MAKTKAMP: – Det er politiske motsetningar som har gjort striden brennbar. Dei teologiske forskjellane mellom sunniar og sjiaer er overraskande små, skriv professor og islam-ekspert Knut S. Vikør. I Irak ulmar fortsatt en rein borgarkrig mellom sunniske og sjiiske grupper. Foto: Martin Adler ,

Debatt

Maktkampen mellom sunni- og sjia

Konflikten mellom Saudi-Arabia og Iran er ein maktkamp om kven som skal dominere i Midtausten. Men dette er ikkje noen mangehundreårig religionskrig slik det ofte blir sagt. Dei teologiske forskjellane mellom sunniar og sjiaer er overraskande små.

ARTIKKELEN ER OVER FIRE ÅR GAMMEL

KNUT S. VIKØR, professor og ekspert på islams historie, Universitetet i Bergen

Konflikten mellom Saudi-Arabia og Iran er ein maktkamp om kven som skal dominere i Midtausten. Men religion spiller også ei rolle – begge statane har regime som bygger på religiøs ideologi til forsvar for høvesvis sunni- og sjia-islam.

Rivaliseringa mellom dei kastar lange skuggar.

Men dette er ikkje noen mangehundreårig religionskrig slik det ofte blir sagt. Usemja mellom dei to retningane har nok vore der i tusen år, men den valdelige kampen vi når ser går ikkje lenger tilbake enn til 1990-talet.

Islams framvekst

Knut S. Vikør. Foto: , UIB

Det var ikkje slik at «islam» oppstod fiks og ferdig då profeten Muhammad levde på 600-talet. Det tok fleire hundreår med omfattande debattar mellom ulike retningar i teologi, filosofi og politikk før det vi nå kjenner som islamsk tenkning fann si form.

Men etter om lag tre hundre år samla dei fleste idestraumane seg i ei fellesoppfatning i det vi nå kjenner som sunnismen. Berre noen få grupper heldt seg utanfor og danna eigne retningar. Det viktigaste stridsspørsmålet der var om Muhammads familie hadde ei særlig rolle i trua, ein kontakt med Gud som andre muslimar ikkje hadde.

Nei, sa fleirtalet, alle truande står likt overfor Gud. Jo, sa noen andre, i kvar generasjon er det ein slik etterkommar av Muhammad, ein imam, som har kunnskapar ingen andre kan ha. Han må andre muslimar følge, i trusspørsmål som i politikk.

Les også: Den muslimske borgerkrigen

Sjia-hundreåret

Desse siste vart kalla sjiaer, «partiet», eller «dei som følger Profetens familie». Det var fleire retningar mellom dei, og storheitstida deira var eit langt hundreår frå 900 til ca. 1050. Da var størstedelen av Midtausten, frå Marokko til Det kaspiske havet styrt av ulike sjiiske dynasti. Men deira synspunkt festa seg aldri i folkedjupet, og dei forsvann nesten utan spor i løpet av middelalderen. (Grupper som druzarane og alawittane i Syria er etterkommarane deira, Zaydi-sjiaene som styrer Jemen er ei anna tidlig sjia-retning.)

I mellomtida voks det fram ein annan sjia-teologi som ikkje søkte politisk makt. Dei meinte at rekka av imamar var avslutta med den tolvte imam Muhammad al-Qa'im i 874. Han døydde ikkje, men gjekk «i skjul frå denne verda» og vil først tre fram att (som mahdi) ved Dommedag.

Desse «tolvarane» fekk oppslutning hos ein del lærde og det er dei vi i dag kjenner som «sjiaer». Dei samla seg i delar av Irak, Libanon og Bahrain, som alle var under sunnisk styre, og levde i hovudsak fredelig der.

Les også: Slik er krigen verden må løse

Iran blir sjiisk

Men i 1501 samla ein stammeleiar, Isma'il Safavi, småstatane aust for Irak til eit nytt rike, Iran. Han støtta sjiismen, og erklærte at heile hans nye shah-dømme skulle bli sjiisk. Folkefleirtalet der hadde til då vore sunnisk, men det tok berre eit hundreår før dei hadde tatt til seg sjiismen, som med det hadde fått sin stat.

Men det budde fortsatt shiaer i dei sunniske landa, og sjøl om både Iran og fienden Det osmanske riket brukte religiøse argument i krigane seg imellom, fekk dei sjiiske minoritetane i stor grad styre med sitt. Dei hørte jo alle til tolvar-retninga som meinte at den siste gude-inspirerte imamen «trakk seg tilbake» på 800-talet, og Isma'il og dei seinare shahane kunne ikkje gjere krav på denne statusen.

I staden utvikla dei lærde hos tolvarane eit hierarki av «rettleiarar», mullaer og ayatollaher, som dei truande burde lytte til, mens shahen styrte på med sitt.

VG MENER: En plan for fred

Nye statar vaks fram

Slik var stoda fram på 1900-talet. Den viktigaste endringa skjedde inne på den arabiske halvøya. Der oppstod det midt på 1700-talet ei puritansk sunnisk rørsle, Wahhabi-rørsla, som i allianse med ein liten lokal stamme, Sa'udane, klarte å ta makta over halvøya.

Dei vart knust etter noen tiår, men kom tilbake fleire gonger. Frå 1902 dei klarte endelig å opprette eit kongedømme dei kalla Saudi-Arabia. Den kampen dei førte på den arabiske halvøya førte til at fleire store arabiske stammar vart pressa nordover inn i Irak i løpet av 1800-talet. Der møtte dei sjiiske misjonærar, og mange av dei konverterte til sjiismen. Slik vart den sjiiske minoriteten i Irak til ein majoritet frå tidlig på 1900-talet, men det vart fortsatt sunniar som styrte landet og heldt fram med det heilt til Saddam Hussein vart styrta av amerikanarane i 2003.

Wahhabiane var ekstremistar, som i prinsippet rekna alle andre muslimar som vantru, og spesielt sjiaene. På 1930-talet slappa det nye kongedømmet av på bannlysingane av andre sunniar og prøvde i staden å stille seg som leiar for dei, men heldt fortsatt skarp avstand til det sjiiske Iran og såg vaktsamt på sjiiske minoritetar i sitt eige land.

Religiøs usemje blir til borgarkrig

Men det var lenger aust at det tok fyr. Afghanistan og Pakistan har begge små sjiiske minoritetar. Etter krigen mot Sovjet på 1990-talet hadde noen av desse minoritetane fått plass ved makta, og då Taliban gjorde opprør i 1996, gjekk dei til særlig angrep på dei og påstod at dei var vantru.

Det spreidde seg til Pakistan, der grupper som støtta Taliban bomba og brann ned noen sjiiske moskear, mens sjiaer der svarte med å brenne ned sunniske moskear. Dette var den første valdelige konflikten på mange hundreår som var heilt klart grunna i dei religiøse skilla mellom sunniar og sjiaer.

Men det skulle spreie seg. I Irak hadde sjiaene kom raskast ut av startgropa etter den amerikanske invasjonen og fått ein brei plass i det nye styret, ut frå at dei faktisk var folkefleirtalet. Det gav grobunn for revansjisme frå sunni-grupper som meinte dei var skove til sides og som mislikte amerikanarane.

Dette nytta al-Qa'ida seg av da dei gjekk inn i Irak. Dei gjorde som i Pakistan, angreip sjiiske heilagdommar og fekk sjiiske militsar til svare mot sunniske religiøse stader. Så kunne Qa'ida presentere seg som sunnismens forsvarar, og dei klarte på den måten å skaffe seg fotfeste, til det som seinare til bli IS. Resultatet vart ein rein borgarkrig mellom sunniske og sjiiske grupper i Irak, som fortsatt ulmar nå ti år seinare.

Les også: Konge mot ayatollah

Maktkamp og religion

Det er altså politiske motsetningar som har gjort striden brennbar. Dei teologiske forskjellane mellom sunniar og sjiaer er overraskande små, bortsett frå rolla til denne imamen som altså forsvann for over 1100 år sidan. Ut over det er det oftast ikkje større forskjell på sjiiske og sunniske oppfatningar enn det er mellom ulike sunniar.
Likevel er ikkje religionen berre påklistra. Når irakiske frivillige melder seg til teneste for å forsvare sjiiske heilagdommar i Syria frå IS og andre trugande sunniar, så er det ekte religiøse kjensler som ligg bak. Sunni og sjia er blitt til identitetsmerke, ei gruppeidentifisering som deler «oss» frå «dei andre», og når ein opplever at den andre handlar ut frå sin identitet, så sluttar ein sjøl rekkene med dei som er i si eiga gruppe. Og når det er religion og tru som skiller dei to, så blir trua desto viktigare.

Skal dette løysas, så må det politiske i maktkampen komme tydeligare fram, sammen med religiøse krefter som ser at fellesskapen i tru er viktigare enn forskjellane.

Les også

  1. Den muslimske borgerkrigen

    Den saudiske henrettelsen av den sjiamuslimske presten Nimr al-Nimr har ført den virkelige konflikten i Midtøsten fram i…
  2. Slik er krigen verden må løse

    Den virkelig store mengden av Syrias flyktninger har ennå ikke forlatt hjemlandet. Det kan skje snart.
  3. Maktens tragiske dilemma

    Det er gode grunner til å intervenere militært mot den såkalte…
  4. Kristne fryktet for livet da IS stormet Irak: – De tok alt

    AMMAN (VG) Ett år etter at IS stormet inn i Nord-Irak og tok over Mosul, er byen tømt for kristne.
  5. Kronikk: Hellig vold

    VGs Shazia Sarwar skriver at terroristene i Pakistan ikke har noen religion. Det vil komme som en overraskelse på dem.
  6. Kronikk: Mitt ståsted

    Jeg er ingen ekstremist. Jeg er tilhenger av menneskerettigheter og demokrati. Jeg støtter ikke prestestyret i Iran.
  7. IS aksepterer Boko Haram

    IS-leder Abu Bakr al-Baghdadi skal ha akseptert Boko Harams erklæring om troskap.
  8. Kommentar: Fanatisk tro et sant helvete

    Terroristens mål er sjelden attentatet i seg selv, men å demonstrere vilje og evne til vold om man ikke underkaster seg.
  9. Saudiarabisk blogger kan snart bli pisket igjen

    Raif Badawi er dømt til 1000 piskeslag, men har bare mottatt…
  10. En plan for fred

    Etter fem års krig er Syria et utsultet og plyndret land.
  11. Konge mot ayatollah

    To aldrende, autoritære menn leder stormakter i kamp om Midtøsten. Det var en kald krig, nå pågår krigen med…

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder