– IKKJE FOR SEINT: KrFU-leiar Martine Tønnessen og Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark vil stoppe avfallsdeponia i Førdefjorden og Repparfjorden i dei nye regjeringsforhandlingane.

Meiner KrF i regjering er siste sjanse for Førdefjorden og Repparfjorden

KrFs Ungdom og Unge Venstre krev at stans i avfallsdeponi i norske fjordar vert løfta til toppen av lista i dei nye regjeringsforhandlingane. Slik vil dei også reversere eit ja til sjødeponi i Repparfjorden og Førdefjorden.

– Dersom Høgre og Frp vil halde fram med å regjere i ei fleirtalsregjering, bør dei lytte til dette kravet, seier Sondre Hansmark, leiar i Unge Venstre.

Saman med KrFUs leiar Martine Tønnessen, krev dei to ungdomspartia avgift på gruveslam og eit forbod mot dumping av gruveavfall i norske fjordar i den nye regjeringsplattforma.

les også

Vil ha omkamp om dumping av gruveavfall i Repparfjorden

I 2015 gav regjeringa løyve til selskapa Nordic Mining og Nussir ASA om å etablere sjødeponi i Førdefjorden i Sogn og Fjordane og Repparfjorden i Finnmark.

Forslaget frå dei to ungdomspartia inneber at løyva vert trekt tilbake.

I LENKJER: Natur og Ungdom i protest mot sjødeponi i Førdefjorden. Foto: Mina Røed / Natur og Ungdom

– Denne regjeringa som må avgjere det

– Sjødeponia har fleire gongar vorte utsett, men det kan sjå ut som at det vil skje i 2019, difor er det dei komande regjeringsforhandlingane som kan avgjere det. Vi veit at vi framleis har mogelegheit til å stoppe det, men vindauget vert smalare og smalare, seier Tønnessen.

les også

Av 55 land vil berre Norge og Tyrkia tillate dumping av gruveavfall i sjøen

Ho meiner dette vil vere ein god og riktig siger for KrF og Venstre, dersom hennar parti vert ein del av regjeringa.

– Norge er berre eit av fem land i verda som tillèt sjødeponi. Miljøkonsekvensane for fjordane og fiskelivet er enorme, seier ho.

Alle ungdomspartia utanom Unge Høgre og Framstegspartiets Ungdom er einige om at Stortinget bør stemme for ei ny vurdering av gruveprosjekta. Tønnesen kjempa for at KrF skulle velje høgresida, då dei tok sitt vegval i haust.

– Å plutseleg snu om sjødeponia kan jo råke mange potensielle arbeidsplassar i distrikta, er det verdt å ofre?

– Ein har nedjustert kor mange arbeidsplassar dette faktisk kan gi, så det er ikkje så lønsamt som ein gav uttrykk for, seier Hansmark.

INGEN NYE DEPONI: Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) seier han er nøgd med at det ikkje blir nokre nye deponi i løpet av regjeringspartioden. FOTO: Espen Breivik / VG

Elvestuen: Nøgd med å ha stoppa nye deponi

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) har tidlegare støtta motstanden mot deponi, men sit no i ei regjering som har gitt grønt lys i Førdefjorden og Repparfjorden.

Tønnessen og Hansmark møter statsråden saman med VG i gangen på Stortinget.

– Venstre sitt standpunkt er klart i denne saka, noko vi har gått til val på og teke med i dei tidlegare forhandlingane. Resultatet er at vi har fått stoppa nye deponi, som eg meiner er eit stort gjennomslag, seier Elvestuen.

– Men er du tilfreds, når det har blitt godteke å opne nye deponi i Repparfjorden og Førdefjorden?

– Det er den semja vi klarte å kome fram til. Jeløya-plattforma til regjeringa er det eg har å halde meg til no.

– Men i ei ny forhandling med KrF med på laget, vil du ta med deg oppmodinga frå ungdomspartia?

– Forhandlingane tek vi ikkje i det opne rom, svarar Elvestuen.

– SISTE SJANSE: KrFU-leiar Martine Tønnessen og Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark møter klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) og ber han arbeide for å snu løyva om sjødeponi, i nye regjeringsforhandlingar. FOTO: Espen Breivik / VG

KrF og Venstre einige

Dei to ungdomspolitikarane er ikkje nøgde med svaret frå klima- og miljøministeren.

– Vi har fått til mykje bra, men ein burde trekke tilbake disse konsesjonane. Klima er den viktigaste saka, og når KrF går inn er det mogeleg å flytte regjeringa i den retninga, seier Hansmark.

– De er to ungdomsparti for to små parti, kvifor skal Høgre og Frp høyre på dykk?

– Fordi vi har rett! seier Tønnessen.

– Sjølv om vi er eit parti på 4,4 prosent har vi blant anna klart å leggje ned pelsdyrnæringa. Ein skal gi og ta i forhandlingar, her er Venstre og KrF einige, seier Hansmark.

Alternativt støttar dei ei avgift på gruveslam i statsbudsjettet;

– For det burde koste å gjere skade på naturen. Drøymescenario er då at det ikkje er lønnsamt for selskapa å dumpe i fjordane, men meir lønnsamt å bruke avfallet på andre måtar, forklarer Hansmark.

FORHANDLINGAR: KrF, med nestleiar Kjell Ingolf Ropstad i midten til venstre, er einige med regjeringspartia om ein budsjettavtale, no skal dei inn i sonderingar og regjeringsforhandlingar. Foto: Tore Kristiansen

Nestleiar i KrF, Kjell Ingolf Ropstad, som skal leie forhandlingane med regjeringspartia på vegne av sitt eige parti svarer kort på oppmodinga frå ungdomspartia:

– KrF sin politikk på dette er kjend. Vi er no i ein sonderingsfase med regjeringa der dette er eit tema, seier Ropstad på SMS til VG.

Nordic Mining: – Vi har tillating

Ivar Fossum er dagleg leiar for selskapet Nordic Mining. Det er dei som skal vinne ut mineralet rutil på Engebøfjellet, med løyve til å deponere gruveavfallet i Førdefjorden.

– Eg har ikkje så mange tankar om dette. Det er allereie breitt diskutert og vi har godkjenningar på plass, seier han om engasjementet frå ungdomspartia.

– Fryktar du ikkje at KrF og Venstre kan presse i gjennom at ein snur om eit løyve de allereie har fått?

– Det fryktar vi ikkje. Dette er godt utgreiddni mange instansar og høyringar på ulike nivå.

Han er heller ikkje uroa for miljøkonsekvensane som ungdomspartia peikar på.

– Vi har fått ein streng utsleppsavtale, og utarbeider no eit omfattande overvakingsprogram som skal sikre dei krava vi har fått frå styresmaktene, seier han.

– Landbasert industri blir viktigare for Norge når det vert mindre oljeutvinning. Vi brukar mykje metall og mineral, då bør Norge vere ein aktiv aktør for å utvikle mineralbransjen vidare.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder