LEGENDARISK: Musikerne Roger McGuinn, Joni Mitchell, Richie Havens, Joan Baez og Bob Dylan under finalen av «The Rolling Thunder Revue»-turneen i desember 1975.

LEGENDARISK: Musikerne Roger McGuinn, Joni Mitchell, Richie Havens, Joan Baez og Bob Dylan under finalen av «The Rolling Thunder Revue»-turneen i desember 1975. Foto: ASSOCIATED PRESS

Debatt

Draumkvedet om Dylan

Martin Scorsese har levert eit meisterverk om Bob Dylan. Men nett då me trur Dylan har kome nærare ser ein at det heile er ein illusjon.

ASGEIR UELAND, skribent og forfattar

Ein gong vaska musikken over meg som bølger. CD-ane og dei få LP-ane mine står no på lager.  Minner frå ei anna tid under støv. Strømmetenestene er sjølve symbolet på vår alder. Der ein før let albumet gå ut, trykker ein no raskt vidare. Ein gong sat eg i kjellaren og gjorde lekser til «The Bootleg Series vol 1». Kor Dylan song om ein serie draumar. I motsetnad til det meste av musikken eg liker var Dylan min. Resten rappa eg får dei gamle LP-ane til mor og far. Mor hadde «Sticky Fingers» av Stones med glidelås, far hadde Beatles og Fairport Convention. I mellombrøytet låg det gamle bluesplater. Både klassiske som Elmore James, og frå britane som tok opp tråden. Norsk var det relativt lite av, men «Halvdan 23 ½» synte ein annan Sivertsen enn den folkekjære.

Det som mangla var Dylan. Han vart poda inn av korsyngande tømmermenn på bedehuset. Openberringa til denne nye verda kom frå handverkarar som fylgde Jesus. Og det skjedde omtrent slik: Etter at eitt kapittel av Matteusevangeliet var utlagt, gjekk kaffi og is delen av bibelgruppa med til å dekode songane på «The Bootleg series vol 1». Det vart òg tala om damer.

Og me unge var mottakelege for både Dylan og evangelium. To polar i den vestlege kanon, som ein lærde gjennom tekst og tale på kveldstid i byggefelta i Sandnes.

les også

VG vurderer: Bob Dylan – plate for plate

Pluss content

Sidan den gong har det vorte mindre av både. Men eg har sporadisk kome attende til Bob Dylan. Matteus, Markus, Lukas og Johannes stort låge mellom lukka skinnpermar etter at eg gjekk til min siste nattverd i Jerusalem ein gong på slutten av førre tusen år. Jamvel om musikken ikkje er støv, så har den flytta seg i bakgrunnen, som LP-ane i barndomsheimen. Ting har endra seg i livet og stort sett går det i tekst utan komp, jamvel om du ser rytmen i orda.

Men seint onsdag kveld skjedde det noko som eg ikkje har kjent på årevis. Det var som å verte vekka frå dvalen. Bob Dylan var på fjernsyn. Han var ung, i full vigør. Eg vart flytta attende i tid og rom av Martin Scorseses «Rolling Thunder Revue». Filmen om det namngjetne turneen til Dylan (og andre) i 1975-6.

Asgeir Ueland. Foto: Erling Dagsland/Gyldendal

Martin Scorsese har laga mange dokumentarar om musikk gjennom åra frå «The Last Waltz», avskjedskonserten til The Band. Musikkfilmane går parallelt med spelefilmane hans, men dei er ikkje naudsynt ankra opp i det same. Dokumentarane er dykk ned i populærkulturen. Denne nye filmen kom eg over tilfeldig, surfande på internett ein kveld for to veker sidan. Då klokka eigentleg sa eg skulle vore i seng.

Traileren verka lovande. Nok til at eg vart pirra til å sjå – konsentrert, merksamt, imponert og spørjande. Drygt to timar og tjuge minutt sat eg konsentrert frå det gamle klippet med illusjonisten i opningsscena til rulleteksten stig opp. Men det er fyrst når du får fordøya innhaldet morgonen etter at du forstår litt av kva du har sett – du trudde det var ein dokumentar, men i røynda er det eit kunstverk. Og eit nytt lag rundt mystikaren Dylan. Det er ikkje sanning, men ein illusjon om at slik var det på turneen. Det er det som ligg i inngangen til filmen. Og i det ligg òg meisterverket til Scorsese. Ein veit ikkje kor sanninga endar og fiksjonen byrjar. Jamvel scenene frå arkivfilmen gjer ein i tvil om det var slik. Det einaste ein kan tru på er lyden i songane, som framleis sit ord for ord i hovudet.

les også

Plateanmeldelse: Bruce Springsteen – «Western Stars»: Festlige verdier

Patti Smith. Ho som måtte stogga under nobelpris-utdelinga litt uti «Hard Rain» er her i ung utgåve. Lett høg. Deklamerer ho eit kvad til Dylan, vonlaust forelska. Ein ser dei seinare i close up. Dylan til venstre, ho til høgre. Ho lever ein monolog som syner kor kvass ho er. Dylan ytrar nokre einstavingsord til svar. Han avviser. I denne tidlege scena står Patti Smith attende med avvist kjærleik. Og det gjer vondt langt inni sjela. Og så står ho der i Stockholm tiår seinare og maktar ikkje synge hyllingskvadet til Dylan. Scorsese syner kvifor.

Smith er berre starten på rekka av kvinnelege talent i filmen. Ho er introen. Den som får mest plass er Joan Baez. Både i scener og song på scena. Det er ikkje uventa. Ho og Dylan hadde hatt eit forhold. Dei hadde gått kvar sin veg. Og me får ein dialog mellom dei kor dei sørgjer over det som ikkje vart. Men dialogen er for polert. For rett. For skriven. Det ser ut som ei scene frå ein film, medan du trur du ser hjartet til Dylan. Er det berre nok ein illusjon?

Joni Mitchell syner òg sin utrulege talent med songen Coyote, som kom ut på Hejira i 1976. Ho kom seint inn på turneen, men vart med i bussane som rullar over det amerikanske landskapet. Ein har altså tre av dei mest dominerande kvinnelege songarane på 1970-tallet samla rundt Dylan. Ein ser med andre ord nokre av dei mest talentfulle kvinnelege artistane på den tida synge for Dylan. Er det røyndom eller er dei symbolske sirener som lokkar den reisande av kurs i odysseen?

les også

Dylans ti viktigste stilskifter

Pluss content

Men det stoggar ikkje der. Fiolinisten Scarlet Rivera er den som den mystiske dama som er ein heilt annan stad enn dei hine. Til slutt kjem den unge Sharon Stone. Som fortel rørande soger om korleis ho måtte stryke skjorta til Baez, og korleis Dylan sa at han skreiv Just like a woman for ho. Ho gjenfortel, rørt til tårer, at ein av dei andre sa den var skrivne ti år før. Det verkar heilt truverdig. Ei ung nydeleg dame som vil opp og fram, ,men som ikkje har talentet til dei over i musikken. Og ein tenker wow, var ho òg der? Men ho var ikkje det. Det er rein fiksjon. Som den intervjua senatoren var det. Som forretningsmannen bak var det. Som den LSD-trippande filmskaparen som no sitt og mimrer lett bittert er det. Ingen av dei var der. Dei speler roller. Og det går med eitt opp for ein at dette ikkje er nokon dokumentar i det heile, men ein illusjon.

Alle intervju i notid, ikkje berre med Dylan som ein får sjå i godt humør, og som leverer setningar dei fleste berre kan drøyme, men med alle andre òg vert opne spørsmål. Talar dei frå manus? Lyg dei? Er dei med på å bygge opp illusjonen? I røynda vert Rolling Thunder Revue eit meisterverk i illusjonar. Jamvel om bakteppet er rett nok. USA i økonomisk nedgang. Deprimert etter tapet i Vietnam. Og med 200 års-jubileet som eit slags forsøk på ny giv i ein nasjon som låg nede.

I denne verda er det Dylan tek sine menn og kvinner ut på vegen til dei små og gløymde stadane. Utanfor dei store stadion kor han kunne vore. Men samstundes ser me ein tilsynelatande lukkeleg gjeng. Ein gjeng som er på sitt kreativt høgaste. Og som umedvite fremjar spørsmålet om banebrytande kunst berre veks fram i nedgangstider. Av di artistar som har lite då er meir på bølgeline med dei andre som har lite? New Deal åra hadde ei liknande effekt på kunsten der over.

les også

Bob Dylans andre sider

Pluss content

Det er fire evangelistar som fortel soga om Jesus. Dei har litt ulike versjonar om hendingane, og dei vart skrivne i ettertid. Dylan er ikkje Jesus, men han er kanskje det næraste ein kjem noko åndeleg i den moderne musikk-kulturen. Han har ein slags kyrkjelyd som fåfengd freistar å forstå han. Med denne filmen vona dei at han skulle syna seg for dei. Men det gjer han ikkje. Han held fram med å skapar mytar og illusjonar rundt seg. Synleg, men likevel privat. Me trur me får den sanne Dylan i over to timar, men så avsluttar Dylan sjølv med å sei om turneen at: Alt er oske. Og på engelsk er oske det du vert til etter at du er død, før du vert støv.

Musikken er drivaren og har ei slags sanning av koss Dylan var på denne tida. Innslaga med Allen Ginsberg, poeten, er underhaldande og han vert hylla av alle utanom Dylan som avslår at beat-poeten var noko farsfigur. Men setningane i filmen, ordflaumane frå songane, poesien til Ginsburg og anna er det som var i byrjinga, i alle høver hos evangelisten Johannes – ordet. Kunsten i filmen ligg i ordet. Medan illusjonen skapar tvil og mysterium. I ei tid kor jaget etter reality-fjernsyn og realityromanar dominerer gjer denne Scorese-filmen det motsette. Han tek attende illusjonane og mytologien. Og det me har sett rulla over skjermen er ikkje anna enn ei moderne versjon av illusjonisten som var der i 30 sekund i starten.

Til slutt står Dylan attende som den store illusjonisten, godt hjelpt av Scorsese. Og eg tar opp min nedstøvde Bibel, og minnast andleta rundt kaffibordet og Dylan som tenkte på ein serie draumar. For det er det dette meisterverket er – eit draumkved. Og når ein vaknar. Er Bob Dylan attende. Og røysta frå 1976 buldrar ut or høgtalaren sterkare enn på tiår. Eg slumar ikkje lengre, men har vakna opp av Dylan-dvalen, gripen av illusjonen.

Eller er det berre ein serie av draumer?

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder