UT AV BYEN: – Vi skal jobbe vidare med å flytte arbeidsplassar ut av Oslo, skriv statsrådane Mæland og Dale. Foto: VG/NTB Scanpix

Debatt

Vi heiar på Distrikts-Noreg

Regjeringa jobbar kvar dag for at både byane, tettstadane og distrikta skal oppleve vekst og optimisme.

MONICA MÆLAND, kommunal- og moderniseringsminister (H)
JON GEORG DALE, samferdselsminister (Frp)

I VG fredag omtalar Eid-ordførar Alfred Bjørlo distriktspolitikken til regjeringa som eit trugsmål mot framtida i distrikta. Bjørlo er ein dyktig ordførar, som kjempar for sin region, og han gjer ein god jobb.

Regjeringa jobbar kvar dag for at både byane, tettstadane og distrikta skal oppleve vekst og optimisme. Difor har vi mellom anna vedteke å flytte eller etablere om lag 1172 arbeidsplassar ut av Oslo sin arbeidsmarknadsregion, der dei raudgrøne berre flytta ut eller etablerte om lag 371 i tilsvarande periode.

les også

Venstre-ordfører ut mot regjeringen: – Staten stikk av

Bjørlo meiner omorganiseringa av Statens vegvesen er eldprøva på Granavolden-erklæringa. Vi er samde i at forpliktelsene i regjeringserklæringa er viktige. Difor har vi no sett i gang eit arbeid med å modernisere Vegvesenet slik at det betre kan møte framtidas utfordringar. Dagens regioninndeling blit bytta ut med divisjonar for ulike fagfelt, og inneber ei av dei største utflyttingane av statlege arbeidsplassar frå Oslo på mange år. Berre dei som har oppgåver med stadleg binding til Oslo, blir lokalisert i hovudstaden.

Trygge arbeidsplassar, lønsame bedrifter og sterke fagmiljø legg grunnlaget for trygge og gode liv i heile landet. Difor bruker vi sterke verkemiddel for å stimulere til vekst. Redusert arbeidsgivaravgift gjer det meir attraktiv å drive bedrifter i distrikta, fordi kostnaden til arbeidskraft blir lågare. Vi har senka skattane for å gjere bedriftene meir lønsame og mindre sårbare.

Og vi har flytta over tusen arbeidsplassar ut av Oslo.

les også

Tommel ned for regjeringens prestisjeprosjekt

Nye fylkeskommunar gjer òg rom for meir ansvar lokalt. Vi flytter ut oppgåver innafor helse, kultur, samfunnsutvikling og samferdsle. Mellom anna får fylkeskommunane ansvar for å administrere fylkesvegane frå 2020. Det inneber at opp mot 850 årsverk blir flytta frå Statens vegvesen.

Det går godt i Noreg. Det betyr ikkje at jobben er ferdig. Vi skal vidare. Vi skal snart leggje fram ei ny stortingsmelding om distriktspolitikk og vi skal jobbe vidare med å flytte arbeidsplassar ut av Oslo.

Det er god distriktspolitikk og det verkar!

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder