KRITISERAR FØDETILBODET: – Lokale og nasjonale helsemyndigheiter må forstå at det er ei grense for kva som er akseptabel reisetid i fødsel, skriv kronikkforfattaren.

Dei fødande tek «kostnaden» av stengde fødeavdelingar

Kvinnehelse har vore i vinden i haust. Men det kan virke som vinden ikkje har blåst over styreromma i helseføretaka rundt om i landet.

Publisert:
iconDette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til VG her.

CAMILLA TJØNNELAND MENTZONI, Lege og ph.d.-stipendiat ved FHI

For fødetilbodet til kvinner i distrikta verker ikkje å ha topprioritet når avgjerslene vert tekne.

I oktober vart det bestemt av Helse Møre og Romsdal å stenge fødeavdelinga i Kristiansund etter langvarig uvisse om framtida til fødeavdelinga. Helgelandssykehuset diskuterer å stenge to fødeavdelingar 16 veker i året.

Nyleg kom det fram at Helse Bergen vurderer å sommarstengde fødeavdelinga ved Voss sjukehus som eit sparetiltak.

Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) er det berre dei fødande som soknar til Finnmarksjukehuset – Kirkenes som har lengre median køyretid til fødetilbodet enn fødande til Voss sjukehus.

Camilla Tjønneland Mentzoni

Berekningar frå SSB visar at median køyretid til fødeavdelinga ved Voss sjukehus er 1 time og 5 minutt (SSB – 2019). For dei som allereie har lang reiseveg til fødetilbod sitt i dag, vil ei stenging av noverande fødetilbodet føre til enda lengre reiseveg, med dei utfordringane det medfører.

I tillegg vil det etter alt sannsyn vere eit auka behov for følgjeteneste med jordmor, eit tilbod til fødande med reisetid over 90 minutt til ei fødeavdeling. Kva reisetid betyr for dei fødande er viktig å ta med når ein skal vurdere fødetilbodet nasjonalt.

Studiar av korleis norske kvinner opplever lang reisetid til fødeinstitusjon er mangelvare.

Men sentralisering av fødeinstitusjonar dei siste tiåra er ikkje eit særnorsk fenomen og debatten om følgjene av lang reisetid og lokalisering av fødeinstitusjonar finn vi att i fleire land vi kan samanlikne oss med.

Spreidd busetjing, lange reiseavstandar og utfordringar med vêr- og føreforhold må ein òg å ta omsyn til i andre deler av verda.

Forsking frå Skottland, Canada og Australia har sett nærmare på korleis dei fødande opplever lang reisetid.

Det som går att i funna deira er at lang reisetid gjev grobotn for mykje bekymring rundt transporten ved fødselsstart.

Kvinnene ber på ei reell frykt for transportfødsel, og uro for praktiske problem med stengde vegar og vêr- og føreforhold.

Les også

Strid om fødetilbud i Oslo: – Kan jo tenke at søringan er heldige

Kampen for ABC-enheten i Oslo fortoner seg annerledes, når det er 14 mil til nærmeste sykehus og veien til fødeklinikken…

Ofte forsøkjer ein å bøte på ulempa med lang reisetid ved å tilby overnatting i nærleiken av fødeavdelinga. Men for mange kvinner er dette eit tilbod med ein betydeleg bismak.

Fordi det er vanskeleg å forlate partnar, eldre søsken og sosialt nettverk i opptil fleire veker, i ein periode av livet der dei fleste ynskjer å vere i sitt eige nærmiljø.

Forsking syner at kvinner som bur i distrikta opplever at dei vert fråtekne høve til å føde i trygge omgjevnader med tilbod om smertelindring og jordmorkompetanse.

I staden må dei uroe seg om transport og logistikk i samband med fødselen. Dei har og ei kjensle av urett ved at fødetilbodet ikkje er likt for alle, uavhengig av geografi og bustad. Stadig uro om lokalt fødetilbod og risikoen for at det lokale fødetilbodet vert stengt er òg ei årsak til stress og angst hos dei gravide. 

I sum fører dette til ei stor belastning for fødande med lang reiseveg. I Canada har ein synt at gravide og fødande med reisetid over 1 time til næraste fødetilbod har 7 gangar høgare risiko for symptom på stress og angst samanlikna med kvinner med eit lokalt fødetilbod.

Særleg utfordrande er det for fleirgongsfødande. Dei må handtere pass og omsorg for eldre søsken, samstundes som dei har auka risiko for rask fødsel og vanskar med å nå fram til fødeavdelinga i tide. 

Pluss content
Les også

Shazia Majid: Skammelig og uverdig barselomsorg

Den offentlige barselomsorgen er så stemoderlig behandlet at en nesten skulle tro det ikke var viktig at kvinner føder…

Studiar frå Noreg, Sverige, Nederland, Canada og Frankrike har synt at auka reisetid til fødeavdelinga gjev uynskte konsekvensar for mor og barn; som auka risiko for transportfødslar, alvorlege komplikasjonar av svangerskapsforgifting, for tidleg fødsel og dødsfall hos foster/nyfødt.

Reisetid er ikkje ein uvesentleg faktor når ein skal vurdere kvaliteten i fødetilbodet.

Forsking viser at trygge fødslar handlar både om innhaldet i helsetilbodet, men òg om å ha eit tilgjengeleg fødetilbod. Når reisevegen aukar kan det vere ein ikkje lenger opplever å ha eit reelt fødetilbod.

Det kan virke meiningslaust å reise til ei stor og avansert fødeavdeling om ein ikkje når fram i tide, til dømes når far vert «jordmor» i vegkanten. Fødselshjelpa må vere tilgjengeleg for dei som skal nyttiggjere seg av ho.

Norsk og internasjonal forsking har vist at lang reisetid til fødetilbod gjev psykiske, emosjonelle og praktiske vanskar for dei fødande, og har samanheng med uynskte utfall for mor og barn.

Ein må anerkjenne at norske kvinner sitt krav om nærleik til eit fødetilbod handlar om meir enn sutring. Lokale og nasjonale helsemyndigheiter må forstå at det er ei grense for kva som er akseptabel reisetid i fødsel.


PS! Kronikken er skreve på eigne vegne, og ikkje på vegne av FHI

Publisert:
 

Rabattkoder

Et kommersielt samarbeid med Kickback.no