Hovedinnhold

Se hele Liv Signe Navarsetes tale.

Denne saken handler om:

Kjære landsmøte!

Kva er det gode liv? Me har alle våre draumar om framtida. "Dagen i dag er morgondagen du drøymde om i går", heiter det. Gjennom vårt politiske engasjement skal me bidra til at folk får realisert sine evner og draumar. Verdiar, forventningar og draumar må vere med i arbeidet med å forme framtidssamfunnet.

Våre draumar er ulike og mangfaldige. Dei kan også ha mykje felles. Den internasjonale trendguruen Li Idelkoort reiser no verda rundt med foredraget "The Farm of the Future" - om tida fram til 2050. Ho meiner bygda vert meir moderne og byane grønare. Dei internasjonale krisene på klima, mat og finans vil tvinge fram nye livsstilar der økologi og berekraft er grunnleggande. Me vil søkje kvalitet, lokal kultur og tradisjonelt handverk. Garden til bonden vil vere symbolet på vår nye orientering, og bøndenes status vil stige i takt med større medvit om kor viktig jordbruket sine produkt er. Dette seier ho på foredrag i New York, Tokyo og på Lillestrøm. Dersom hennar analyse av tidsånda er rett, vil heile verda etterspørje meir Senterpartipolitikk dei neste 40 åra¿¿¿

Uansett framtidsbilete og tidsånd står me framfor ein krevjande kvardag. Me har alle ein viktig jobb å gjere. Me må gripe dagen. Me må syte for at folk både ser og høyrer oss. Alle som vil bygge landet treng oss som eit sterkt og kraftfullt reiskap for å sikre at heile landet vert med. Vår felles oppgåve er å vere frimodige og offensive. Å kome oss ut på gater og vegar, torg og jernbanestasjonar, arbeidsplassar og kafear slik at folk vert kjende med oss og vår politikk.

********

Det er i dag 1257 dagar sidan me fekk den raudgrøne regjeringa og 196 dagar sidan eg overtok som partileiar. Det har vore mange spennande dagar. Eg føler eg har fått utført gagns arbeid og får gjennomført god senterpartipolitikk. Budsjettet, tiltakspakka i høve finanskrisa, Nasjonal Transportplan som dei store sakene i tillegg til ei mengd saker kvar dag som vi set vårt preg på og som ville vore annleis dersom vi ikkje hadde makt og påverknad. Eg er takknemleg og audmjuk for den tillit partiet har gitt meg.

Me står oppe i tre store internasjonale kriser; finanskrisa, klimakrisa og matvarekrisa. Krisene er svært alvorlege. Dei kan føre til uro, sosial ustabilitet og krig. Krisene utfordrar oss alle. Me må vere audmjuke, kloke og handlekraftige.

Miljøutfordringane er ikkje løyst, sjølvom det er mindre fokus på dei no enn for 1 år sidan. Matkrisa er vorte verre. I 2008 fekk verda 100 millionar nye offer for svolt. Krigar og naturkatastrofer som jordskjelv, flom, tørke og syklonar samt auka matprisar, er viktige årsakssamanhengar. I fylgje UNICEF svelt ufattelege 950 millionar menneske. Talet vil auke både som fylgje av finanskrisa og folketalsveksten på jorda.

Finanskrisa har gitt eit momentum i det politiske ordskifte. Folk, næringslivet, organisasjonar, ekspertar - alle vender seg no til regjeringa og våre folkevalde. Alle krev meir politikk for å sikre folk tryggleik for hus og heim. Alle krev meir politisk styring for å styrke banknæringa og å sikre folk arbeid.

I januar 2009 er det ingen som ber "politikarane halde fingrane frå fatet". Dei høglytte krava om meir marknad har stilna både her i landet og i det internasjonale samfunn. Krisene er skapt av liberalisering, frislepp, blind tru på marknadskreftene, blind tru på forbruksvekst og forbruksfest. Finanskrisa er ei gjeldskrise. Folk har levd på forskott på lånte pengar. Finanskrisa, matkrisa og miljøkrisa er skapt av uforstand og høgrepolitikk. Då er ikkje svaret ei høgre-regjering etter valet.

No vert verdien av folkevald styring openberr for alle. Me treng nye internasjonale køyrereglar for kapitalmarknadane.

På same måte som vi treng nye reglar for finansmarknaden, trengs det eit nytt og framtidsretta grunnlag for reglar om handel med maten. Maten - vårt daglege brød - er for viktig til å verte overlaten til same kreftene som har køyrt det internasjonale finanssystemet i grøfta. Senterpartiet skal arbeide for at Norge går i spissen for å lyfte matvaretryggleik inn i klimatingingane i København. I samarbeid med FN-organ må det leggjast rammer for handel med mat, bistand, auka produksjon og klimatilpassing i lys av matvarekrisa, finanskrisa og klimakrisa. Ei eventuell ny WTO-avtale på landbruksområdet må og skal sikre det enkelte land sin rett til eigen matproduksjon og rett til å sikre eigne bønder.

Eg er stolt over å vere leiar i eit parti som verdset bøndene sitt arbeid med å dyrke jorda og produsere vårt daglege brød. Me skal kjempe denne kampen med stort frimot og rak rygg. Solidaritet er å brøfø eiga befolking. Det er ei kortslutning å tru at det vert færre som svelt i Afrika, om me sluttar å produsere mat i Norge. Me skal kjempe vidare for å auke inntektene i landbruket. Gjennom lovverk, marknadstiltak og løyvingar skal me sikre eit berekraftig landbruk, kulturlandskap og livskraftige bygder i heile landet. Me skal vidareføre jordbruksavtalesystemet, og saman med organisasjonane i næringa sikre utvikling og stabilitet.

Landsmøte.

Lysta på EU-medlemskap er lita no. Sjølv ja-sida verkar noko pjusk, og finanskrisa har nok med det å gjera. Evangeliet om at alt må bli større, fjernare og utan mothaker og politisk kontroll har fått ein alvorleg knekk. Dette rammar også EU-prosjektet. På Island har det somme her heime tolka som eufori snudd, slik at det på dei siste meiningsmålingane ikkje eingong er fleirtal for å søkje. Vi veit likevel ikkje når ja-sida finn det opportunt å prøva seg igjen. Vår beredskap skal derfor vera på topp. I valkampen og i forhandlingar på Soria Moria II der vi skal få gjenteke eit klart nei til søknad om EU-medlemskap i neste 4-års periode.

Nei til EU vil ha ei offentlig utgreiing om EØS. Dette støttar eg heilhjarta opp om. EØS-avtalen er vorte noko ganske anna enn det tilhengarane sa då den blei vedteken for 15 år sidan. Gjennom EØS-avtalen pressar EU stadig fram regelverk som er problematisk. Fordi Senterpartiet sit i regjering har vi likevel oppnådd store sigrar i EØS-saker. Eg tenkjer særleg på differensiert arbeidsgjevaravgift og heimfallsretten, som ja-sida bedyra ikkje ville bli trua. Det har vore harde sverdslag. Som Sp-leiar ønskjer eg å føra den lina også i andre saker som er viktige for landet.

Vi tok dissens då Ap pressa fram vedtak om tenestedirektivet. Det er ei haldning det kjem til å stå meir og meir respekt av. I trongare tider som Europa og verda no er inne i, er ikkje vandrande arbeidskraft mindre utsett for sosial dumping. Eg trur EU på eit seinare tidspunkt må korrigera kursen her. Når direktivet likevel blir gjennomført no, skal vi fullt ut støtta LOs fire krav mot sosial dumping, og vi forventar at full dokumentasjon vil liggja føre til stortingsbehandlinga.

Postdirektivet inneber større konkurranse også for postsendingar under 50 gram, altså brevposten. Sp er absolutt imot tiltak som kan svekka posttilbodet som eit likeverdig tilbod over heile landet, med einskapsporto, seks dagars utlevering og høg framsendingsgrad neste dag for A-posten. Eit postdirektiv som hindrar oss i det, er Sp imot. Slik er det med den saka.

Datalagringsdirektivet pålegg lagring av trafikkdata for telefon og data i inntil 2 år, ikkje av politiet, men av teleselskapa. Det går noko utover den lagringa som skjer i dag for å kunna fakturera kundane, særleg i lagringstid. Det legg i tillegg opp til dyre lagringsløysingar hos dei mange teleselskapa, og det er med god grunn stilt spørsmål om personvernet. Også liberale krefter, gjerne eit stykke til høgre i politikken, har markert skepsis til direktivet. Sjølv om det kjem frå EU! Det gratulerer vi med. Dei og alle andre skal vita at Sp er sikraste kort for å styra Noreg unna direktivet, som vi meiner ikkje er EØS-relevant fordi det handlar om politisamarbeid.

Siste halvåret har det vore markert brei motstand her heime mot det eg vil kalla håplause reglar i bankinnskotsdirektivet og forbrukardirektivet som rammar vanlege folk. Det første dikterer lågare sikring av bankinnskot enn det Noreg gir (2 mill pr person), det andre svekkjer reklamasjonsretten ved forbrukarkjøp frå ei maksgrense på fem år til to år. Også på desse områda lurte ja-sida det norske folk. Dei hevda at Noreg kunne behalde høgare standardar enn EU på område som helse, miljø, sikkerheit og forbrukarrettar. Me skal ikkje ha slike reglar i Noreg. Det er vår klare melding frå Senterpartiet sitt landsmøte.

*********

Framtida vert forma av menneske i samspel mellom natur, kunnskap, kultur, teknologi, innovasjon og kapital. Ei positiv utvikling vert skapt av menneske med initiativ i sine lokalsamfunn.

Sist helg var eg også her i Ålesund. Då for å vere gudmor til skipet Olympic Zeus. Eit skip spekka med teknologi. Som halverer Co2-utsleppa i tida den utfører krevjande operasjonar som å legge røyr på havbotnen. Som reduserer Nox-utsleppa med 95%. Ei stolt gudmor? Å ja. Men mest av alt vert eg stolt over at Noreg ligg fremst globalt i den maritime sektoren. Det har me lukkast med grunna dyktige folk som har bygd kunnskapsmiljø, utvikla teknologi og makta å industrialisere teknologien. På skipet Zeus utgjer stålet berre ca ti prosent av verdien av det ferdige fartyet. Resten er utstyr og teknologi. Utvikla i Noreg. Verdi: ca 800 millionar. Og det er eitt døme blant mange. Det ligg ordrar på formidable 50 mrd i norske verft no. Det er investert for mange gonger dette beløpet. Grunnlaget for milliardinvesteringar vart lagt med Senterpartiet sin kamp for rederiskatten i 1996. Utan den ville det ikkje vorte investert ei krone i Noreg hevda grundaren Stig Remøy i Olympic Shipping på eit seminar laurdag ettermiddag. Rammevilkår betyr noko for verdiskapinga og arbeidsplassane.

Me må omstille næringslivet og utvikle fornybar energiproduksjon. Senterpartiet vil ha tusenvis av nye, grøne arbeidsplassar dei komane åra. Me treng betre rammevilkår og stimulans for grøn næringsutvikling for å ta Noreg inn i ein grøn tidsalder. Me vil utvikle industrielle verdikjeder og infrastruktur for ny fornybar energi. Slik kan me skape ein kunnskapsbasert industri på same måte som me har gjort for olje. Ikkje minst kan me bidra med rein fornybar energi til marknaden og dermed bidra til den viktige globale klimadugnaden. Får å få utsleppa av klimagassar ned, må transportsektoren over på meir elektrisitet og biodrivstoff.

Bruk av biobrensel til oppvarming er den mest effektive og beste måten å varme opp bygg på. Me må bruke bioenergi til å erstatte ineffektiv bruk av straum og forureinande bruk av olje til oppvarming. Det er eit stort potensiale for auka avvirking i skogbruket og betre utnytting av avfall til å produsere energi og varme. Regjeringa sitt mål er 14 nye TWH frå bioenergi fram mot 2020. Det vil sei dobbelt så mykje som all vedfyring på eit år.

Me må satse vidare på småkraftverk og ha som mål å auke produksjonen får småkraft med minst 10 TWH fram mot 2020. Forutseibare rammevilkår for småkraftverk er viktig for å få til ei utbygging.

Satsinga på vindkraft må styrkast. Konsesjonshandsaminga må skje raskare og støttordningane må betrast. Me bør klare 1 TWH årleg fram mot 2020.
Me vil opprette eit nytt selskap, Statvind, som eit reiskap for forsking, utvikling og utbygging av vindkraft. Vind til havs kan verte vårt nye oljeeventyr. Terje arbeider no med ei ny lov som skal regulere vindkraft til havs. Slik skal me sikre eigarskap til ressursane, og styre utviklinga til fellesskapet sitt beste etter mønster frå petroleumsverksemda.

Eg opplever at mange støttar våre visjonar for fornybarsamfunnet. Men då må dei også vere viljuge til å satse. Eg ser ikkje bort frå at me må ut med både 6 og 8 mrd kr pr år for å nå desse måla.

Betyr så ei storsatsing på fornybar energi at Sp er mot olje - og gassutvinning i Noreg? Nei me er ikkje det. Næringa gir viktige arbeidsplassar i landet, produksjonen i Noreg er den reinaste i verda og ressursane på havbotnen bidreg til at Noreg er ei rikt og godt land å bu i.

Men nokre område er rett og slett så viktige for landet at vi ikkje i nær framtid kan tillate oljeverksemd der. Det går ei grense ved Lofoten og Vesterålen.

Sp kan ikkje akseptere opning av Lofoten og Vesterålen for oljeutvinning i neste periode. Me går imot å opne for utvinning av olje og gass her fordi det er midt i mest vårt ressursrike matfat. Me kan ikkje setje desse ressursane på spel.

Lokale fiskarar i Lofoten og Vesterålen er også viktige for verdiskapinga - når dei leverer fersk fisk til marknadene i Europa. Når verdiskapinga i Vesterålen, Lofoten og Salten i fjor passerte 1,5 milliardar kroner ser me at dette er ei stor og viktig næring. Fisken som blir teken opp frå havet gir om lag 206 millionar middagsporsjonar med fisk rundt omkring på norske og europeiske middagsbord kvart år!

Lofoten og Vesterålen er sjølve opphavsstaden for torskefisket i Barentshavet og gyteområdet for sild, er vårt val enkelt. Me må spele på lag med framtida.

Senterpartiet har store ambisjonar når det gjeld grøn energi og grøne arbeidsplassar. Ei slik satsing bør ikkje vere konfliktfylt i forhold til våre samarbeidsparti, og me skal løfte det fram i Soria Moria II. Eg vil at me skal bruke dobbelt så mykje tid på Soria Moria II på å finne gode løysingar for grøn energiproduksjon som me brukar på å skrinlegge planane om oljeutvinning i Lofoten og Vesterålen.

Me skal ta ressursar i heile landet i bruk og bygge på vår stolte tradisjon som maritim nasjon og energinasjon. Me skal ha ei grøn industriutvikling i dette landet med utgangspunkt i verfstradisjon, petroleumsverksemd og marine næringar. Grøn energiproduksjon med tusenvis av nye arbeidsplassar skal verte eit av dei store raud-grøne fellesprosjekta i neste periode.

Dette vil gje mange arbeidsplassar i Nord-Noreg. I tillegg skal me ha ei storstila satsing på reiseliv og infrastruktur i landsdelen

Sp har derfor lenge hatt som kampsak å jamne ut nettleiga for straum. For meg er det sjølvsagt at dei få som bur i grisgrende ikkje strøk skal ha høgare kostnad knytt til straumforsyninga enn andre. I år fekk me stønaden til nettutjamning dobla frå 30 millioner kroner til 60 millioner kroner. Det betyr at 66 000 straumkundar får lågare straumrekning blant anna fordi Sp har sett saka høgt på dagsorden. Dei med høgast nettleige får opp til 23 øre/kWh i reduserte utgifter.

Men me er ikkje tilfreds. Me må vidare. Framleis er det reelle skilnader mellom by og land. Det er framleis store utfordringar for bygder og småsamfunn som me kan hjelpe til med. Det krevs opprustning av linjenett . Nye energikilder som småkraft og vind stiller nettet på prøve. Aukande ekstremvær fører til nye belastningar.

Me vil ha lik nettleige for alle. I regjeringa er me einige om å utgreie korleis det kan løysast. Målet er at alle skal betale lik pris for å få straumen inn i huset same kvar dei bur i landet. Terje skal sei meir om dette i morgon - og heile landet kan gle seg over å ha ein Senterpartipolitikar som ansvarleg for nettpolitikken framover!

Regjeringa har teke viktige grep for næringslivet i desse 3 åra. Men det er naudsynt å ta nye grep for å skape og sikre eit variert næringsliv i heile landet. Me vil auke botnfrådraget i arveavgifta og redusere dokumentavgifta ved generasjonsskifter i familiebedrifter. Me vil arbeide for å fjerne formuesskatt på arbeidande kapital. Det skal løne seg å leggje ned arbeid i eiga bedrift, og me vil stimulere til vidareutvikling av allereie eksisterande bedrifter og arbeidsplassar.

Dei fyrste åra i ei ny bedrift er hardt arbeid, lange dagar og ofte magert utkome. Me vil gjere det enklare å starte nye bedrifter ved å gje redusert arbeidsgjevavgift dei tre første åra. Mange foreldre som er sjølvstendig næringsdrivande har i dag ikkje høve til å vere heime med sjuke born. Me skal få på plass rett til løn ved sjuke born for sjølvstendig næringsdrivande.

Det er ein alvorleg situasjon i fiskeri- og eksportnæringane. Me fyl dette nøye. Dei som har sine arbeidsplassar i desse næringane skal vite at regjeringa er å stole på.

********

På landsmøtet i september lova eg at Senterpartiet skulle stå i spissen for ein politikk for å byggje landet. Eg gleda meg til å vere byggjeleiar. Me tek nye grep for å byggje ut ein framtidsretta infrastruktur i heile landet.

Mange trekte på smilebanda då Odd Roger Enoksen i valkampen i 1999 lanserte den digitale allemannsretten. Men me har gjort noko med det. Gjennom lokale initiativ og spleiselag mellom enkeltpersonar, bedrifter, kraftselskap, kommunar, fylkeskommunar og staten, er denne visjonen realisert. Om lag 1.5 mrd er brukt, 99,8% har no tilgang til breiband, og det vert arbeidd målretta med å nå ut til dei som er igjen. Alle skal med. Resultata talar for seg. Breiband i heile landet er eit resutat av Senterpartiet sin påverknad i norsk politikk!

Men me slår oss ikkje til ro med det. I samband med distriktsmeldinga tek Magnhild føringa i arbeidet med å setje nye mål for breibandutbygginga. Breibandet er ikkje breitt nok for å dekke framtidas behov. Derfor går me no i spissen for 2. generasjons breiband. Målet om å få fiber fram til alle hus skal inn i Soria Moria II.

Moderne infrastruktur er naudsynt for å folk skal kunne byggje seg hus og ta med seg arbeidsplassen sin til bygder som Jostedalen i Sogn. Til Jostedal er det flytta familiar. Høgt utdanna folk som delvis har teke med seg arbeidsplassen sin - delvis har skapt nye. Breiband har vore avgjerande for at folk har fått denne muligheita. Bygdeutviklingslaget er ei flott og kreativ forsamling av desse ny- og heimflytta og bygdefolket elles.

Godtfolk!

Me har gitt samferdsel ei ny tidsrekning. Medan Frp og Høgre har SNAKKA om samferdsel har me hatt fokus på å levere. Senterpartiet får ting til å skje. Me har satsa 15 mrd meir på veg og bane enn førre regjering. Me har lagt fram vår eigen Nasjonale Transportplan, med tidenes løft for veg og jernbane.

Det er fleire store skilje mellom vår samferdselspolitikk og den som vart ført av Høgre-regjeringa. For det første brukar me pengar der dei kutta både på veg og bane.
For det andre satsar me i heile landet. Ei sterk satsing på kollektiv og jernbane i byane og ei storsatsing på veg ut over i heile landet. 321 mrd blanke kroner skal brukast. Det utgjer ikkje ein liten forskjell å ha Sp i regjering. Det utgjer ein stor!

I NTP-en vi la fram skal vi frå nyttår og fram til og med 2019 byggje firefelts vegar, dobbeltspora jernbane, ruste opp riksvegane og betre trafikktryggleiken for 1014 kroner kvart einaste sekund dei neste ti åra! Til og med når landet ligg og søv, byggjer me vegar og jernbane!

1014 kroner kvart einaste sekund i ti år gir oss sluttsummen på 321 milliardar kroner!
Vi skal halde fram med å byggje landet! Så kan Siv, Erna, Lars og Dagfinn halde fram med å sove - slik dei gjorde då dei sat med ansvaret for samferdsla her til lands

Me skal gjennomføre den satsinga me har starta. Me skal gi optimisme og framtidstru gjennom ei modernisering av landet vårt. Miljøet skal stå i sentrum. Difor satsar me kollektivt der me kan. Spør folk som står i kø og ventar på toget i Oslo kva det betyr at utbygging av dobbeltspor som stod i fare for å stanse no har full framdrift i utbyggina. Me fornyar jernbana. Og me bestiller ikkje bere eitt nytt togsett, me bestiller 50!

Spør lastebilsjåføren på Vestlandet kva det betyr for opplevd og reell trafikktryggleik å få gul midtstripe. Kva som vert av innsparing for næringslivet når reisetida mellom Stavanger og Trondheim vert redusert med ein time? Og når eg får takkebrev frå born som har fått ei lenge etterlengta busslomme i grenda si vert eg minna på at bak alle planar og tiltak er det enkeltmenneske i heile landet som er avhengig av at Senterpartiet får gjennomslag for vår politikk!

I omlegginga til ein grøn transportsektor må me hugse at det ikkje er bilen som forureinar. Det er drivstoffet. Fossilt drivstoff må utfasast til fordel for el og anna drivstoff med lite eller ikkje utslepp. Derfor vil me heve vrakpanten til kr 40.000 ved innbyte til miljøvennleg bil.

Me har gjort mykje gjennom omlegging av avgiftsystemet, store fordeler for el- og hydrogenbilar og ei nysatsing på ladestasjonar landet rundt. På landsmøtet for 2 år sidan lanserte eg Transnova, som eit Enova for samferdselssektoren. Transnova vart oppretta frå januar i år og skal støtte gode prosjekt som vil redusere klimautsleppa. Me gjer noko med det i Senterpartiet!

*********

Det var skulen til døtrene mine som bringa meg inn i politikken og inn i Senterpartiet. Eg ser derfor med glede på det store engasjementet for oppvekstvilkår og utdanning som kjem til uttrykk i programarbeidet. Ein god skule er nøkkel til kunnskapen som vi skal bygge framtida på.

Det er mykje bra i norsk skule i dag. Eg er overtydd om at barnebarnet mitt startar opp i ein betre skule enn eg gjekk på. Mange både i barnehagar og i skuleverket; lærarar, rektorar og assistentar gjer ein framifrå jobb.

Eg vil at me skal gjere Senterpartiet til ei motvekt mot dei lettvinte framlegga til løysingar på utfordringane i norsk skule. Eg vil at Senterpartiet skal stå fram med ei tydelegare røyst om retninga på norsk skule. For oss er det viktigare å styrke innhaldet i skulen enn å utvide skuledagen. Me vil ha ein heilskapeleg kvalitetsskule framfor ein heildagsskule.

Læraren er den viktigaste for borna sitt møte med skulen. Lærarutdanninga må styrkast og me vil doble timane i pedagogikk på lærarhøgskulane. Me vil auke lærartettleiken og ha små einingar der det enkelte barn vert sett og høyrd. Barn må i tidleg skulealder få den hjelp det treng for å lære, for å meistre og for å oppleve gleda og motivasjonen knytta til det å lukkast.

Samarbeidet mellom skulen og heimen må styrkast. Motivasjon for å lære og stimulering av lesing og leselyst er ei viktig oppgåve både for skule og foreldre.

Me treng meir vektlegging av grunnleggande kunnskapar som lesing, skriving, rekning, ansvar for eigne handlingar og respekt for andre.

Ro og mulegheit for konsentrasjon er grunnleggande for all læring. Det er naudsynt med gode rutinar og faste rammer. Klasserommet og å høyre til i ei fast gruppe er ei god ramme for læring.

Me treng meir praksis og teori som er yrkesretta i forhold til fagopplæring. Dette gjeld både i ungdomsskulen og i vidaregåande skule.

Det vert fødd born med kloke hovud over heile Noreg. Det skulle ikkje vera naudsynt å reisa Oslo for å få brukt klokskapen! For å få det til må vi sikra høgsskuletilbod og andre utdanningstilbod rundt i landet, og nye kompetansearbeidsplassar i distrikta. Av same grunn, har vi til handsaming eit forslag om å utvida ordninga med å ettergje studielån til å gjelde alle låntakarar som er busett og arbeider i kommunar med redusert arbeidsgjevaravgift. Me tek eit nytt grep for å leggja til rette for at det skal vera enklare å ta utdanning og arbeide i heile landet.

*******

På landsmøtet i Kristiansand i 2005 gjorde me eit historisk vedtak om å arbeide for eit nytt stortingsfleirtal og eit regjeringssamarbeid med Ap og SV. Målet var å skape ny optimisme i heile landet gjennom ein ny politisk kurs. Me skulle forsvare folkets nei til EU-medlemskap.
Me skulle rykke fram med ein meir offensiv politikk for m.a.
- å styrkje den lokal velferden
- føre ein aktiv nærings- og distriktspolitikk
- sikre eigarskapet til naturressursar som vannkrafta
- sikre betre samferdsel og breiband til alle
- løfte det friviljuge arbeidet, kulturen og idretten.

På Soria Moria vart grunnlaget lagt for styrking av viktige fellesskapstilbod som barnehage, skule og eldreomsorg. Me erstatta Erna Solberg si svelteforing av kommunane med ei opptrapping av inntektene. Me gjorde også endringar i fordelinga av inntektene slik at geografisk store kommunar med lågt folketal, fekk sin rettkomne del av inntektene.

Så har 2008 vore eit vanskeleg år for mange kommunar, både pga lønsvekst, rentenivå og tap på børs. Dette tek me på stort alvor, og me erkjenner at det er mange krevande prioriteringar som må gjerast lokalt.

Kva har skjedd i norske kommunar i åra 2006, 2007 og 2008? Me har fått 12.500 fleire årsverk i eldreomsorga. Kvar dag har me fått 10 nye stillingar i eldreomsorga - 20 nye varme hender til pleie og omsorg. I skuleverket har me fått 7000 fleire årsverk. Det er bra, men me manglar faglært arbeidskraft.

Me reknar med at det vert omlag 40.000 nye årsverk i løpet av 4-års perioden. Mange har fått trygge og gode jobbar. Mange har fått utvida stillingar. Gjennom Kvalitetskommuneprosjektet står Magnhild i spissen for eit viktig arbeid med å fornye og vidareutvikle lokale velferdstilbod i samarbeid med arbeidstakarane.

Når kommunane kan løne 40.000 fleire årsverk er det fordi inntektene er auka. Dersom desse menneske ikkje hadde vore tilsette for å styrke velferdstilboda, ville utgiftene vore mellom 15 og 20 mrd lågare. Då hadde kommunane hatt overskot på botnlinja og sokalla "god råd". Men poenget med å styrke kommunane sin økonomi er å få betre velferd. Me har fått meir omsorg, betre barnehagetilbod og ein betre skule.

I tillegg vert kyrkjer målt og vedlikehaldne i eit større tempo enn før. Bygningsarbeidar pussa opp klasserom og heimkunnskapssalar, tak vert skifta, nye ventilasjonsanlegg kjem på plass og symjebasseng får vatn.

Me er ikkje i mål. Opposisjonspartia skal i tida fram mot valet skryte av dei stengde fleire symjebasseng i åra 2001 til 2005, enn me har klart å opne. Dei om det!!

På Soria Moria II skal me vidare. Det vert fleire eldre, me har utfordringar i barnevernet, i kommunehelsetenesta og i skulen. Senterpartiet skal stå i spissen for nye løft. Me skal ha ei fortsatt styrking av den lokale velferden i 4 nye år. Då trengs det 40.000 nye årsverk. Dessuten må me gjennomføre likelønskommisjonen sitt framlegg om eit lønsløft i kvinnedominerte yrker. Dette er eit rettferdskrav, og det er også naudsynt for å sikre tilgong til kvalifisert arbeidskraft i offentleg sektor.

Den store auke i ressursinnsats til sjukehusa og spesialisthelsetenesta, har ikkje gjeve dei resultat som Ap, Høgre og Frp hadde forventa. Det er derfor behov for nye grep. Lat meg understreke; kommunane og kommunehelsetenesta er ikkje problemet, men må framover vere ein viktig del av løysinga. Me skal gjennomføre ei samhandlingsreform for å styrke helsetilbodet. Vårt mål er ei desentralisering der folk får meir av helsetenestene der dei bur og der folk får hjelp tidlegare enn i dag.

Eg møter mange krav og forventningar frå folk. Men eg har enno ikkje møtt nokon som saknar tida då Erna Solberg var kommunalminister, og krevd hennar svelteforing tilbake. Tvert imot ser eg det motsette; lokale folkevalde frå alle parti, også Høgre, tek til orde for ei ytterlegare styrking av kommunane sin økonomi i åra framover. Det kan dei best oppnå gjennom eit sterkare Senterparti og eit fortsatt raud-grønt fleirtal. Lat meg minne om kva statsminister Jens Stoltenberg sa på KS sin ordførarkonferanse i 2006; ordførarane burde kvar morning når dei hadde stått opp starte dagen med å takke Åslaug Haga for pengane dei hadde fått. La meg leggje til: Det bør fleire enn ordførarane gjere.

Me står truleg framfor ein stor debatt om framtidig kommunestruktur. Argumenta til dei som er for tvangssamanslåing av kommunar, endrar seg. Men konklusjonen har dei trekt for årevis sidan; norske kommunar er for små.

Tenk over bruken av språket; stor og liten. Dei små kommunane er store. Ein stor buss vert ikkje liten av at den har få passasjerar. Nei, den store bussen er stor uavhengig av tal passasjerar. Eg kan ikkje sjå at me med vår geografi og vår busetnad, har noko å lære av Danmark når det gjeld kommunestruktur. Det er ingen som reiser til Sahara for å lære om isbjørn.

Dei 100 kommunane med lågast folketal har til saman vel 126 000 innbyggjarar og står for om lag 4% av utgiftene i kommunesektoren. Dei fleste har etter kvart innsett at det ikkje er pengar å spare her uten ei storstila sentralisering av velferdstilbod. Argumentasjonen for tvangssamanslåing anno 2009 er omsynet til tenestetilbodet til innbyggjarane med særleg vekt på dei svakaste.

Innbyggjarane i desse kommunane har verken innsikt i eller oversikt over sitt eige beste. Folket skal befriast frå seg sjølv og gjevast fridom med tvang. Derfor argumenterer økonomar, fagfolk og toppolitikarar frå Høgre og Frp, og no også Venstre og delvis KrF for at endringar må til. Per Sandberg, Per Kristian Foss og Lars Sponheim retter ut ei omsorgsfull hand til folk i fjell og fjordbygder. Men den andre handa er knytt og seier at dei som ikkje vil dei skal; "mild tvang" er det nye ordet.

Dagens kommunekart er ikkje heilagt. Det er gjennomført både vellukka og mislukka kommunesamanslåinga. Dersom folk gjennom samhandling lokalt, finn ut det er fordelar med å slå seg saman skal dei sjølsagt få lov til. Men eg veit folk sjølv er i stand til gjennom demokratisk debatt og demokratiske prosessar, å finne gode løysingar. Eg veit at me som har vårt daglege virke i Oslo, ikkje er meir fornuftig enn dei som er innbyggjarar i den enkelte kommune.

Eg ser det som ei viktig oppgåve for Senterpartiet å ta vare på deltakinga, engasjementet, identiteten, ansvarskjensla og oversikta som er grunnmuren i folkestyret og berebjelken i velferdssamfunnet. Folk skal vite at dei kan stole på Senterpartiet.

Me har gjennomført ei sterk satsing på kultur. Men me skal også gjennomføre ei reform der friviljuge lag og organisasjonar får momsrefusjon. Dette vil vere eit godt handslag til eldsjeler som tek del i ein samfunnsdugnad i lokalsamfunn i bygd og by.

******

Me har fått gode resultat gjennom det raud-grøne samarbeidet. Me skal gå til val på eit fortsatt regjeringssamarbeid med Ap og SV, og ein tydeleg raud-grøn politikk. Landsmøtet må samstundes vere tydeleg på kva eit sterkare Senterparti vil bety for utforminga av politikken i åra 2009 - 2013.

Det er sjølsagt slik i eit demokrati at styrken mellom partia er viktig for kva politikk som skal førast. Med 11 av 169 representantar på Stortinget hadde me ikkje mandat frå veljarane til å få gjennomført heile programmet vårt. Eg meiner me står godt oppreist i møtet med veljarane med resulata av den politikken me har ført. Men me er utolmodige og me vil vidare. Til dei som meiner me har oppnådd for lite har eg fylgjande melding: De oppnår ikkje noko ved å gje opp. Skal me få større makt, må veljarane i val gje oss fleire mandat på Stortinget.

Eg er glad for å ikkje vere deltakar i det daglege svarteperspeltet mellom opposisjonspartia. Dei har brukt 4 år på å kritisere regjeringa og regjeringspartia. Dei har i løpet av desse 4 åra ikkje avklara kven som skal samarbeide, kva politikk dei vil føre og om dei i det heile har kandidat til jobben som statsminister. Eg vil be KrF, V og Høgre om å teke gjennom si rolle i den politiske debatten. Når dei bidreg til å svekke politikkens omdøme, trur dei det skal ramme regjeringspartia. Men samstundes svekker dei seg sjølv og dei styrker Frp. Me har ein plan A - å vinne valet. Når opposisjonspartia ikkje ein gong har ein plan A, treng me ikkje nokon plan B.

Partiorganisasjonen under leiing av generalsekretær Ivar Egeberg er klar for den lange valkampen. Fylkesleiarane og folk lokalt vert krumtappar i vårt arbeid. Me skal føre ein lokal valkamp i kvart fylke. Våre kandidatar skal vere synlege og tydelege - folk i kvart valdistrikt skal få høve til å verte kjend med Senterpartiet sin politikk og våre dyktige folk.

Våre tre hovudsaker skal stå igjen etter landsmøtet
- eit grønare næringsliv -der du bur
- betre samferdsel - der bu bur
- skule og omsorg - der du bur

******************

Det me gjer i politikken er viktig for folk og lokalsamfunn. I januar 2006 fekk ungane i Gaular høve til å bade i eit nyoppussa symjebasseng som vårt opna av Åslaug. I Numedal fekk dei breiband etter dugnad, offentlege løyvingar og godt politisk arbeid frå m.a. Per Olaf. I Steinkjer, Alstadhaug og Sogndal er Distriktssenteret etablert 8 år etter at eg som nestleiar tok opp forslaget. På Ski stasjon jubla folk i fjor haust for at det skal verte dobbeltspor. På Træna flagga folk på onsdag denne veka då Terje ordna med trygg straumforsyning - det var julafta og 17. mai på ein gong, sa folk. I sauenæringa er det ny optimisme etter jordbruksoppgjera. Lista er lang og lenger enn lang. Det er lov å gle seg over det me har lukkast med. Samstundes skal me vere audmjuke overfor uløyste oppgåver, og utolmodige på vegne av dei som forventar meir av oss.

Vår draum er eit grønare Norge med mangfold og aktivitet, blomster i alle glas, leikande born i alle tun og nærmiljø og alle hender i arbeid. Me drøymer om at alle born trivs og gler seg til neste skuledag. Me drøymer om grøne og trygge byar og tettstadar med eit mangfald av tilbod som gir gode opplevingar. Me drøymer om at alle skal vere trygge i møte med alderdom og livets naturlege slutt. Me vil ha alle med. Me vil ha heile landet med.

Våre draumar kan berre realiserast gjennom meir fellesskap og eit sterkt raud-grønt alternativ.

Me deler desse draumane med mange unge. Me deler desse draumane med mange som føler travelheit tek overhand for tid, nærleik og omtanke. Me deler draumane med dei som passar sin teig og sin tarv og ikkje spør nokon om hjelp før dei har prøvd å hjelpe seg sjølv. Me deler desse draumane med mange av dei stille i landet. Me skal rette ut ei opa hand til dei me deler desse draumane med. Det er opp til den enkelte å ta imot vår opne hand og gripe dag

Kommentarer Antall kommentarer på artikkelen

Har du en mening om denne artikkelen? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Respekter andres meninger og husk at mange kan se hva du skriver. Brudd på reglene kan føre til utestengelse.

VGs journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Klikk for å se kommentarene

Siste saker fra Innenriks

Se neste 5 fra Innenriks