SVAR TIL KIM LARSEN: – Teologane har det ikkje lett. Og Gud har nok hatt si beste tid, skriv kronikkforfattaren. Foto: FAKSMILE VG 21/5

Debatt

Problemet Gud

I VG 21.mai er Kim Larsen ute og prøver å sivilisere og polere Det gamle testamentet.

ARTIKKELEN ER OVER ETT ÅR GAMMEL

ANDREAS SKARTVEIT, pensjonist

Guds råskap og valdsbruk, og mykje anna utriveleg, har plaga ei ettertid. Moderne lesarar reagerer på gudsbileta i den gamle boka. Ikkje utan grunn, skriv Kim Larsen.

No skal ikkje sogene der lesast som vanleg forteljande historie, seier Larsen. Alt frå starten av, i alle fall frå kyrkjefaderen Ireneus på 100-talet, fann kyrkja ut at Det gamle testamentet først og fremst var ei forteljing om Jesus, ei peiking fram til langfredag og påskedagsmorgonen, ein prolog til Det nye testamentet, ein spådom om det som skulle kome.

Andreas Skartveit. Foto: Holm, Morten

les også

Kim Larsen: Å ta teksten helt bokstavelig

Å omtolke heilage skrifter har konsekvensar. Ein konsekvens av denne omtolkinga var at Gud, som i utgangspunktet i GT var ein tyrann, ustabil og sjalu med Larsens ord, vart ein nøktern, omsorgsfull og langtenkjande historieplanleggjar, med menneskets frelse som prosjekt.

Og denne guden liknar lite på den guden den gamle boka fortel om, før teologane er komne til med sine tolkingar. Medan den opphavlege, ufortolka GT-guden var ein derogdågud, som rusla rundt og prata i Edens Hage, som hjelpte israelarane til å forjage kananittane, som hjelpte dei over Raudehavet, og som var med i mange meir praktiske og konkrete saker, er den teologfortolka guden meir å likne med ein strateg i det hovudkvarteret historia måtte ha.

Og han er fjernare enn den gamle var. Der han sit og kalkulerer og trekkjer i trådane, har han gitt avkall på dei fleste menneskelege sidene den gamle ufortolka guden hadde. Den gamle guden var menneskeleg, med menneskets gode og dårleg sider, til tider brutal og fæl. Teologguden, kalkulatoren i historias hovudkvarter, er ein fjern Gud, som styrer med uforståelege ting for andre enn teologane. Larsen kallar deira lesemåte åndeleg.

Hen er ikkje ein gud ein går til for å be om regn, at pesten må stoppe, at det må bli barn i ekteskapet. Slikt er han heva over. Kvardagen er ikkje lenger hans ansvar. Han er avhumanisert, åndeleggjort og elevert.

Men har guden tålt denne omtolkinga? 

les også

Å se det usynlige i det synlige

Verda er full av gudar. Dei har fått fullmakt til å forklare det mennesketanken åleine har problem med å forklare og forstå: korleis alt er blitt til, kvifor alt er som det er, korleis alt starta og korleis det skal ende.  Mennesketanken har skapt gudane for at dei skal hjelpe han med å orientere seg i ei gåtefull verd. 

At gudane er menneskeskapte, er ein gammal tanke. Den greske historikaren Herodot meinte at nubiarane, som budd sør i Egypt og var mørkhuda, hadde svarte gudar. Oksane hadde oksar til gudar meinte han.

Lenge brukte gudane, både her og der, desse fullmaktene til å regjere over menneska, til å diktere verdsforståing og levereglar. Dei blanda seg i det daglege. Dei greske og romerske gudane var som moderne departementssjefar med ansvar for ulike sider av samfunnet og menneskelivet. Og gudane levde  menneskeliknande  liv, med familiar, ekteskap, sidesprang, konfliktar og sjalusi.

Det var mykje kjent med gudelivet. Og gudane levde trygt i sine gudeheimar.

Men så byrja gudelivet å bli farleg. Mennesketanken byrja å frigjere seg frå det gudeveldet han sjølv hadde skapt . 500 år før vår tidsrekning byrja dei joniske naturfilosofane, Thales, Anaximander og dei andre, å sleppe mennesketanken laus på verda og naturen, utan overstyring frå gudane. Meir og meir av det som hende, fekk forståelege forklaringar. Etter kvart tapte gudane meir og meir forklaringsmakt. 

Og gudane hadde starta sin veg mot undergangen og den historiske skraphaugen. Der ligg no heile gudefamiliar: dei greske, romerske, norrøne, tusentals stammegudar og meir til.

les også

Vinen er Guds gave

Men nye gudar kom til. Den jødiske stammeguden Jahve og son hans grunnla ein ny religion som fortrengde mange andre, slik hans fetter Allah gjorde nokre hundreår seinare.

Dei var begge etablerte i krig og strid, og var prega av det. Begge brukte sverdet til å spreie makta si. Gamle gudar vart fortrengde. Vår gud møtte lite livskraftig motstand før Allah dukka opp og overtok det geografiske området der vår gud vart etablert. 

Så reiste mennesketanken seg mot den sjølvskapte gudemakta. Vitskapen, arven frå dei joniske naturfilosofane, trengde seg på. 

Det gjekk hardt ut over den store autoriteten, Bibelen, som hadde rådd over det meste av tru og tanke. Og med Bibelens nedtur følgde også demonteringa av den allmektige skaparguden, helten frå moseboka og Michelangelos tak i det sixtinske kapellet. 

Å vere skapargud er eit risikoyrke. Som ein del andre yrke har det både tida og utviklinga mot seg. Nesten alle skapargudar er borte.

Dei fleste på våre kantar strevar i dag med dei store uløyselege spørsmåla på eiga hand, utan hjelp frå gudar og heilage bøker. 

Newton, Einstein og Niels Bohr hjelper oss eit stykke på veg. Det er ikkje lett, og mange store spørsmål står framleis utan svar.

Vår gud er demontert for dei fleste, utan styring på vitskap og historie, som han eingong hadde. For dei som framleis trur på han, er han først og fremst ein gud for livsmeining og sjelefrelse.

Sjelefrelsa er heller ikkje det ho var, ettersom også sjela har fått problem med trua og eksistensen. Færre og færre trur på ei sjel, eit vesen som skal leve vidare i eit anna liv etter vår død. Dei fleste av oss reknar med at vår eksistens sluttar i grava, og at det er vårt eige ansvar å finne livsmeininga før vi kjem dit.

I dette turbulente miljøet, der Descartes sertifiserte tvil herjar nådelaust, prøver teologane å reservere ein plass for Gud ved å tolke skrifta og  modernisere og polere rufsete historieforteljingar.

Gud var ein gong, og det er ikkje lenge sidan, trusmonopolist. I dag er han ein trusleverandør av mange i ein marknad. 

Fleire og fleire finn andre leverandørar.

Teologane har det ikkje lett. Og Gud har nok hatt si beste tid.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder