DÅRLEGE KORT: – Motgang gjer deg ikkje sterk, motgang gjer deg sliten! Men motgangen i livet kjem enten ein vil det eller ei. Å kjempe mot korta ein får utdelt fungerer dårleg, skriv kronikkforfattaren. Foto: Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB Scanpix

Debatt

Eit skrøpeleg liv?

Har du fått dårlege kort utdela i livet, må du likevel spele med dei du fekk.

BJØRN HATTERUD, kunstkurator, skribent og aktuell med boka «Mot normalt»

Eg vart fødd med ei form for ryggmergsbrokk, klumpfot og har ei rekkje følgjelidingar. Eg har vorte operert ei rekkje gongar og mykje av livet har gått med på behandlingar. Den høgre foten min er nagla fast i ein posisjon og eg har hatt mye fysiske smerter, sår og skadar. Då eg stod fram som homo på vidaregåande skule vart eg tungt mobba. Eg flydde difor heimbygda for å studere i Oslo, men eg kjende meg einsam på Blindern. Eg hadde ikkje referansar til høgare utdanning heime frå, eg er ein såkalla klassereisande.

Å vere funksjonshemma er tøft nok i seg sjølv. Å vere homo kan gje deg store problem kjenslemessig og sosialt. Å bli mobba øydelegg mange liv. Å komme inn i ein middelklassekultur med andre måtar å snakke på og oppføre seg på enn i barndommens arbeidarklassekultur er vanskeleg. Alle desse tinga er kvar for seg nok til at folk kan oppleve livet som tøft.

Eg fekk alt dette på ein gong. Men har eit bra liv likevel.

Bjørn Hatterud. Foto: Samlaget

Eg skal ikkje ljuge – tjueåra var harde. Ein indremedisinar eg var til då eg var i slutten av tjueåra summerte opp innhaldet i tjukke journalar med: «Du har hatt eit skrøpeleg liv.» Eg gjekk på attføring lenge, studerte kulturstudium deltid på Blindern. Gjorde det eg kunne for å klare å finne min veg inn i ein arbeidsmarknad som avvikar med dårleg helse og nedsett og varierande arbeidskapasitet.

Då eg fylte tretti år, vart eg uføretrygda. Då vedtaket kom i posten, gjekk eg inn i ein tung depresjon. Samstundes var eg bestemt på å kjempe meg vidare. Livet bestod av timevis med fysioterapi, regelmessig trening, årevis i samtaleterapi med psykiater. Smerter, skadar, sår og angst.

Fordelane med uføretrygd er at ein kan jobbe så mykje ein klarer, med det ein liker, og endå klare seg økonomisk. I staden for å jobbe mot meg sjølv jobba eg med det eg hadde. Eg stod på, tidvis hardare enn kroppen tolte. Eg hadde ei fortid å fri meg frå og eit sjølvbilete å fikse opp i. Dei stundene eg ikkje var til behandling og ikkje låg rett ut i smerter, jobba eg kreativt – for å lage meg ein slags karriere.

les også

Bjørn Hatterud: Mange av Ole Ivars’ mest populære låter har perspektivet til mennesker nede på rangstigen

Eg starta å skrive tekstar om det å vere annleis. Eg skreiv om å vere ein homo som ikkje passa inn, om funksjonshemmingar og stigmatisert arbeidarklassekultur. Det viste seg å vere ein marknad for tekstar om å ikkje vere som dei andre, så eg vart plukka opp av ulike redaktørar i tidsskrift, blad og aviser.

Ting eg skreiv, fekk mykje merksemd. Å vere annleis gav meg definisjonsmakt. Tekstar om kropp, funksjonshemmingar og seksualitet vart siterte i Stortinget, i eksamenar på vidaregåande skule, i lærebøker i etikk og i ymse doktorgradsavhandlingar.

Tekstar om arbeidarklassa, om dialektbruk, bilkultur og folkeleg interiørsmak vart følgde av intervju i radio, aviser og blad. Ein tekst om råning enda opp som pensum i eit mastergradsemne på universitetet. Eg har sjølv berre ei bachelorgrad.

les også

«Hva vi elsker»: Innvandrerbarna som studerer seg opp og frem

I biletkunstfeltet gav klassebakgrunnen min og erfaringane som minoritet og outsider meg verdifulle sideblikk. Eg starta som kunstkritikar, deretter vart eg bedt om å skrive tekstar til utstillingar. Derifrå gjekk det kort tid før eg fekk velje ut verka som skulle vere med. Eg vart kunstkurator. Dei fleste utstillingane eg har kuratert, har fått mykje merksemd, kritikarar har påpekt at utstillingane har vore originale og sære.

I studietida starta eg òg å lage eksperimentell musikk på eiga hand. Der blanda eg saman lydar frå lågkulturen eg kom frå, med lyd inspirert av avantgardekunstnarar. Platene fekk titlar med referansar til homofili, funksjonshemmingar og arbeidarklassekultur.

Musikken min passa inn i støymusikkmiljøet i Oslo der høgskuleutdanna komponistar, gamle punkarar, jazzmusikarar og outsiderar møtest i ein kjærleik for alt som er outrert, sært og smalt. Der vart eg tatt imot med kjærleik og aksept.

les også

Kronikk: Håndverker til tjeneste

Eg har gitt ut eksperimentell musikk i kanskje femten land. Ei vart utropt som årets plate i Morgenbladet, mens Dagsavisen gav plata terningkast seks. Seinare har eg spela på Øyafestivalen, og ein av dei rare låtane mine har vore på P3 si liste over vekas beste låtar.

Gradvis fekk eg eit anna sjølvbilete og ein slags underleg karriere som profesjonelt annleis i kulturlivet.

I dag tener eg til stor grad mine eigne pengar på desse rare kulturprosjekta mine. Desse prosjekta er direkte resultat av det uvanlege utgangspunktet for livet mitt. Utan funksjonshemmingar, det at eg er skeiv, klassereisa og mobbinga hadde eg ikkje kunne gjort dei tinga eg gjer i dag.

Fordelen med å få andre kort utdelt i livet enn vanleg er at ein kan spele livet annleis. Ulempa med å få andre kort utdelt i livet er at om ein samanliknar kort med andre, så ser ein ut som ein tapar.

les også

Geir Arne amputerte begge bena: Livet med annerledes kropp

Pluss content

Eg meiner ikkje å seie at eg anbefaler andre å gå gjennom like mykje motgang som meg. Motgang gjer deg ikkje sterk, motgang gjer deg sliten! Men motgangen i livet kjem enten ein vil det eller ei. Å kjempe mot korta ein får utdelt fungerer dårleg, må ta i mot og bruke det vi får. For motgang i livet har ein bonus, motgangen gir deg tilgang til andre mogligheiter enn dei eit liv i medgang gir.

Å ha eit annleis utgangspunkt kan gjere at ein må velje bort ei rekkje ting som andre ser på som sjølvsagte i livet, men det annleis utgangspunktet mitt ga meg samstundes fridomen til å forme eit liv på mine premissar.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder