NASJONALISME: – Ola Borten Moe og Linda H. Helleland brukar mykje tid på den kristne kulturarven, KRLE, gudstenester og saknet etter statskyrkja i sin samtale med VG. Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig. Men det er faktisk ganske problematisk, skriv Venstres Sveinung Rotevatn. Foto: Ole Martin Wold VG

Sps og Høgres kulturkrigarar

Som Heilag Olav på Stiklestad vil Ola Borten Moe og Linda Hofstad Helleland atter samle Noreg under krossen. Men norsk kultur er langt meir enn fellesdusjing, vafler og KRLE-faget.

VG Debatt
ARTIKKELEN ER OVER TO ÅR GAMMEL

SVEINUNG ROTEVATN, stortingsrepresentant (Venstre)

Starten på årets valkamp har så langt vore prega av stadige forsøk på å nå den store norgasmen. Høgre «trur på Noreg», Senterpartiet «trur på heile Noreg» og Sylvi Listhaug kjem med stadige garantiar mot «svenske tilstandar». I VG 30. juli gikk trønder-duoen Ola Borten Moe (Sp) og Linda Hofstad Helleland (H) ut med eit felles utspel om at «norske verdier er under angrep». Intet mindre.

Les saken: Høyre-Linda og Sp-Ola samstemte: Norske verdier er under angrep

Sveinung Rotevatn. Foto: Roger Neumann VG

Og kva er så ammunisjonen som blir brukt i dette angrepet? Jo, dei to populistane *kremt* politikarane nemner i fleng: At enkelte skular praktiserer aktiv påmelding til skulegudsteneste. At somme av oss meiner at faget RLE klarer seg godt utan ein K foran (slik det gjorde fram til 2013). At enkelte ungar ikkje dusjar etter gymmen. At det kjem krav om kjønnsdelt svømmeundervisning. At ikkje alle ser på barne-TV samstundes lenger. Og at «Human-etisk forbund har drevet gjennom en sekularisering av det norske samfunnet som jeg stiller meg spørrende til», for å sitere Borten Moe.

Javel. Dersom dette er den fulle breidden i angrepet mot norsk kultur, trur eg faktisk vi skal klare oss heilt utmerka. Og det er lett å latterleggjere dei fleste av punkta. Dersom nokon lurar på kor lange tradisjonar svømmeundervisning har i norsk skule, vil eg tilrå å spørje besteforeldregenerasjonen. Dei såg ikkje mykje til svømmebasseng gjennom oppveksten. Derimot såg dei meir enn sin del av kjønnsdelt undervisning.

Men i staden for å latterleggjere denne vaffel-nasjonalismen som Hofstad Helleland har gjort seg til sjefseksponent for, og saknet etter statskyrkja som Borten Moe nok står ganske åleine om, vil eg gripe tak i noko meir alvorleg med dette utspelet. Nemleg den tunge betoninga av kristendommen. Dei to politikarane brukar mykje tid på den kristne kulturarven, KRLE, gudstenester og saknet etter statskyrkja i sin samtale med VG. Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig. Men det er faktisk ganske problematisk.

Få flere kronikker og kommentarer: Følg VG Meninger på Facebook!

Ikkje fordi det herskar usemje om at kristendommen er og har vore viktig i forminga av norsk kultur. Det veit ein kvar som har forsøkt å gå i butikken på ein søndag, sett kva byggverk som dominerer samtlege norske byar eller tatt ein titt på flagget. Men det er likevel ingen tvil om at Noreg blir eit stadig meir sekulært samfunn. Ikkje på grunn av migrasjon. Innvandrarar er tvert imot ofte svært religiøse. Men fordi nordmenn ikkje lenger trur på Gud. Det vil seie, mange gjer det sjølvsagt framleis. Men i den siste kartlegginga frå Norsk Monitor var det for første gong fleire som sa at dei ikkje trur på ein Gud, enn som sa at dei gjer det. Sekulariseringa som Borten Moe er så skeptisk til har gått føre seg i generasjonar, og kjem etter alle solemerke til å halde fram.

Og då er spørsmålet: I ei tid med store kulturelle omveltningar, i eit samfunn der folk lever meir ulike liv enn før, i eit land der vi har ein del reelle utfordringar med tanke på integrering: Er det verkeleg Kvitekrist og krossen vi bør samle oss bak? Eg trur ikkje ein treng å vere muslimsk innvandrar for å kjenne seg framandgjort av ein slik retorikk.

Eg er fødd og oppvokst i dette landet, har avtent verneplikt i Hans Majestet Kongens garde og representert Sogn og Fjordane i landets nasjonalforsamling i fire år. Er eg mindre norsk fordi eg ikkje går i kyrkja på julaftan?

Eg trur ikkje Borten Moe og Hofstad Helleland eigentleg trur at norsk kultur er under angrep. Og eg trur ikkje dei meiner at den står og fell ved verken gudstenestedeltaking, vaffelsteiking eller KRLE. Men eg trur dei er i gong med valkampen, og ser kulturelle skiljeliner – kunstige eller relle – som noko dei kan spele på for å trekke veljarar.

Eg vel å ta ein annan kamp. For det er faktisk ein del av norsk kultur som er truga. Nemleg den delen av norsk kultur der vi har eit minstemål av sjølvtillit. Der vi ikkje er redde for mangfald. Og der vi ikkje trur at eit solid fellesskap mellom fem millionar menneske står og fell på om det er aktiv eller passiv påmelding til skulegudsteneste.

Vi er faktisk i ferd med å importere eit trekk frå ein framand kultur. Nemleg retorikken frå amerikansk politikk. Der det stadig blir hylt opp om «the war on Christmas», «the war on religion» og anna svada som politikarar gjerne dyrkar fram som konfliktlinjer i staden for å ta tak i verkelege samfunnsutfordringar.

Og akkurat dette framandkulturelle elementet kan vi gjerne kvitte oss med, først som sist.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder