REFSER LYSBAKKEN: – Eg har respekt for at SV har heilt andre politiske løysingar enn oss. Men eg kan ikkje godta at Audun Lysbakken og SV skriv om norsk historie, skriv Alfred Bjørlo.

Debatt

Sosialismens sanne ansikt

Noreg slik vi kjenner det i dag, er bygd nedanfrå. Det norske velferdssamfunnet er bygd på skuldrene av privat initiativ og skaparkraft – ikkje omvendt.

Publisert:

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til VG her.

ALFRED BJØRLO, stortingsrepresentant (V)

«Norge er ikke blitt bygd først og fremst av de private kapitalistene». Slik forklarer SV-leiar Audun Lysbakken på NRK Dagsnytt 18 (15/11) kvifor SV i sitt alternative budsjett går til tidenes frontalangrep på norske bedrifter.

Eg har ein mistanke om at i Audun Lysbakkens verd, så startar norsk historie omtrent då SV vart danna på 1960-talet, i statskapitalismens storleikstid. Sjølv då er resonnementet feil. Men ser vi på dei verkeleg lange linjene i historia om Noreg, så er resonnementet ikkje berre feil, men direkte farleg.

Noreg slik vi kjenner det i dag, er bygd nedanfrå. Det norske velferdssamfunnet er bygd på skuldrene av privat initiativ og skaparkraft – ikkje omvendt. Av nettopp dei små og store kapitalistane og entreprenørane som SV no ser på som fiendar av folk flest.

La meg ta min heimstad, Nordfjordeid på Vestlandet, som døme. Berebjelkane i vårt lokalsamfunn, slik vi kjenner det i dag, vart bygd frå slutten av 1800-talet og framover. Når vi i dag har ein stor vidaregåande skule (og operahus), er det fordi private entreprenørar og gründerar i perioden 1850 til 1930 starta privat yrkesskule, privat gymnas og privat handelsskule. Ingen stat stilte opp – utdanningstilboda vart skapt nedanfrå med privat initiativ – djupt forankra i lokalsamfunnet. Først seinare har desse blitt overtatt og ført vidare av det offentlege Noreg.

Når vi i dag har eit sjukehus, er det heller ikkje staten si forteneste. Sjukehuset vart bygd og starta opp av privat kapital og privat initiativ på 1930-talet, og først seinare overtatt av det offentlege.

les også

Budsjettdrama: Her har SV fått nei frå regjeringspartiene

Dei første velferdsordningane til born og mødrer vart ikkje skapt av staten, men av private krefter som Sanitetsforeninga og andre – og først seinare tatt inn i ein offentleg velferdsstat. Sparebankane, som i dag er sentrale utviklingsaktørar og kapitalkjelder i Nordfjord og mange andre stader i Noreg, er også «bygd av private kapitalistar», som det heiter i SV sin stats-demagogi.

Og då har vi enno ikkje snakka om mangfaldet av små og mellomstore bedrifter, gardsbruk og fiskeriaktivitet. Dei som i dag er berebjelkane i lokalsamfunn over heile distrikts-Noreg. Ingen stat har skapt desse. Det er privat initiativ og kapital som har bygd verdiar og skapt arbeidsplassar stein for stein, og brukt opparbeidd overskot på å utvikle seg og skape nye. Og gjort det mogeleg for Noreg å bygge eit sterkt offentleg velferdssamfunn på denne grunnmuren.

Dette er den ekte historia om Noreg. Og det er difor SV sitt alternative statsbudsjett er eit dramatisk brot med samfunnsmodellen Noreg er bygd opp på. I ei tid kor vi meir enn nokosinne treng privat skaparkraft, nye bedrifter og nye grøne næringar over heile landet.

les også

Lysbakken om Stortingsadministrasjonen: – Frustrasjonen er godt kjent

Når SV foreslår å svekke skjerminga av arbeidande kapital, og samtidig auke formuesskatten kraftig kombinert med skjerpa utbyteskatt og høgare selskapsskatt, så riv dei opp handbrekket for nyinvesteringar. I praksis vil det medføre at små og store norskeigde bedrifter over heile landet får auka skatt. Det er boltar, skruar, maskiner og fabrikkar som for desse ligg til grunn for å berekne den berykta formuen. Ikkje bilar, villaer og luksus. Dette er resepten på færre og mindre investeringar i grøne næringar. Det er alvorleg ikkje berre for næringslivet, men for oss alle.

Eg har respekt for at SV som eit sosialistisk parti har heilt andre politiske løysingar enn det liberale sentrumspartiet Venstre. Men eg kan ikkje godta at Audun Lysbakken og SV skriv om norsk historie.

Venstre har vore med å bygge Noreg sidan 1884. I motsetnad til SV, har vi aldri innbilt oss at vi bygger Noreg åleine. No treng vi den ekte norske modellen – der privat skaparkraft er berebjelken for velferdssamfunnet – meir enn nokosinne.

Publisert:

Mer om

Audun Lysbakken

Venstre (V)

Kapital

Bedrift

Historie

Flere artikler

  1. Fosse om senge-tabben: Klarte å be staten om luksusseng til 600.000 kroner

  2. Budsjettlekkasje: Støre bruker 1,1 milliard ekstra på klima

  3. SVs takk for sist

  4. Aps feriepengebommert

  5. Juks, plagiering og blind tiltro til KGB

Fra andre aviser

  1. Debatt: – Noreg treng ikkje eit statleg hydrogenselskap

    Bergens Tidende
  2. Ernas åtte år med mjølk og honning

    Bergens Tidende
  3. Ringenes Herre, podkast og politisk rock: Dette gjer dei som no går ut av Stortinget

    Bergens Tidende
  4. Støre og Vedum må skape begeistring. Det er ikke mer hokuspokus enn det.

    Aftenposten
  5. Stjerneøkonom Piketty vil gi alle 1 million kroner når de fyller 25 år

    Bergens Tidende
  6. Trodde du det er det samme hvilke politikere og partier du velger? Forskjellene på Stortinget har økt.

    Bergens Tidende

VG Rabattkoder

Et kommersielt samarbeid med kickback.no