SKOLEBYRÅD: Torger Ødegaard er skolebyråd i Oslo. Politikarane og andre språkleg ansvarlege, til dømes i Oslo, bør ta konsekvensen av at vi har to skrifspråk, skriv kronikkforfattaren. Foto: ESPEN BRAATA
SKOLEBYRÅD: Torger Ødegaard er skolebyråd i Oslo. Politikarane og andre språkleg ansvarlege, til dømes i Oslo, bør ta konsekvensen av at vi har to skrifspråk, skriv kronikkforfattaren. Foto: ESPEN BRAATA

Nynorskfolket sin hovudstad

MENINGER

Nynorskbrukarane er ei gruppe som det er legitimt å diskriminere her i landet. Hovudstaden vår må gå i bresjen for begge våre jamstelte skriftspråk skriver Atle Hamar.

debatt
Publisert:

Av Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet

DEL & DELTA: Delta i diskusjonen nederst i artikkelen og del denne kronikken med dine venner på Facebook og Twitter.

På talarstolen i Oslo bystyre stod nyleg ein representant og påstod at han ikkje er i stand til å lese nynorsk. Debatten handla om hovudstaden skulle vidareføre eit forsøk med valfritt sidemål i den vidaregåande skulen.

For alt vi veit er dette ein politikar som ein dag kan bli vald inn på Stortinget.

I så fall ville vi hatt ein stortingsrepresentant som ikkje var i stand til å lese dokument i ei rekkje viktige saker.

Sleppe opplæring?

Dette aktualiserer spørsmålet som den siste tida er heftig debattert: Bør skuleelevar, det vil i praksis seie bokmålselevane, sleppe skriftleg opplæring i begge våre to jamstelte skriftspråk?

Dersom det faktisk er slik at vi har sentrale folkevalde som ikkje er i stand til å lese eit saksdokument på nynorsk, så er det først og fremst eit krystallklart prov på at opplæringa bør styrkast - ikkje svekkast.

Dette er eit godt prov på kvifor det er viktig at folk her i landet forstår, og kan bruke, begge dei jamstelte skriftspråka våre. Argumentet om at skuleelevar ikkje treng opplæring i nynorsk held altså ikkje.

Tospråkleg bakgrunn

Sjølv har eg ein tospråkleg bakgrunn. Eg er fødd i Oslo, men voks opp i Jølster. Begge stader har eg både budd og jobba. Eg hadde nokre av mine beste år i Oslo, med storbyen sine mange kultur- og mangfaldsaktivitetar. Men som jølstring var det naturleg å velje nynorsk som hovudmål.

Som direktør i eit statleg tilsyn må eg dagleg forhalde meg til begge dei norske skriftspråka.

Men det har alltid vore min politikk som direktør, at Lotteri- og stiftelsestilsynet språkleg sett skal avspegle at vi er lokalisert i nynorskens kjerneområde - i Førde. I sakshandsaminga må vi, som alle andre offentlege organ, svare på det språket som inngåande brev har. Det krev mållova. Dette er i seg sjølv eit godt argument for at nordmenn må kunne begge skriftspråka. Det er ein demokratisk rett å få svar frå det offentlege på sitt eige hovudmål.

Brukar aktivt nynorsk

Men i ein god del av det skriftlege materialet vi elles produserer, nyttar vi ofte nynorsk. Til dømes er våre årsmeldingar alltid på nynorsk. Det same er ein god del informasjonsskriv vi sender ut, og stillingsannonsane våre for å nemne noko. Lotteri- og stiftelsestilsynet sine brukarar har vent seg til at vi nyttar ein god del nynorsk i vår kommunikasjon med omverda.

Dei aksepterer det også, sjølv om vi har fått tilbakemeldingar som først og fremst kallar på smilet. Eg tenkjer til dømes på ein Lions-klubb som sende Lotteritilsynet brev om at dei hadde styrevedtak på at dei ikkje kunne forhalde seg til innhaldet i eit rundskriv på nynorsk.

På nettsidene våre er vi 100 prosent tospråklege, i motsetning til mange andre offentlege organ. Dette er eit døme på korleis nynorskbrukarane blir diskriminerte. Ja, nynorskbrukarane er på sett og vis ei gruppe som det er legitimt å diskriminere her i landet. Vi blir diskriminerte fordi vi brukar eit skriftspråk vi er glade i, og som gir oss identitet. Slikt sømer seg ikkje ein kulturnasjon.

Skjule eigne synder?

Media her i landet er vanlegvis flinke til å slå ned på alle former for mobbing og diskriminering, men altså ikkje når det gjeld ein stor språkleg minoritet. Kvifor er det slik? Er det for å skjule sine eigne tvilsame bidrag til språkleg likestilling og mangfald? For i ganske mange av dei største redaksjonane i trykte medium får ikkje folk med nynorsk som hovudmål bruke språket sitt i spaltene.

Samstundes som sentrale delar av media på denne måten diskriminerer folk som ønskjer å bruke hovudmålet sitt, så blir dei same avisene subsidierte i stor skala gjennom momsfritak.

Det er all grunn for staten til å sjå språkleg diskriminering i samanheng med dette. Utan at eg har rekna på tala, vil eg meine at kvar norske journalist blir subsidiert meir enn ein norsk bonde.

Mange som soknar til bokmålet gløymer at sidemål ikkje automatisk er nynorsk. For mange norske born er det bokmål som er sidemålet. Skal vi følgje logikken frå bokmålshald i debatten, så treng ikkje mine to søner skriftleg opplæring i bokmål. Det vil eg protestere på så sterkt eg kan.

Laga bokbål i protest

For ca 50 år sidan var det sterke krefter som ønskte å lage eitt skriftspråk av dei to vi hadde. Dette forsøket stranda, ikkje minst takka vere ein kraftig motstand i Oslo. Her vart det til og med brukt bokbål som uttrykk for motstand. Når vi framleis har to jamstelte målføre her i landet, så skuldast det ikkje minst motstanden frå bokmålsbrukarane - og ikkje minst i hovudstaden.

Av den grunn bør politikarane og andre språkleg ansvarlege, til dømes i Oslo, ta konsekvensen av at vi har to skriftspråk.

Ja, eg ventar at Oslo som landets hovudstad i framtida går i bresjen for begge dei jamstelte norske skriftspråka. For Oslo er også nynorskfolkets hovudstad.

DEL & DELTA: Delta i diskusjonen nederst i artikkelen og del denne kronikken med dine venner på Facebook og Twitter.