TAKKSAM KJÆRAST: «Det fins trygt, stabilt liv - og samliv - etter rus, men det byrjar med å aksepterer at rusen framleis er der. At han må snakkast om - i eit trygt fellesskap der alle stiller på like vilkår. Der eg ikkje har noko å gjere. Eg kan berre vere evig takksam for at dei tek vare på det kjæraste eg har», skriver Siri Helle, her saman med kjærasten Asle. Foto: Privat

Debatt

Eg er kjærast med ein alkoholikar

Eg er heldig: Kjærasten min er alkoholikar, men på grunn av ei sjølvhjelpsgruppe treng eg ikkje vere redd han byrjar å drikke igjen. 

SIRI HELLE, skribent og forfattar

For eit drygt år sidan vart eg kjærast med ein alkoholikar. 

Då vi møttest var det drygt seks år sidan han sist hadde smakt alkohol. Med andre ord har eg aldri sett han full. Det er likevel langt frå hovudårsaka til at eg kan bruke null prosent av tida mi til å uroe meg for om han nokon gong kjem til å byrje å drikke igjen. 

Sjølv om åra går veit eg at den tryggleiken langt i frå er noka sjølvfølge. 

Kjærasten min heiter Asle, er 59 år og tømrar. Eg heiter Siri, er 37 år og skribent. Vi er sambuarar, vi reiser på segltur saman om sommaren, går på jakt no om hausten, kranglar om oppvasken og brukar tid på å verte kjende med kvarandre sine familiar. Akkurat som alle andre par, vil eg tru.

Så kvifor tenkjer eg det er trong for å skrive ein tekst om forholdet vårt - ein tekst eg vil mange andre skal lese? 

Kanskje fordi like så mykje som det er tabu å kalle seg alkoholikar samstundes som ein meistrar den daglege dulten, er det nærast ulovleg å stole på at ein tørrlagt alkoholikar ikkje kjem til å byrje å drikke igjen. 

les også

Kjærligheten reddet Katrine og Daniel ut av rusen

Pluss content

Asle var ikkje ein sånn alkoholikar som hang på gata og drakk raudsprit på formiddagen. Då var han på jobb. Ingen må hamne på gata for å rettferdiggjere å ha eit rusproblem. Det held å merke at ein ikkje har heilt kontroll, at rusmiddelet ikkje er eit val lenger, same om det rusmiddelet er vinkartongen i kjøkkenskapet eller den kvite pillen i dosetten. 

Asle trengte heller ikkje noko opphald på avrusingsklinikk for å slutte å drikke. Ikkje alle treng det. 

Men han trengte hjelp. Det treng alle. Og hjelpa han fann, er den same som hjelp meg å kjenne meg trygg: Den likesinna. Asle fekk alkoholmisbrukspillen Antabus for å slutte å drikke, men det var medlemmane i Florø Ettervern som hjelpte han å ta den. 

Kort fortalt handlar det om ei sjølvhjelpsgruppe. Tirsdagsklubben heiter dei, møtene til Flora Ettervern, ei etterverngruppe i Rusettervernet Sogn og Fjordane, ein organisasjon som fyller 50 år neste år og som på mange måtar er litt gamaldags: Fordi medan russtyresmakter inisisterer på å snakke om «recovery» og det implementerast nye «retningslinjer for behandling i LAR» og oppfylgjing av pasientar skal verte betre ved å vere i «pakkeforløp», insisterer Rusettervernet Sogn og Fjordane på å vere nettopp det - eit «ettervern», på norsk, eit vern etter aktiv rus. Fordi å slutte å ruse seg - om det no er på alkohol, amfetamin eller morfin - ikkje er noko ein gjer berre ein gong, det er noko ein gjer kvar einaste dag resten av livet. 

Og då er nettopp ein av dei få tinga dei aller, aller fleste er heilt samde i at fungerer for resten av alle desse liva er nettopp møte mellom likesinna. Samtalar med folk som forstår deg. Hjelp frå nokon med same erfaring som deg. Saman med alle dei formelle, offentlege hjelpetiltaka sjølvsagt - dei må og vere der. 

Men det siste året har eg fått skjøne, fordi eg har sett, kor viktig ein bitteliten så og seie heilt friviljug og heilt sjølvdriven (alle er tidlegare rusmisbrukarar eller pårørande) organisasjon er for så mange, nettopp fordi han er liten, og på mange måtar enkel, heilt utan skjema som skal fyllast ut, til dømes, eller dårleg samvet for å ikkje møte til avtaler, men tvert om med uendelege høve til å kome attende til ein stad der det einaste kravet som vert stilt er at du er rusfri eller ynskjer å verte det. Då vert du møtt, då får du hjelp. 

Det at eg - som liksom skal vere den viktigaste personen i livet til Asle - ikkje er viktigast i akkurat dette, kan vere litt sårt. Det same at han har eit nettverk som er så viktig for han, og som eg aldri kan få vere ein del av. Men eg veit det er ein latterleg lav pris å betale for å ha ein rusfri kjærast. 

Eg er skikkeleg stolt over han, at han held seg rusfri - og at er med å gje det vidare, for i etterverngruppa får han lov å hjelpe: Bruke eigne erfaringar til å vere eit godt føredøme for dei som er der han ein gong var sjølv. Syne at det er mogleg. Om ikkje det er motivasjon til å ikkje sprekke, så veit ikkje eg. Og hjelp til sjølvhjelp er ord stappfull av meining. 

les også

Brad Pitt om drikkeslutten: – Jeg hadde dratt det så langt jeg kunne

At eg ikkje er redd for at han skal byrje å drikke att, tyder altså ikkje at å ha ein kjærast som er alkoholikar ikkje pregar kvardagen. Ikkje fyrst og fremst fordi det har ført til at eg òg nærast har slutta å drikke: Tanken «skal vi aldri kunne ta oss ei øl på toppen eller feire nyttår med eit glas bobler» var der, sjølvsagt, men han gjekk fort forbi. Kanskje var det kjærleik - vanskeleg var det ved alle høve ikkje. Å vere forelska edru er noko eg unner alle. 

Å akseptere at eg er pårørande tok lenger tid. Eg har jo aldri vore borte i problemet, ikkje levde med sjukdommen i utbrot, så og seie. Men eg har etterkvart skjøna at å ta pårøranderolla innover meg ikkje er å skape problem som ikkje eksisterer. Det fins trygt, stabilt liv - og samliv - etter rus, men det byrjar med å aksepterer at rusen framleis er der. At han må snakkast om - i eit trygt fellesskap der alle stiller på like vilkår. Der eg ikkje har noko å gjere. Eg kan berre vere evig takksam for at dei tek vare på det kjæraste eg har. 

Kronikken er skrevet i samråd med kjæresten Asle (red. anm.)

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder