FRÅ ORDFØRARSTOL TIL RULLESTOL: Tidlegare Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap) var pasient på Mork rehabiliteringssenter i 2020 og 2021, og fryktar dårlegare helsetilbod om det no vert lagt ned.

Ordføraren hamna sjølv på rehabilitering - no åtvarar han mot nedlegging: − Idioti!

Rehabiliteringa i landet treng å styrkast, likevel må eit tilbod i Volda stenge, trass skryt frå pasientar og fagmiljø. Den tidlegare ordføraren kallar det kortsiktig tenking.

Publisert:

Helse Møre og Romsdal skal gjennom omfattande og raske nedskjeringar, og går inn for å legge ned Mork rehabiliteringssenterMork rehabiliteringssenterMork rehabiliteringssenter er ein del av den spesialiserte rehabiliteringstenesta i Helse Møre og Romsdal. Senteret gir eit individuelt tilpassa tilbod til pasientar med komplekse og samansette funksjonsvanskar. Diagnosegruppene er hjerneslag, hjerneskadar, omfattande skadar (multitraumer) etter ulykke, følgjetilstandar etter kreft, nevrologiske lidingar, ryggmargskadar og andre behov for spesialisert rehabilitering. Kjelde: Helse Møre og Romsdal i Volda, med plassar flytta til Ålesund sjukehus. I tillegg kan fødetilbodet i same kommune bli sommarstengt.

– Parallelt som myndigheitene har stramma inn på offentleg forbruk påverkar den aukande prisveksten, inflasjonen og mangel på tilgjengeleg arbeidskraft, seier administrerande direktør i helseføretaket, Øyvind Bakke.

Nedlegginga har ført til protestar i Volda og nabokommunane. Torsdag var det fakkeltog.

Les også

Ber sjukehusa vurdere utfasing av enkelte tilbod

Norske sykehus får mindre penger å rutte med i år. Helse Nord står i en spesielt vanskelig situasjon, sier…

– Eit unikt senter

Ein av dei som har kasta seg inn i kampen mot nedlegging er Jørgen Amdam. Han var ordførar i Volda fram til 2019, og var sjølv pasient på Mork da han vart ramma av den alvorlege sjukdommen Guillain-Barré syndromGuillain-Barré syndromSyndromet begynner som regel i beina med smerter og etter hvert lammelse som kan bre seg oppover i kroppen. Tilstanden blir alvorlig hvis åndedrettsmusklene angripes. Lammelsene går vanligvis over etter noen uker eller få måneder.Årsaken er ikke kjent, men tilstanden sees særlig i etterkant av infeksjonstilstander i kroppen. Kilde: Store medisinske leksikon..

– Behandlinga på Mork var svært positiv, og var døgnet rundt. Eg fekk instruksjonar og rettleiing for kvar minste ting, til og med frå kjøkkenpersonalet, seier han.

Slik kom han seg på beina igjen.

Amdam meiner senteret og plasseringa er unik, med store grøne uteområde.

– Det var inspirerande å sjå personalet som følgde ein pasient frå rullestol til ein fjelltopp.

1 / 7
UNIKT: Amdam meiner uteområdene og plasser inne og utanfor rehabiliteringssenteret er unik og inspirerande for gjenopptreninga.

– Ved Ålesund sjukehus er det tettbygd og stort sett asfalt og parkeringsplassar. Også innandørs er det begrensa treningsmogelegheiter, seier han.

Amdam er tidlegare høgskulerektor og professor i samfunnsplanlegging. Han meiner helseføretaket tenkjer kortsiktig.

– Å takle den komande eldrebølgja vil bli ei kjempeutfordring. Det vil føre til press på omsorgstenestene, også rehabilitering.

– Helseføretaket reduserer no kostnader ved å sende problem frå seg. Ein blir i større grad avhengig av private tilbod, eller at pasientar tidlegare må heim og vert kommunane sitt ansvar.

– Det er idioti, seier han.

STÅR FAST: Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal HF, Øyvind Bakke meiner ei samlokalisering i Ålesund er den beste løysinga.

Direktøren i helseføretaket er ueinig

– Alle pasientar med behov for spesialisert rehabilitering skal framleis få det. Å samle tilbodet i Ålesund medfører ikkje ein reduksjon i pasienttilbodet.

– Ei aukande eldrebølgje er ikkje nødvendigvis synonymt med aukande behov for spesialisert rehabilitering, legg han til.

Pluss content
Les også

På veg mot amerikanske tilstandar?

Pasientkøene vokser, sykehusbudsjetter skal kuttes og det er desperat mangel på helsepersonell.

– Eit steg i feil retning

Generalsekretær i LHL Hjerneslag og Afasi, Tommy Skar har lagt merke til det han meiner er ei solid spesialkompetanse på slagrehabilitering i Volda, og fryktar at dette vil forsvinne med ei flytting.

Lokalavisa Møre skriv at berre ein eller to av dei 40 tilsette vurderer å bli med på flyttelasset.

– Det er, slik vi oppfattar det, ikkje fagleg grunngitt, men av reine økonomiske omsyn, seier Skar.

BEHOV FOR STYRKING: Tommy Skar i LHL Hjerneslag og Afasi peikar på behov for styrka rehabilitering i landet.

Han meiner det derimot er behov for å styrke rehabiliteringstilboda i landet, og viser til fleire tilbod det er stor usikkerheit og uro rundt.

Ein rapport frå KPMG til Helsedirektoratet i 2020 konkluderer med det same.

– Å leggje ned rehabiliteringstilbodet er eit steg i feil retning. Det kan vere forskjellen mellom å bli sitjande ufør eller å kome ut i arbeid igjen, seier han.

Meiner samlokalisering er best

Dette er ikkje den første gonge rehabiliteringssenteret i Volda har vore trua med nedlegging. Også i 2019 var det fakkeltog.

FAKKELTOG: Også tidlegare har lokalbefolkninga markert motstand mot å leggje ned rehabiliteringstilbodet. No blir det på nytt fakkeltog.

På grunn av store oppgraderingsbehov beslutta helseføretaket allereie i 2021 å avhende sjølve bygget. Planen da var å flytte tilbodet inn til Volda sjukehus.

Med eit slikt kompromiss kunne ein ha beheldt eit senter i kommunen, arbeidsplassane og betre tilgang på uteområde, meiner dei som kjempar mot nedlegging.

Men no har direktøren ombestemt seg.

Han peikar på det økonomiske handlingsrommet som årsaka.

– Møre og Romsdal er eit lite fylke. Å samle tilbodet ein stad er etter mitt syn viktig og riktig for å sikre berekraft i spesialhelsetenesten for framtida, da vi samla nasjonalt står overfor ei betydeleg mangel på helsepersonell, seier Bakke. Og forklarar at ein post vil ha behov for færre tilsette enn to.

Les også

Ordførar vart «snikvaksinert» – det fekk fleire til å reagere

Da vaksineteamet i Volda hadde fire doser igjen på tampen av dagen, gikk de til rådhuset og vaksinerte ordfører Sølvi…

Helseministeren bryt ikkje inn

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) har tidlegare sagt at ei satsing på rehabilitering må bli løfta høgare på prioriteringslista, men vil ikkje bryte inn i nedlegginga i Volda.

Stortingsrepresentant Frank Sve (Frp) frå Møre og Romsdal har utfordra helseministeren på å overstyre avgjerda.

Men i sitt svar skriv Kjerkol at det er helseføretaket som har ansvaret for drifta og dei tildelte økonomiske midlane.

Ho skriv vidare at Helse Møre og Romsdal HF gjennom det regionale helseføretaket (Midt-Norge RHF) har forsikra ho om at kvaliteten på tilbodet ikkje blir forringa som følgje av samlokalisering.

Amdam, som er aktiv i same parti som Kjerkol, vil ikkje kritisere statsråden for å sitte stille i båten, men har likevel ei oppfordring.

– Departementet burde stimulere til betre samarbeid mellom kommunane og helseføretaket, seier han.

Han viser til at det i hans tid som ordførar, før pandemien, vart arbeida med eit samarbeidsprosjekt for utvikling av rehabiliteringstenesta.

– Utgreiinga viste at det ideelle hadde vore fire slike institusjonar som Mork i fylket, seier han.

Publisert:

Rabattkoder

Et kommersielt samarbeid med Kickback.no