TOSPANN: – Ein liberal muslim frå Oslo og ein homofil redaktør frå Valdres. Det er meir som sameiner enn som skil oss. Under verdisynet vårt ligg ei felles overtyding om fridomen til den enkelte, skriv Abid Q. Raja og Knut Aastad Bråten. Foto: Mattis Sandblad

Debatt

Fridom til å vere den ein er

Ein av oss er homofil, den andre er muslim. Tanken på at samarbeidet skulle vere problematisk har aldri slått oss.

ABID Q. RAJA, kultur- og likestillingsminister (V)
KNUT AASTAD BRÅTEN, statssekretær i kulturdepartementet (V)

Som Venstre-politikarar set vi individet fyrst. Vi er stolte berarar av liberale verdiar som fridomen til enkeltmennesket, retten til å vere den ein er og retten til å leve det livet som ein sjølv ønskjer. Vi lever i eit land tufta på nokre urokkelege grunnpilarar. Ein av dei er ytringsfridomen. Ytringsfridomen er krevjande og ordskifte om verdispørsmål kan vere opprivande, men er likevel avgjerande for utviklinga av samfunnet.

Ein annan grunnpilar i det norske samfunnet er religions- og trusfridomen. Kva eller kven ein trur på og korleis ein utøver religionen sin, er ei privatsak og opp til den enkelte eller forsamlinga ein høyrer til. Regjeringa kjem aldri til å leggje seg bort i fridomen den enkelte har til å tru. Men vi kan oppmode til å reflektere og samtale.

Og det er nettopp det vi ønskjer. Religionar og livssyn som ønskjer rettar på lik linje med alle andre i samfunnet bør sjå på korleis dei behandlar andre som gjer krav på dei same rettane. Ein føresetnad i nesten alle religionar er at du skal vere mot andre slik du vil at andre skal vere mot deg.

les også

Står frem sammen for å bekjempe fordommer

Ein tredje grunnpilar er likestilling og mangfald. Alle menneske er like mykje verdt, uavhengig av kor du kjem frå, funksjonsevne, kva seksuell orientering eller hudfarge du har, kva du trur på eller kven du er. Og desse pilarane spelar saman. Nokre gongar kræsjar dei . Det er ikkje alltid problemfritt. Men om vi skal kome vidare må vi kunne diskutere og reflektere rundt desse store spørsmåla. Vår oppmoding er å vere open for å bli utfordra. Open for å forandre standpunkt dersom eigne argument ikkje held mål. Fordomar og mytar må utfordrast for å kunne avlivast.  

Vi er kanskje ikkje den typiske politiske leiinga i eit departement. Ein liberal muslim frå Oslo og ein homofil redaktør frå Valdres. Men samstundes er vi så mykje meir enn legninga og trua vår. Det er meir som sameiner enn som skil oss. Under verdisynet vårt ligg ei felles overtyding om fridomen til den enkelte. Men vi skal heller ikkje leggje skjul på det som skil oss.

For meg som kultur- og likestillingsminister har det vore ein lang reise frå ein kommunal bustad på Ila i Oslo til ein plass rundt Kongens bord. Eg er oppvaksen i ein konservativ heim der Koranen var den einaste boka. Som ung vaksen var eg sint og utagerande, og eg tala på vegner av konservative muslimar. Hadde eg blitt kultur- og likestillingsminister den gongen, er det ikkje sikkert eg ville hatt med meg Knut som statssekretær, så ærleg skal eg vere. Heldigvis har eg forandra meg. Sterke enkeltmenneske har hjelpt meg til å utfordre tenkinga mi, fått meg til å revurdere synet mitt og tileigne meg nye verdiar.

les også

Gjør oss stolte, Abid Raja!

Samstundes er det viktig å presisere at dette ikkje berre handlar om islam. Mange muslimar i Noreg har moderate verdiar, og har kome langt. Likevel er homofili fortsatt eit utfordrande tema i fleire religionar og miljø. Må det vere slik? Når menneske blir diskriminert for legninga si, bør vi samstundes spørje oss i kva grad diskrimineringa harmonerer med andre religiøse verdiar, som til dømes rettferd og miskunn. Liberale verdiar har løfta samfunn over heile verda, men ikkje utan motstand.

Og nettopp difor må vi ta kampen, også i vår samtid. Men dette er ikkje ein kamp politikarar kan ta åleine. Alle må utfordre miljøa våre, ta diskusjonane og gå i front for dei verdiane vi står for. Der vi jobbar, der vi bur. Kvar dag.

Religions- og trusfridomen er fundamental, men er ikkje eit argument for at verdiar bør stagnere eller at dei ikkje skal bli utfordra. Dei siste vekene har vi også hatt ein debatt om kristne privatskular og folkehøgskular – skular som ikkje vil tilsetje homofile lærarar. Da er det viktig å løfte fram dei privatskulane og folkehøgskulane som har eit ope syn på kven dei ønskjer som både lærarar og elevar.

Som menneske, politikarar og leiing i Kulturdepartementet, er vi opptekne av retten kvar og ein av oss har til å velje sine eigne liv – uavhengig av sosial bakgrunn, seksuell orientering, trus- eller livssyn. Eit slikt syn er også i tråd med overtydinga vår om likeverd og rettferd – og fridomen vi har til å vere den vi er. Vi er glade for at vi er som vi er, og glade for at vi får jobbe saman.

Kanskje kan samarbeidet mellom oss inspirere andre til å gjere det same?

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder