HENTAR I BARNEHAGEN: Jonas Stein er gruppeleiar for Venstre i Tromsø bystyre. Han meiner det er viktig at også folk i regjeringsapparatet kjem frå ulike stader i landet – der dei bur, lever og hentar born i barnehagen. Stein har sjølv born i Studentsamskipnaden sin barnehage. Foto: Terje Mortensen, VG

Venstre-folk i nord: Farleg Oslo-dominans i Venstre sitt regjerings-lag

Berre ein mikroskopisk del av Venstre sitt regjeringslag bur utanfor Oslo-gryta, beklagar Venstre-gruppeleiar Jonas Stein (33) i Tromsø.

  • Frank Ertesvåg

Artikkelen er over to år gammel

Frå hans eigen landsdel er det ikkje ein einaste Venstre-politikar i regjeringa blant statssekretærane, rådgjevarane eller i stortingsgruppa.

Ei kartlegging viser at blant 13 venstrefolk i regjeringsapparatet, er ni heimehøyrande i Oslo, medan dei fire utanfor Oslogryta bur i Røyken, Modum, Jølster og Stavanger.

– Det er viktig å ha lyttepostar andre stader i landet enn i Oslo, og kunne bringe fram interessene også til dei andre landsdelane, seier Jonas Stein til VG.

OSLO-GJENGEN: Partileiar Trine Skei Grande i tilsynelatande triveleg møte før regjeringsforhandlingane saman med dei andre osloborgarane Geir Olsen, Ola Elvestuen og Torild Skogsholm. Foto: Vidar Ruud / NTB Scanpix

Han er tidlegare finansbyråd i Tromsø og nestleiar i Unge Venstre. No er han gruppeleiar i bystyret og stipendiat i statsvitskap på Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. I arbeidet sitt har han mellom anna forska på sentrum-periferi-dimensjonen i politikken.

– Det har ein verdi for politikken og tilliten til eit regjeringsparti som skal styre landet, at ein har sett saman eit lag som representerer store deler av landet. Det er rart at ikkje Venstre viser forståing for det, seier Stein.

les også

Fylkesledere: Synes Venstre fekk for liten utteljing

Han viser forståing for at nokre enkeltpersonar i det nye venstrelaget i regjeringa har ein særskilt kompetanse som skyv bustad og geografi i bakgrunnen. Men når Trine Skei Grande og leiinga i partiet skal setje saman eit lag, så må dei gjere ei heilskapleg vurdering som også omfattar geografisk spreiing i tillegg til kompetanse, røynsle og kjønnsbalanse, meiner Jonas Stein.

Han meiner det kan vere direkte farleg å knapt ha lyttepostar utanfor Oslo.

Leiar Leif Gøran Wasskog i Finnmark Venstre seier rett ut at han er særs misnøgd med den geografiske fordelinga av venstrefolk i regjeringssystemet.

FINNMARKING: Leiar av Finnmark Venstre, Leif Gøran Wasskog, bur i Alta – rundt 190 mil frå Oslo. Foto: Privat

les også

Slagordet «by og land, hand i hand» er viktigare enn nokon gong

– Her er det ei enorm overvekt av folk som er busett eller jobbar i Oslo. Det er blitt ein utprega Oslodominans som gjer at vi framover må jobbe mykje betre med den geografiske breidda vår, seier Wasskog til VG.

Fylkesleiar Irene Dahl i Troms er ikkje så uroa over den spreiinga av Venstre-representantane i regjeringsapparatet.

– Eg hadde gjerne sett at det var representantar frå Nord-Norge i Venstres regjeringslag. Men det er viktigare at regjeringa fører ein offensiv politikk for Nord-Norge, til dømes å leggje konsekvensutgreiing for Lofoten, Vesterålen og Senja heilt vekk, seier Dahl.

les også

Grande om kulturministerposten:–Eg fekk jobben eg ønsket meg

SUNNFJORDING: Atle Hamar frå Jølster i Sogn og Fjordane er attende som statssekretær for Venstre – denne gongen i Klima og miljødepartementet. Foto: Hallgeir Vågenes, VG

Ho meiner ho har god kontakt med stortingsgruppa, sjølv om det heller ikkje der finst ein einaste ein frå Nord-Norge.

– Det er låg dørstokk for å kontakte dei som sit der. Dessutan trur eg vår landsdel er godt vareteken også fordi våre folk er flinke til å reise ut i landet og fange opp kva som er viktig, legg Dahl til.

les også

Fleire Venstre-politikarar melder seg ut i protest etter regjeringssamarbeid

Jonas Stein i Tromsø Venstre tykkjer ikkje det strekk til med ei og anna vitjing frå ein politikar frå Oslo.

– Nei, dette dreier seg om at politikarar høyrer til ein stad. Dei kan setje seg ned på kaféen og få direkte beskjed om kva som rører seg lokalt. Den lytteposten er det vanskeleg å etablere i ei politisk boble i Oslo. Bur du- eller kjem du frå ein stad ute i landet, så les du lokalavisa, regionavisa, du pratar med folk som bur der, du har kan hende borna dine i barnehagen. Du får kort sagt kjenne livet og utfordringane lokalt mykje betre på kroppen, meiner Stein.

Nestleiar Terje Breivik i Venstre avviser ikkje at Stein har et poeng.

– Vi er svært nøgde med dei folka som no skal jobbe i regjeringsapparatet, sjølv om den geografiske spreiinga kunne vore betre, seier Breivik til VG.

Sjølv bur han i Ulvik i Hardanger.

HARDING OG TRØNDER: Venstre-nestleiar og parlamentarisk leiar Terje Breivik i ein lukkeleg augneblink saman med Venstre-leiar og kulturminister Trine Skei Grande. Foto: Trond Solberg, VG

– Ifølgje VG si teljing bur ni av 13 i Oslo, medan ei bur i Røyken, ei i Modum, ei i Stavanger og ein i Jølster. Er ikkje det for stor Oslodominans?

– Det er fleire som bur i Oslo no, men som kjem frå andre stader. Eg trur til dømes ikkje Sveinung Rotevatn vert oppfatta som del av ein Oslo-dominans, sjølv om han har budd i Oslo nokre år, svarar Venstre-nestleiaren.

Breivik er klar over at både Nord-Norge og Sørlandet er landsdelar heilt utan Venstrefolk i stortingsgruppe og regjeringsapparat.

– Me hadde sjølvsagt håpa å få Venstrefolk frå Nord-Noreg vald inn på Stortinget i haust, men slik gjekk det diverre ikkje. Me skal arbeida hardt for å halde på den gode dialogen me har hatt med Venstre i nord framover.

– Ser du nokon fare for at Venstre kan bli eit for urbanisert og Oslo-dominert parti?

– Valresultatet syner at Venstre har utfordringar med å trekkje veljarar utanfor dei store byane og utanfor Austlandet. Det er me i gang med å ta tak i. Politikken vår er derimot ikkje for urbanisert, den er god for heile landet, frå by til bygd og frå nord til sør, svarar Breivik.

Mer om

  1. Venstre (V)
  2. Politikk
  3. Nord-Norge
  4. Solberg-regjeringen
  5. Trine Skei Grande

Flere artikler

  1. Venstre-veteran i Oslo: Støtter krav om at Grande må gå

  2. Kilder til VG: Slik jobbes det for Rotevatn som ny Venstre-leder

  3. Flere i Venstre åpne om å vrake Grande - ønsker Sveinung Rotevatn

  4. Dette vil bompenge-generalene gjøre i storbyene

  5. Ingen løsning på bompengekrisen: Frp sier ja, Venstre blånekter

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder