetida får folk til å kjenne seg aleine.

Eg er 00’ar, går VG3, og skulle vore russ i år. I byrjinga av skuleåret tenkte eg ikkje på at dette faktisk var det året eg skulle vere russ.

Eg gløymte det heilt. Dei som går i klassen min veit eg er skeptisk til russetida, og det er mykje med den eg ikkje liker. So eg bestemte meg for å ikkje vere russ, tenkte at det ikkje kom til å vere «a big deal».

les også

«25 under 25»: – Jeg tør nesten ikke ta på meg russedressen

So byrja russetida å nærme seg. Folk byrja å prate om det meir og meir - om kven dei er på gruppe med, bilen, logoslepp, instagramkontoar, songar og russekro. Eg kjenner det gjer meg sint.

Alt som har med russetida å gjere gjer meg sint, og folk merkar det. Merkar korleis eg tydeleg tar avstand. Eg seier til mange at eg ikkje vil bruke peng på det, at eg aldri har villa vere russ og at eg er imot det russetida representerer. Det er delvis sant, delvis løgn.

les også

«25 under 25»: – Likheten mellom Greta Thunberg og Sophie Elise

Den viktigaste grunnen til at eg har valt å ikkje vere russ er at eg ikkje har nokon å vere russ med. Eg har ikkje nokon å reise på russekroer med, vere på bil med. Eg har ikkje nokon som kan skrive lange tekster om meg på Instagram. Russetida får meg til å føle meg so aleine. Det er jo ikkje sånn at noko har forandra seg, at eg er meir aleine no, men det blir so tydeleg. Genserar med gruppelogoar og utdelinga av russekort med lange tekstar skriven bakpå.

Det er ikkje noko eg føler eg har høve i å ta del i. Eg håper verkeleg ingen misforstår meg. Eg meiner ikkje ein er eit dårleg menneske fordi ein er russ og tar del i det som følger med russetida. Men eg trur det er viktig å sette fokus på at ikkje alle har så mange rundt seg.

Det er alltid viktig, men kanskje ekstra viktig i russetida. Argumenta for at russetida er ein bra ting er ofte at det handlar om vennskap og å feire at 13 års skulegang er ferdig. Eg ser korleis det handlar om det, og hadde det ikkje handla om vennskap hadde det ikkje vert så vanskeleg for meg.

For meg er russetida ein uniformert markering av at eg er aleine. Og eg trur ikkje eg er den einaste som føler det sånn. Poenget mitt er ikkje at russetida er noko negativt. Det eg prøver å få fram er at ein bør sjå andre meir, sjå at ikkje alle har so mange rundt seg, å gjere noko med det. For meg er russetida vanskeleg. Det trur eg den er for fleire, også blant det som vel å vere russ.

Les også

  1. «25 under 25»: Hvem skal få være forbilder for ungdommene våre?

    Er det mobbere og voldsdømte vi ønsker at landets ungdommer skal følge og se opp til?
  2. «25 under 25»: – Vi kan ikke bare legge skylden på influencerne

    Det blir for enkelt å bare skylde på influencerne. Vi må se på hvordan vi snakker om mat, kropp og oss selv når det er…
  3. «25 under 25»: – Unødvendig med mobilforbud i skolen

    På mange skoler rundt om i landet vil de innføre mobilforbud. Skolene har forskjellige regler, noen har ingen mobil i…
  4. «25 under 25» om klimastreiken: – Som å spytte ungdommen rett i fjeset

    Regjeringen og oljepartiene påstår at de setter pris på klimaengasjementet hos ungdommen. Takk, det er hyggelig å høre.

Mer om

  1. 25 under 25
  2. Russetid
  3. Russen
  4. Ensomhet

Flere artikler

  1. «25 under 25»: – Jeg tør nesten ikke ta på meg russedressen

  2. Richard (20) «kjenner på homofile følelsar»: – Ikkje den måten eg ønsker å leve på

  3. Identitetspolitikken som felte Hareide

  4. Maren (22): – Snakk om noe annet enn bompenger!

  5. Totalt uforståelig at NRK gøymer det viktigaste

Fra andre aviser

  1. Einsemd er vanskeleg å sjå. På dagar som 17. mai må vi vere ekstra merksame.

    Aftenposten
  2. «Natur-Judas!» «Lås deg inn på mentalsykehus!» «Innavla!» Klimadebatten trenger hjelp.

    Aftenposten
  3. Kjøttskam. Flyskam. Ikkje berre var nesten alt eg gjorde plutseleg feil. Mykje blei og litt vanskelegare.

    Aftenposten
  4. – Jeg våger knapt å fortelle hva jeg jobber med. Det er blitt en skam, føler jeg.

    Aftenposten
  5. Debatt: – Far min vil døy

    Bergens Tidende
  6. Steffen Landro om den farlege andresesongen: – Det er rein statistikk. Mange rykkjer ned.

    Aftenposten

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder