FAGLIG: – Me vil oppfordre folk som besøkjer ein pelsdyrgard om å få prate med ein veterinær som kjenner pelsdyrhaldet, og få ein fagleg vurdering av dyrehaldet, skriv kronikkforfattarane. Foto: ,

Debatt

Debatt: Pelsdyroppdrett er ei bærekraftig framtidsnæring



«Rev og mink har god velferd, og det er liten fare for lidelse under dagens driftsformer, men det er forbedringsmuligheter både med hensyn til hus og håndtering av dyrene».

ARTIKKELEN ER OVER FEM ÅR GAMMEL

Ole Sylte Heggset, sivilagronom

Sigbjørn Kirkebøen, pelsdyrbonde

Dette er ein av konklusjonane i ein rapport frå Vitskapskomitéen (VKM) i 2008, ein uavhengig komité nedsett av myndigheitene. Bak rapporten står ekspertar frå UMB, Veterinærinstituttet og Veterinærhøgskulen.

I lys av slike og andre faglege uttalelsar, blir det vanskeleg å finne ord for det vi mener er sjikane som Dyrevernalliansen (DVA), NOAH m.fl. bedriv, som ei bevisst trakassering av norske pelsdyrbønder. Kaja Efskind sin beskrivelse av vårt husdyrhald i VG 8. november om at «pelsdyrene lider» og bruk av ordet «dyreplageriet» stadfestar dette på nytt.

På same måten fylgjer Siri Martinsen i NOAH opp i VG 12. november, der ho prøvar å forsvare seg med at det i fakkeltoget ikkje vart framført hat mot oss pelsdyrbønder. Hatet ligg imidlertid godt synleg innimellom alle orda fra både eigne og andre forståsegpåarar. Det er synd for debatten at så mykje vert framsett og uttala, utan at det har rot i verkelegheiten på gardane.

Veterinærane er positive

Både NOAH og DVA klamrar seg til styrevedtaket i Veterinærforeninga, som er kritisk til næringa. Danmark er størst i Europa på minkoppdrett, der seier dyrlægeforeningen at dyrevelferda i minkproduksjonen er fullt på høgde med andre husdyr.

Martinsen sår til og med tvil om integriteten til over 100 veterinærar, som har over 900 tilsyn kvart år på alle pelsdyrgardar over heile landet. Det er ei kjensgjerning at denne fagekspertisen om pelsdyr blant veterinærane som har reell kunnskap og tilsyn om pelsdyroppdrett, meiner generelt at dyrevelferda er god for norske pelsdyr. Martinsen går langt i anklage alle desse veterinærane som ho sjøl er yrkeskollega av, for å være korrupte i gjerning. Utruleg!

Mattilsynet sine tilsyn, som i stor grad byggjer på uanmeldte besøk på pelsdyrgardane seier det same, at det ikkje er meir skader og sjukdom med pelsdyr enn med andre husdyr.

Hets mot pelsdyrbønder

«Vi hetser ikke» skriv Efskind, men samstundes held ho fram med akkurat det i innlegget 8. nov. DVA og NOAH sine stadige utfall mot norske pelsdyrbønder er subjektive meiningar, kun framsett med mål om å øydeleggje ei sunn og god norsk husdyrnæring. Konstruktive bidrag finst ikkje frå desse organisasjonane! Den hets som vert framført mot norske pelsdyrbønder er svært krenkande, og ein hån mot norsk husdyrproduksjon i si heilheit!

Debattredaksjonen i VG blir attpåtil kritisert for at me får koma med våre synspunkt , ingen tvil om at demokratiet blir utfordra som me skreiv ivår kronikk i VG den 6. nov.

Me betvilar ikkje at deltakarar i fakkeltoga sine intensjonar og ynskjer om styrka rettigheiter for dyra. Men den måten særleg barn og unge blir drege med i ein massesuggesjon mot husdyrhald, og bruken av følelsar for å skape ein forakt blant befolkningen mot oss, er uverdig og totalt uakseptabel. NOAH sin visjon om at «dyr skal vera likeverdige medskapningar», er i seg sjølv eit klart varsku om kor ekstremt dette kan føre hen.

Sanninga passar ikkje

Det er tydeleg at NOAH og DVA er redd for at sanninga for norske pelsdyr skal koma fram i debatten. Besøket til Unge Høgre på pelsdyrgard i oktober med mål om å skaffe seg fyrstehands kunnskap om realitetar på ein pelsdyrgard, likte ikkje pelsdyrmotstandarane. Dei såg at dette kunne få neste generasjons politikarar til å skjøne at sanninga ikkje var lik den NOAH og DVA fortel.

Me pelsdyrbønder vil forsterke vårt fokus på opne pelsdyrgardar, da det visar seg at når folk flest som ikkje kjenner realitetane for gardsdyra, kjem ut og ser på sanninga på ein gard, kjenner dei seg ikkje igjen i den verkelegheitsfjerne propagandaen fra DVA, NOAH, m.fl.

Me vil også oppfordre folk som besøkjer ein pelsdyrgard om å få prate med ein veterinær som kjenner pelsdyrhaldet, og få ein fagleg vurdering av dyrehaldet.

Bærekraftig framtidsnæring

Med grunnlag i VKM sin rapport, anna forskning, samt erfaringsbasert kunnskap, kom det i 2011 ny forskrift for pelsdyr. Pelsdyra får her enda betre rettigheiter og styrka velferd i fleksible oppstallingsmiljø.

Norsk pelsdyrnæring er i front med fokus på dyrevelferd, og difor bør pelsdyrproduksjonen i Norge aukast betydeleg, slik at ein større andel av verdas mink og rev får veksa opp under best moglege tilhøve, og med pelsdyrbønder som tenkjer dyrevelferd året rundt.

Pelsdyroppdrett er ei bærekraftig og framtidsretta næring innan landbruket. La kunnskap og realitetar på gardane, i lag med sakleg framstilte argument verta grunnlaget for diskusjonar om pelsdyrnæringa framover. Hån og hets fra fanatisk hald bør i alle fall norske politikarar halde seg for gode til å ta til seg. All idealistisk verksemd er bra i eit ope og demokratisk samfunn, men når idealismen går ut av sitt gode skinn, blir truverdigheita borte!

LES OGSÅ: Det siste mugne halmstrået.LES OGSÅ: Pelsdyroppdrett er et demokratisk problem.LES OGSÅ: Demokratiet vårt blir utfordra!LES OGSÅ: Pels skal være levende!

Mer om

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder