ULUKKE I TROLVEGGEN: Eit Sea King redningshelikopter frå 330 Skvadronen på Ørlandet på endå eit redningstokt i Trollveggen. Ein engelsk fjellklatrar har ramla og sett seg fast. Trollveggen er av redningsmannsklap rekna for å vere særs vanskeleg som redningsområde, blant anna på grunn av laust fjell og ras. Denne gongen overlevde klatraren, som vart lam frå halsen og ned. Foto: Synnøve Sorthe VG

Kvifor kastar dei seg ut over fjellsidene?

Det kunne ha vore eit spørsmål frå til dømes mor mi der ho sit framfor fjernsynet mellom høge fjell og djup fjord medan Dagsrevyen fortel om enno ein basehoppar som har stupt frå livet.

ARTIKKELEN ER OVER ETT ÅR GAMMEL

Av FRANK ERTESVÅG, journalist i VG

Før kunne ho undre seg over akademikarar, gjerne lærarar på gymnaset eller på den lokale høgskulen som klatra opp og firte seg ned små og store fjellsider heime i Sogn.

Mor mi meinte dei måtte då kunne gå på etter vegen, langs stiar og kjerrevegar som anna folk.

Mange, gjerne litt naturleg skeptiske vestlendingar og andre, slit med å begripe denne trongen til å utsetje seg sjølv for livsfare. Og dette vidgjetne adrenalinrushet som er så ettertrakta anten ein dinglar laust under eit overheng eller kastar seg ut frå ei fjellhylle berre ikledd vingedrakt og ein liten falskjerm-sekk på ryggen.

Dei siste er nok i ein klasse for seg. Dei siste 30 åra har det vore ulovleg å hoppe i det som mange i basehopparmiljøet meiner er den tryggaste (!) naturlege arenaen i verda, mektige Trollveggen i Åndalsnes.

Skrevet av Frank Ertesvåg, journalist i VG Foto: Frode Hansen VG

Dødsulykke i Trollveggen

Men for enkelte fungerer det ulovlege nærmast som flugepapir. Nokre meiner ein kvar basehoppar med respekt for seg sjølv, skal ha hoppa i Trollveggen, ulovleg eller ikkje. Ein lokal basehoppar i Romsdal uttala for eit par år sidan at det var rein dumskap å hindre folk frå å bykse lovleg ut over Trollveggen. Han om det.

Berre dei siste vekene har menneskeliv gått tapt:

Siste onsdagen i juni omkom ein basehoppar frå USA ved Skerpi i Nærøydalen i Sogn under Ekstremsportveko – etter å ha landa i eit bustadområde.

– Det er like gale kvar gong, og mange blir involvert. Pårørande, hjelpemannskap og lokale busette, kommenterte Aurland sin jordnære ordførar, Noralv Distad (H).

Han har opplevd at seks menneskje har mista livet i basehopp, speedraider eller paragliding i kommunen sidan 2013. Det året måtte lokalkjende mannskap leite i to dagar for å finne dei omkomne, ifølgje ordføraren.

Avverger redningsaksjoner

Sist søndag kom meldinga om ein ny ulukke: Ein turist kom litt for nær kanten ved den 200 meter høge Muldalsfossen på Sunnmøre. Turisten omkom.

Min helt er korkje den overmodige turisten som absolutt skal ha nærbilete av fossar og stryk eller basehopparen som kastar seg ut i lause lufta i Gudvangen og Åndalsnes med livet som innsats.

Min helt er turistvert Henrik Lilleheim som berre i fjor truleg avverga 15-20 redningsaksjonar ved fjellplatået Kjerag i Lysefjorden i Rogaland.

Korleis han gjorde det? Han stogga turistar og sa med tydeleg røyst at dei ikkje måtte legge ut på uforsvarleg tur.

– Setter andre i fare

Dei fleste følgde Lilleheim sitt råd. Nokre få protesterte med at vi har då allemannsrett i Noreg.

– Yes, we have Frimansright, but you don't have the right to put other people in danger, svara Lilleheim.

Den setninga bør også ein og annan basehoppar, dumdristig turist og adrenalin-junkie rive ut og legge i lommeboka si.

Der kan den også vere ei påminning om at det er andre enn han sjølv som betalar for denne særs kostnadskrevjande, luftige leiken.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder