BOK: Hadia Tajik skal snart gi ut bok. Foto: Frode Hansen

Hadia Tajik gir ut bok i oktober

Ap-nestleiar Hadia Tajik skal gi ut ei bok om politisk fridom.

  • Eirik Mosveen
  • Eirik Røsvik

Det varslar Tajik på si eiga Facebook-side torsdag.

– Det er ei politisk bok om kva fridom er, men forma som ei samanhengande historie. Kvart kapittel tek for seg naudsynte vilkår for å kunne leve frie liv. Gjennom heile boka vert lesaren kjent med ulike personar, stader og politiske saker – og med meg, skriv Tajik.

Ho leverte manus til boka i dag. Den kjem ut i oktober.

– Eg har skrive boka på fritida mi, på kveldar og i helger. Særleg det siste halve året har vore ei krevjande tid for alle, med coronapandemi og mykje usikkerheit. Deler av dette vil verte reflektert i boka, skriv Tajik i ei tekstmelding til VG.

Personleg historie

Tittelen på omslaget er «Frihet: En politisk og personlig historie» og boka blir gitt ut på Tiden forlag.

I omtalen av boka varslar forlaget at ho vil dele av si eiga historie, som « datter av pakistanske innvandrere, født inn i en norsk arbeiderklasse, med en far i olja og en mor på butikken.»

BOK: Hadia Tajik gir ut bok i oktober. Foto: Tiden Norsk Forlag

– I boka fletter eg inn deler av mi eiga og familien sin historie, saman med aktuelle politiske saker knytt til mellom anna helse, arbeid, tryggleik og ytringsfridom. Eg har vald å ikkje skrive ei rein debattbok, sjølv om lesaren òg vil sjå at eg tek tydeleg stilling til ulike politiske spørsmål. Lesaren får i mykje større grad sjå kvar standpunkta kjem frå, seier Tajik til VG.

– I boka møter eg mange ulike personar, med andre tankesett og erfaringar enn meg sjølv. I desse brytningane mellom oss vonar eg det kan ligge mykje lærdom.

Fridom

Tajik har i boka spurt folk landet rundt kva som skal til for å vere eit godt samfunn, kva som skal til for å kunne ta frie og sjølvstendige val for eige liv og kva krefter som trugar desse mogelegheitene.

– Hovudbodskapet er at individuell fridom ikkje berre kan vere eit individuelt prosjekt. Fridom handlar om vala du tar, men og kva bagasje du har med deg frå heimen din og korleis du vert møtt i samfunnet elles, seier Tajik.

Boka er skrive på bokmål, som har vore Tajik sitt hovudmål sidan vidaregåande skule.

Mer om

  1. Hadia Tajik
  2. Arbeiderpartiet (Ap)
  3. Politikk
  4. Litteratur

Flere artikler

  1. «Kvifor er du med i Venstre, eigentleg?»

  2. Ap-nestleder Hadia Tajik er gravid

  3. Ny juridisk vurdering: — Knusende dom over Sanners arbeid

  4. Sakte drep coronaen fotballen

  5. Tajik om Tangen-saken: – Sanner har fått en gapende skrape i lakken

Fra andre aviser

  1. Ap-nestleder Hadia Tajik er gravid

    Aftenposten
  2. Debatt: – Dette er eit leiketøy for dei funksjonsfriske

    Bergens Tidende
  3. Debatt: – Derfor skifta eg meining om kontantstøtte

    Bergens Tidende
  4. BT meiner: Kyrkja må bli heilt fri frå staten

    Bergens Tidende
  5. Her er repre­sentant­skapets brev til Stortinget

    Fædrelandsvennen
  6. Jesus, Muhammed og Urfjell

    Fædrelandsvennen

VG Rabattkoder

Et kommersielt samarbeid med kickback.no