KRITISK: – Det hjelp ikkje å kalle ei spade for ei spade, når det meste ein seier elles ikkje heng på greip, skriver Kursetgjerde. Foto: André Pedersen

Debatt

Erik Kursetgjerde: – Kva no, Listhaug?

Sylvi Lishaug er ei bondedotter frå Ørskog. Eg er ein bondeson frå Sykkylven. Ei spade er ei spade seier ho. Det har ho rett i. Vi seier ting slik dei er, på vår kant av landet. Men det hjelp ikkje å kalle ei spade for ei spade, når det meste ein seier elles ikkje heng på greip.

ERIK KURSETGJERDE, Kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Sykkylven.

Det er på kanten av det tragikomiske å lese at Sylvi Listhaug i si nye bok anklager leiar i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre for å ha ein kynisk strategi – på same tid som ho seier at ho blei så opprørt av at Støre møtte hardt med hardt, at ho gråt.

No er det rett og slett på tide å sette både skapet og spada der dei høyrer heime. Er det nokon som ikkje skal få gå i offerrolla i denne saka, så er det Sylvi Listhaug.

les også

«Støre er skurken. Sylvi er helten»: Bokanmeldelse: Sylvi Listhaug: «Der andre tier»

Som tidlegare tilsett i PR-byrået First House veit ho veldig godt kva ho gjer - og har gjort med sine tidlegare utspel. Berre det å skrive eit innlegg mynta på at "Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet" burde vore tydeleg nok for folk flest kva Listhaug ynskjer å oppnå. Det er enkel populistisk og respektlaus retorikk, retta mot eit parti som mista 69 av sine ungdommar i ei brutal massakre.

Det var ikkje kynisk av verken Støre eller andre i Arbeidarpartiet å gå ut i mot dette. Reaksjon hadde bakgrunn i tilbakemeldingar frå overlevande som opplevde det som eit direkte hån at ein norsk justisminister kunne lire av seg noko slikt. Det var det det var.

les også

Sylvi Listhaug og alle de andre

Eg forstår også, at det kan vere freistande å framstille seg sjølv som å stå utanfor eliteomgrepet. Ei bondedotter frå Ørskog – ein slags David mot Goliat, der mektige Støre (som for øvrig er i opposisjon) tek seg føre. Å bruke eliteomgrepet for å angripe sosialdemokratiet og arbeidarrørsla er ikkje noko nytt, rett frå oppskrift frå sine høgrepopulistiske vener i Europa og frå milliardæren i USA som no har blitt president.

Realitetane er derimot annleis. Som nestleiar i eit regjeringsparti, stortingsrepresentant og tidlegare statsråd og byråd blir det å oppretthalde denne fasaden berre vanskelegare og vanskelegare for Listhaug.
Å snakke om «eliten i Oslo» når ho sjølv har vore busett der i 17 år og hatt verv på toppnivå er paradoksalt.

les også

Listhaugs oppgjør med kirken: «Oppbevaringsplass for gamle travere fra bistandsbransjen og venstresiden»

Sylvi Listhaug og Framstegspartiet vil vinne val på følgjande måte: angripe media for å vere styrt av venstresida, skape eit bilete av Arbeidarpartiet som eit elitistisk parti utan bakkekontakt og skape fiendebilde mellom ulike samfunnsgrupper. Desse samfunnsgruppene er svakare grupper, som innvandrarar og uføretrygda. Ved å skape splid mellom desse gruppene og ikkje sjå nasjonen i sin heilskap vil det vere enklare for å vinne fram.

les også

Sylvi Listhaug raser mot 22. juli-senteret: – Forkastelig

Dette er ikkje nye takter frå Framstegspartiet. Carl I Hagen har dreve politikk på ein liknande måte, blant anna ved å rakke ned på åleinemødrer og omtale finnmarkingar som latsabbar og bortskjemte.
Politiske skiljelinjer er viktig. Det er grunnlaget for debatt og folkets meiningsdannelse – ein tilretteleggjar for demokratisk utfold. Å forenkle sanninga så mykje at det blir på grensa til usant er ikkje det.

Framstegspartiet og Sylvi Listhaug gir skattelette til nettopp eliten – medan vanlege folk får mindre å rutte med. Det er det som er å kalle ei spade for ei spade.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder