Å VESTLAND, VESTLAND: – Når namnet på landsdelen vert kuppa, så vert til og med folk innad i det nye Vestlandet forbanna, skriv bergenser og skribent Morten Myksvoll.
Å VESTLAND, VESTLAND: – Når namnet på landsdelen vert kuppa, så vert til og med folk innad i det nye Vestlandet forbanna, skriv bergenser og skribent Morten Myksvoll. Foto: ØYVIND ENGAN

Å Vestland, Vestland!

MENINGER

Namnet «Vestlandet» er dårleg språk, det er dårleg naboskap, og det er dårleg politisk handverk.

debatt
Publisert: Oppdatert: 01.11.17 09:43

MORTEN MYKSVOLL, skribent

Den store regionreforma har blitt ganske liten. Det starta godt, men ønskjer om å flytte makt frå Oslo. Det vart med visjonane.

Det er så tydeleg at regjeringspartia eigentleg ikkje ville dette, men at det var noko som kom etter pålegg frå fleirtalet på Stortinget. Debatten i vest har gått ut på ganske få ting: Kva fylke som skal vere med, kvar dei ulike delane av administrasjonen skal ligge, og kva namnet skal vere. Oppgåvene til det nye fylket har ikkje vore like sentralt. Det har vore ei forventning om nye oppgåver, men kvar den forventninga kjem frå er vanskeleg å fatte. Me bur tross alt i eit av dei meir sentralstyrte landa i Europa, og i kommunereforma har berre vigselsretten blitt flytta på.

Det er andre grunnar til at reforma har blitt litt hul. Den er fylt med fyndord, om at no skal ein skape sterk motmakt mot Oslo og det som skal til for å skape eit sterkt vestland startar med fylkessamanslåinga. Kvifor, er det ingen som svarar på. Fylket har relativt få oppgåver. Dei ordnar med vidaregåande skular, og tannlege, med kollektivtransport, kulturmidlar, og dei har nokre oppgåver knytt til samfunnsplanlegging. Deira påverknad på storsamfunnet er mykje mindre enn det fyndordflaumen tilseier.

Ingen av deisom ivrar mest for denne samanslåinga har tatt til orde for reell flytting av makt frå stat til fylke. Det har vore ønskjer om å overta oppgåver frå stat og kommune, som barnevernet, men fortsatt skal lokaldemokratiet vere ein utførar av staten sine direktiv. Å flytte reell makt betyr å flytte skattemakt. Viss fylka hadde hatt kontroll med fleire inntekter enn berre bompengar, ville meir av ansvaret vore naturleg å plassere der òg. Ein ønskjer budsjettmidlar, men ikkje å overta deler av inntektssida. Det blir ikkje motmakt av sånt. Viss politiske forvaltningsnivå skal representere ei motmakt må dei kunne gjere det rake motsatte av det stortingsfleirtalet ønskjer. Motmakt fordrar ein viss grad av autonomi – i det minste eit ønskje om det. Denne reforma er ei grensejustering.

Når dei samanslåtte fylka ikkje eingong får velje namnet sitt sjølv, utan at Stortinget kan overprøve dei, så seier det vel det meste om kor mykje makt det faktisk ligg i denne reforma.

I førre vekebeslutta dei to fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane at namnet på det nye fylket blir Vestlandet. Vedtaket framstår som ei slags hemn mot dei fylka som ikkje ønskja å vere med i den nye regionen. Dei hadde sjansen til å vere med, og må no leve som utstøtte, på restlandet. Vestlandet er så mykje meir enn fylket Vestlandet. Slikt blir det sjølvsagt bråk av, noko meir konstruktivt enn anna.

Det har ikkje mangla på avisleiarar og andre meinarar som har påpeika kor arrogante desse bergensarane er, som veljer å kuppe landsdelsnamnet. Det viser liten forståing for korleis fylkespolitikken har fungert. Alle som kjenner den, veit kor lite Bergen har hatt å seie. Fylkestinget er omlandstinget, først og fremst. Det samanslåtte fylket kunne ha heitt kva som helst, men det vil likevel bli uttalt at «dei der inne i Bergen» legg ned skulen, neste gong det er snakk om noko sånt.

Difor er kanskje namn som Bergenhus og Bjørgvin lite aktuelle. Dessverre. Det er gode, historiske namn, som dekkjer det området som den nye fylkeskommunen skal dekke. Gulating er eit anna. På sitt største var Gulating sjølvsagt eit område som dekka langt meir enn Hordaland og Sogn & Fjordane, men kjerneområde er nokon lunde korrekt. Vestlandet dekkjar mange fleire fjordar enn det fylket vil gjere. Då Tore Ørjasæter skreiv den mest kjente hyllesten av landsdelen – «Å Vestland, Vestland» – var han i Geiranger. Geiranger, med sine fagre fjell, fjord og tronge vik er utdefinert av eit forvaltningsnivå.

Få flere kronikker og kommentarer: Følg VG Meninger på Facebook!

Det er dårleg språk, det er dårleg naboskap, og det er dårleg politisk handverk å velje eit namn som splittar. Hadde det i det minste vore internt samlande, men det er det ikkje. Noko av det mest karakteristiske med det vestlandske lynnet, er at me kranglar meir med naboen enn dei lengre unna. Idéen om Vestlandet står sterkt, over fjell og bruer, over fylkes- og kommunegrenser. Når namnet på landsdelen vert kuppa, så vert til og med folk innad i det nye Vestlandet forbanna. Det er ei devaluering av oss sjølve å seie at namnet ikkje er så viktig, eller at resten får berre ha det så godt når dei ikkje ville vere med på leiken.

I fjor, då Rogaland fortsatt var med på å forhandle, klarte politikarane i Hordaland og Sogn og Fjordane å ta utgangspunkt i at bokmål skulle vere administrasjonsspråket. Til og med nynorsken var dei villig til å kaste på bålet for å få dette til. Heller ikkje den var viktig nok. Her skulle motmakt byggjast, utan språket som landsdelen er tufta på.

Det første ein må gjere når ein skal skape motmakt er å samle, ikkje splitte. Bygge identitet, ikkje kappe den opp. Me skal vere så glad, her i vest, for at dei som valgte dette namnet berre forvaltar tenestene våre, ikkje identiteten vår. For den har dei vist seg uskikka til å handtere.

Her kan du lese mer om