FJALER-ORDFØRAR: Gunhild Berge Stang (V) er ordførar i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane - og ein av få Venstre-ordførarar. Ho er også nye Vestland Venstre sin fylkesordførarkandidat. Foto: Venstre

Kommunestyret i Fjaler: Sa ja til bompengar

Kommunestyret i Fjaler i Sunnfjord seier ja til å finansiere eit vegprosjekt med bompengar.

Det kom fram då Fjaler kommunestyre tok stilling til utbetring av fylkesveg 57 mellom kommunesenteret Dale og Storehaug i Sogn og Fjordane måndag.

Vedtaket vart gjort med heile 21 mot 2 røyster (MDG og KrF).

Kommunen i Sunnfjord går dermed mot trenden i fleire kommunar, som dei siste vekene har sagt nei til lokale bompengeprosjekt for å finansiere vegutbygging.

les også

Bompenge-krangelen: Lokale Frp-ere krever at staten tar regningen for fylkesveier

Statens Vegvesen hadde på førehand send til uttale ei prinsippsak om delvis bompenge-finansiering av fylkesveg 57 Dale-Storehaug i Fjaler og Gaular kommunar.

Her står bomkampene: VG gir deg en løpende oppdatert oversikt over bommene der du bor

Både ordførar Gunhild Berge Stang sitt parti, Venstre og tidlegare ordførar Arve Helle sitt Ap - gjekk inn for bompengeprosjektet saman med Høgre og Senterpartiet, og oppnådde dermed eit solid fleirtal i kommunestyret.

– Hvis vi ønskjer å realisere denne vegen i overskodeleg framtid, er dette den einaste måten å realisere denne vegen på, sa ordføraren frå talarstolen.

les også

Trine Skei Grande om bymiljøavtalene: En dundrende suksess

Framstegspartiet (Frp) er ikkje representert i kommunestyret, og måtte sjå frå sidelinja at Fjaler sa ja til bompengar.

– Eg legg mest vekt på at dette vegprosjektet er heilt avgjerande for kommunen, og at bompenge-finansiering må til for å kome fram i prioriterings-køen og få realisert prosjektet, seier gruppeleiar Arve Helle i Ap til VG.

– Staten betaler ikkje alt

Han meiner dagens veg er eit stort hinder for utvikling i distriktet, og minna om at vedtaket måndag er eit prinsippvedtak - som medfører at ei meir detaljert sak vil kome attende til kommunestyret seinare.

– Vi veit at staten ikkje betaler for heile dette prosjektet, sa Helle i kommunestyret med klar adresse til Frp, som vil at staten skal ta over fylkesvegane.

EKS.ORDFØRAR: Arve Helle (Ap) representerer fleirtalet i Fjaler kommunestyre, som gjekk inn for bompengeprosjektet Dale-Storehaug. Helle er rekna for å vere ein politisk tungvektar, og er sentral i nye Vestland Ap. Foto: Privat

Heile prosjektet er kostnadsrekna til 1,1 milliard kroner, med samband mellom Båtevika (Helle) over Svedsundet til Hjelmeland, som den mest kostnadskrevjande delen av prosjektet (525 mill.).

Statens vegvesen har rekna på eit bompenge-opplegg med to bomstasjonar og 60 kroner i bomtakst.

MDG mot bompengar

KrFs representant tok ordet og meinte at 60 kroner for bompassering var eit for høgt takstnivå. MDGs Mark Taylor advarte mot bompengeprosjektet på grunn av partiets motstand mot tunnel- bro- og veibygging i prosjektet.

Senterpartiet sin representant, Kjetil Felde, sa han ikkje var spesielt glad for bompengar. Men meinte at behovet for veg gjer at bompengar må til.

– Eg trur nok vi må gå inn for dette for å få betre veg innover fjorden. Trafikken vil berre auke på, vi får ei kjempeutfordring om vi ikkje gjer noko, sa Felde i kommunestyret.

les også

Fanget i en bomring: Knallhard kamp om makten i Bergen

Vegen mellom Dale og Storehaug blir sett på som eit viktig tverrsamband for kommunane i området for å komme til E 39, og som pendlingsveg til og frå Førde, som er den mest folkerike kommunen i Sogn og Fjordane.

Onsdag skal Gaular kommunestyre seie sitt om det same vegprosjektet.

– Her er det heilt ope kva kommunestyret kjem fram til, seier Gaular-ordførar Mathias Råheim (H) til VG.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder