ADVARTE: Oddbjørn Bruland, professor ved NTNU og hytteeier, har tidligere varslet om hva som kunne skje i Utvik. Her på stedet hvor han har sommerhus, og hvor han la siste hånd på verket søndag kveld, timer før bygda ble rasert av flom. Tre naust er ødelagt, og hauger med jord, steiner og materialer som elven tok med seg. Foto: HALLGEIR VÅGENES, VG
ADVARTE: Oddbjørn Bruland, professor ved NTNU og hytteeier, har tidligere varslet om hva som kunne skje i Utvik. Her på stedet hvor han har sommerhus, og hvor han la siste hånd på verket søndag kveld, timer før bygda ble rasert av flom. Tre naust er ødelagt, og hauger med jord, steiner og materialer som elven tok med seg. Foto: HALLGEIR VÅGENES, VG

- Små og mellomstore vassdrag vil skape enorme katastrofar

MENINGER

Vi har alle skuld i det som skjer med klimaet vårt og som no forsakar slike katastrofar som dei vi opplever i Utvik.

Publisert:

ODDBJØRN BRULAND, professor ved NTNU
Og vi må alle ta følgene av dette for denne gangen ramma det meg, neste gang kan det like gjerne vere deg. Klimaet er blitt ekstremt og vil bli verre og episodar som den i Utvik, Flåm, Kvam og so vidare vil bli mange fleire av og dei vil få større omfang. Spørsmålet er ikkje om dei kjem, men kva vi gjer med dei. Om det er forsikringssummen som må opp for å gjenskape livet til dei som blir råka, beredskapen som må bli endå betre når tilfella inntreff eller førebygginga som må styrkast må vi diskutere. Men så lenge vi ikkje har ei klar ansvarsfordeling kjem vi ikkje effektivt vidare.
Les også: Vann-ekspert varslet om flommen

Ingenmannsland

NVE handterer dei store vassdraga. Statens vegvesen handtere hovedvegnettet og kommunane infrastrukturen i bygdene og byane våre. Og alle gjer dette på ein god måte ut ifrå dei ressursane dei har til rådevelde. Dei små og mellomstore vassdraga våre snor seg langs og gjennom alle desse ansvarsområda, men i mellom og der dei kjem frå er eit ingenmannsland i denne ansvarssamanheng. Og det er nettopp dette som er ei utfordring. Dimensjonering av nye bruer og kulvertar skjer etter retningslinjer utforma av NVE og blir både utført og kontrollert på ein tilfredsstillande måte. Slik sett gjer vegvesen jobben sin, men kven vurderer kva som skjer oppstrøms brua når elva har teke eit nytt løp i eit kritisk punkt ingen har vurdert fordi det ikkje er nokon sitt ansvarsområde å vurdere dette. Kva skjer når elva tek med seg stein, grus, trær og andre materiale og tettar brua og vatnet pressar på og må fram?

Målet mitt er ikkje å kritisere NVE for den jobben dei gjer. Målet er å peike på den jobben dei ikkje gjer og heller ikkje er pålagt å gjere, og som dei difor sender vidare til vegvesen og kommunar som heller ikkje har dette ansvaret eller naudsynt kompetanse til å gjere. Om dette er ansvarsfråskriving eller systemsvikt får vere det same, men dette er kritisk i åra framover om vi ikkje tek tak i det.
Les også: Flere bygninger flyttet av flommen

Enorme katastrofar

Små og mellomstore vassdrag vil skape enorme katastrofar om vi ikkje set desse høgt nok på dagsorden. På lik linje med dei store vassdraga må dei vurderast i eit heilheitleg perspektiv og ikkje berre i punkt der den kryssar ein veg eller renn langs der folk bur. Vi vil aldri klare å hindre skader, men vi kan i stor grad kontrollere omfanget av dei. Ved å identifisere og gjere tiltak i kritiske punkt og vurdere kva som skjer når tiltaket ikkje lenger strekk til kan vi sikre oss at vatnet i neste omgang tek ein kontrollert omveg forbi og ikkje endar på ville vegar. Slik tenking er innført for dammar og andre store vassdragskonstuksjonar. Ei overtopping av ein stor dam skal aldri skje, men om den skjer møter vatnet ei damfylling som skal motstå store vassmengder og ikkje rase ut. Skadene som eventuelt inntreff skal vere kontrollerte. «Resilience» blir dette kalla på engelsk og det er kanskje skildrande nok at vi ikkje finn eit godt norsk ord for det same. Men slik må vi også tenke i forhold til all annan infrastruktur vi bygger. Og vi har både kompetansen og mulegheita til det og handle deretter, men ansvaret må settast og delegerast for verken NVE, vegvesen eller kommunar skal eller kan gjere dette åleine. Til det har vi som NVE peikar på altfor mange små og mellomstore vassdrag.

Ingen tenkte på vasskreftene

Det vart gjort tiltak i elva i Utvik for å sikre bygningar og utan desse tiltaka hadde det sikkert gått endå verre. Men kva hjelp det med eit sikra elveløp forbi bygningane når elva tek eit nytt løp oppstrøms og fyller opp elva med stein og grus og renn ut og forbi. Om kapasiteten under ei bru er god nok hjelper ikkje det når elva tek ein annan veg 50 meter ovanfor og grev ut ei sidefylling der ingen tenkte på vasskreftene. Dette er eit eksempel på at den heilheitlege vurderinga av risiko ikkje er gjort. Dette vart peika på i det varselet som vart sendt både til kommunen og NVE og som dei rett hevdar vart sendt vidare til vegvesenet. Men dette fell utanfor alle desse sitt ansvarsområde og vart ikkje vurdert. Vi kan ikkje klandre dei for dette så lenge det ikkje er deira ansvar, men kven skal vi adressere ein slik systemsvikt til og korleis skal vi handtere dette framover?
Få flere kronikker og kommentarer: Følg VG Meninger på Facebook!

Vart varsla

Vegen og bruene i Utvik har vore slik i hundre år og meir enn det. Og kven skulle tru at skrekkscenarioet som vart varsla i fjor skulle inntreffe i år? Vi kan ikkje forvente at kommune og vegvesen skal snu seg så raskt, men hadde dei hatt same magefølelsen som eg sto med i fjor når elva vaks opp og vasskreftene skremde sveitten fram hadde dei kanskje sett i gang tiltak straks. Slike vurderingar som vart gjort i Utvik under flaumen i fjor er synsingar og noko anna er nesten ikkje muleg, men det er synsingar på ei relativt kvalifisert grunnlag og noko betre enn det får vi ikkje.
Les også: Klimaendringer vil gi mer ekstremvær

All verdens modellar og datamaskiner kan ikkje erstatte kvalifisert synsing og vurdering, men er ei uvurderleg støtte og mulegheit vi har som dei aldri har hatt før. Men vi må bruke den og vi må skunde oss. I Utvik har skada skjedd, men mange plassar står for tur. Det vi investerer i å gjere grundige heilheitlege vurderingar i desse og investere tungt i dei rette tiltaka no, sparer vi inn med ti gangen om vi klarer forhindre ein tidel av dei mulege katastrofane vi står framanfor. Dette krev ein nasjonal dugnad og eg ber NVE og myndigheitene om å ikkje stille seg på barrikadane å forsvare «status quo», men bli med å finne vegen vidare.

Her kan du lese mer om