MAKTKAMP: – Lovnaden frå Kjell Ingolf Ropstad om å fjerne paragraf 2c i abortlova, var heilt urealistisk. Kanskje visste han det, kanskje visste han det ikkje. Han vart i alle fall åtvara. Likevel gjorde han det, skriv kronikkforfattaren. Foto: Tore Kristiansen

Debatt

Identitetspolitikken som felte Hareide

Kva fekk ein politikar til å sette heile si politiske karriere på spel – slik Knut Arild Hareide gjorde i fjor haust? Eg trur svaret er: identitetspolitikk.

EMIL ANDRÉ ERSTAD, forfattar av «Hareides fall. 36 dagar som endra norsk politikk» og tidlegare rådgjevar for Knut Arild Hareide

Kampen om KrF hausten 2018 vart til ein kamp om meir enn berre kva regjering KrF skulle sitte i. Det vart vel så mykje ein kamp om kva slags KrF vi skulle ha i norsk politikk.

Det blei spesielt tydeleg då Kjell Ingolf Ropstad lanserte sitt berømte abortultimatum midtvegs i prosessen. Han ville samarbeide med dei som ville gjere innstrammingar i abortlova ved å fjerne paragraf 2c. Dette skulle vise seg å bli eit identitetspolitisk maktgrep utan sidestykke.

Emil André Erstad Foto: Thomas Andreassen

Det var jo nettopp frykta for denne forma for identitetspolitikk som var ein av hovudgrunnane at Knut Arild Hareide ønskte eit regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet og Senterpartiet, framfor eit samarbeid til høgre som involverte Framstegspartiet.

Lovnaden frå Kjell Ingolf Ropstad om å fjerne paragraf 2c, som av mange i KrF vart kalla «sorteringsparagrafen», var heilt urealistisk. Kanskje visste han det, kanskje visste han det ikkje. Han vart i alle fall åtvara.

Likevel gjorde han det. Med hjelp frå statsminister Erna Solberg.

Identitetspolitiske markeringar er oftast effektive for å nå kortsiktige mål, enten det er snakk om bygging av grensegjerde eller annan symbolpolitikk.

les også

Hareides nærmeste rådgiver i ny bok: Ble ansatt for å dra KrF mot venstre

Omtrent på same tid som prosessen i KrF spelte seg ut, gav den amerikanske forskaren og forfattaren Francis Fukuyama ut boka Identity. Der skildrar han korleis menneske gjennom historia mange gonger har opplevd å hamne på sida av samfunnet, at identiteten deira ikkje passar heilt med dei sosiale normene storsamfunnet har. Identitetspolitikken gjer desse ei kjensle av oppreising. Spesielt gjeld dette for dei som kjenner seg som ein minoritet i samfunnet sitt. Dette gjeld og mange konservative kristne. KrF-veljarane er i alle fall ein minoritet. I verste fall kan då politikken handle meir om å seie dei «riktige tinga», heller enn å gjennomføre praktisk, god politikk for samfunnet. Eg trur Kjell Ingolf Ropstad ønskte å gjennomføre endringane i abortlova han stilte ultimatum på i fjor haust, men kanskje var ikkje det det viktigaste? Kanskje var det vel så viktig å vifta med eit flagg, å høgt og tydeleg representere minoriteten, i den viktigaste symbolsaka?

Det streid mot måten Knut Arild Hareide tenkte om politikk. Det er vanleg å tenke at politikk handlar om det ein kan få til, «det mogleges kunst», slik den tyske rikskanslaren Otto von Bismarck uttalte. Dei siste åra har politikken handla meir om kven som gjer noko, og kva som blir sagt, enn kva vi oppnår. Det blir umogleg å forstå det som skjedde i KrF desse trettiseks dagane, utan å sjå det i lys av nettopp dette, identitetspolitikken.

Det vart etter kvart eit vanleg argument i KrF at retningsvalet handla om kvar vi best kunne møte forståing for våre haldningar. «Ja, eg er einig med deg i at vi nok vil få størst gjennomslag med Arbeidarpartiet og Senterpartiet, men Høgre forstår oss betre», var det mange som sa. Eller Erna. Som om samveret er det viktigaste i politikken, ikkje resultata.

Nokre meinte at Hareide sjølv var styrt av identitetspolitikk, så motvillig som han var når det gjaldt samarbeid med Framstegspartiet. At han såg seg blind på den forskrudde retorikken Frp brukte i debattar om framandkultur, innvandring og integrering og ikkje såg kva politisk gjennomslag KrF kunne få i eit slikt samarbeid. Men Knut Arild hadde nok langt større problem med den svært så restriktive politikken som låg bak retorikken. Kva ord som vart brukte, talde òg, meinte Hareide. Han var oppteken av korleis orda vi nyttar, betyr noko. Orda skulle ikkje splitte oss. Det handla om eit større vi. Om korleis vi som samfunn skulle snakke om og med kvarandre. Kall det gjerne identitetspolitikk, men ein inkluderande ein, ikkje ein splittande.

Det vart ingen endringar av 2c i abortlova. Men høge ramaskrik, kraftige protestar og folkerike demonstrasjonar. Når politikarar i Ap og SV no raslar med sablene om å liberalisere abortlova, blir det lettare for konservative KrF-arar å sei at dei valde rett side i fjor haust. Men reaksjonane er sjølvsagt eit resultat av at Erna Solberg og KrF si noverande leiing har framprovosert hardare frontar her enn vi har sett på fleire tiår. Slik blir debatten ein sjølvoppfyllande profeti.

KrF kan no oppleve ein rekyl i desse sakene. Liberalisering av bioteknologilova er varsla så snart KrF-vetoet ikkje gjeld lenger. Utviding av abortgrensa er i spel i fleire parti, i regjeringspartia også. Og KrF-haustens ultimatum gjorde at opinionen snudde frå skepsis til sterk støtte for tvillingabort. Berre SP står på si restriktive linje, enn så lenge. Lågmælt dialog med dei og allierte på venstresida er betre egna til å handtere krevjande etiske spørsmål. Det er berre ein slik dialog med kvinnerørsla som og kan bidra i positiv retning.

Identitetspolitikken som felte Hareide kan altså ende opp med å gje Norge liberaliseringar i abort- og bioteknologipolitikken.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder