Bokanmeldelse: Lars Mæhle: «Den mørke porten»

Psyko-thriller

INNENRIKS

Tida lækjer ikkje alle sår. Psykologen Ina Grieg har mann, barn og fredeleg privatpraksis - men også mange mørke skuggar i minnet.

Publisert:

Roman
356 sider
Kr. 369,-
Samlaget

Når ho blir engasjert i etterforskinga av eit brutalt ritualdrap, nører hendingane opp under ulmande glør i hennar eige liv. Den smarte, kickboksande kvinna får smake på sine svake sider, medan ho løyser gåtene og finn band mellom fleire gamle offer.

Sjølve plotet er klassisk, ei gruppe menn delar ein løyndom av skam og skuld heilt til nokon prøver å hemne ugjerninga. Botsøvingar, fortrengd liding og ei sorg som vart til hat dannar spanande og mørkt bakteppe i forteljinga.

Skildringane av dei fatale møta mellom drapsmann og offer er svært levande og tette, men teksten mister temperatur i for lange «transportetappar». Der veiknar også språket, som elles er eit spenstig og personleg nynorsk med moderne snert. Det luggar litt i dialogane, slik det gjer i storparten av norsk krimlitteratur.

Romanen, som er den første i ein planlagt serie, er diverre noko overbefolka. Lesaren blir med inn i altfor mange hovud, det blir for lite plass til å bli kjend med heltinna. Difor blir hennar djupe, eksistensielle tankar mindre engasjerande - og privatlivet hennar for konstruert, som kulisser.

MAY GRETHE LERUM