UTEKONTOR: Alfred Bjørlo (V) er til dagleg ordførar i Eid kommune i Sogn og Fjordane og fylkestingsrepresentant. Her har han rigga til utekontor for å kome nærmare innbyggjarane. Han skjønar ikkje vitsen med å utvide fylkestingssalen før fylkessamanslåinga med Hordaland.
UTEKONTOR: Alfred Bjørlo (V) er til dagleg ordførar i Eid kommune i Sogn og Fjordane og fylkestingsrepresentant. Her har han rigga til utekontor for å kome nærmare innbyggjarane. Han skjønar ikkje vitsen med å utvide fylkestingssalen før fylkessamanslåinga med Hordaland. Foto: Wibeke Nord Haugland, VG

Fylket blir lagt ned om eitt år - no utvidast fylkestingssalen for 12 mill.

INNENRIKS

Fylkestinget i Sogn og Fjordane har bestemt seg for å utvide og ruste opp fylkestingssalen for 12 millionar - eitt år før nedlegging av fylkeskommunen. Ikkje alle er like begeistra for beslutninga.

Publisert: Oppdatert: 07.12.18 16:14

– Det spesielle er at denne salen vil bli nytta om lag ein gong i året som sete for det nye fylkestinget i Vestland. Då er det meiningslaust å løyve pengar til ei slik utviding all den tid lokale hotell utvidar kapasiteten til kongressar og konferansar. Desse hotella kan også tilby overnatting, sier Venstre-representant i fylkestinget, Alfred Bjørlo til VG.

Han og Venstre hamna i mindretalet saman med Høgre, Frp og MDG då fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok opprustinga av fylkestingssalen.

Så braut ein Sp-representant ut av fleirtalet - og røysta med mindretalet undervegs i tingseta.

– At vi skal byggje på ein gamal sal, der det ikkje ein gong finst hotellfasilitetar til det nye fylkestingssetet, trur eg ikkje folk vil begripe, seier Bjørlø. Han er ordførar i Eid, og har stilt seg til rådvelde som kandidat for Venstre til det nye Vestland-fylket som skal stablast på beina frå 1. januar 2020 etter fylkestingvalet i september.

Bakgrunnen for vedtaket er at Firdasalen i fylkeshuset på Leikanger, som har husa fylkestinget i ei årrekkje, ikkje vil ha plass nok til det nye fylketinget i Vestland.

Difor var det foreslått i økonomiplanen å bruke 12 millionar kroner på ei utviding og opprusting av salen.

Også hotellnæringa lokalt reagerer på vedtaket.

Hotelldirektør Sigurd Kvikne på Kvikne Hotel i Balestrand, tykkjer ikke fylkespoltikarane i det avtroppande fylkestinget syner klok pengebruk.

– Eg hadde nok brukt pengane på noko meir fornuftig, som turisme. I staden for å bruke 12 millionar kroner og kanskje ha eitt fylkesting i året i Leikanger, så er der alternativ fleire stader med eigna møtelokale for eit større fylkesting., sier Kvikne til NRK Sogn og Fjordane.

Medan dagens fylkesting har 31 fylkespolitikarar, kjem det nye fylkestinget i Vestland til å ha 65 fylkespolitikarar.

Fylkesvaraordførar og gruppeleiar for Ap i dagens fylkesting, Åshild Kjelsnes, meiner fylkestingsalen no er for liten og treng oppussing.

– Salen vil sjølvsagt ikkje berre bli brukt berre ein gong i året. Salen er i jamnleg bruk i dag. Det er ingen grunn til å tru at dette ikkje vil auke på framover.

Ho meiner ein sal som kan romme møte av ein viss storleik, er viktig.

– Vi snakkar også om det administrative, allmøte, konferansar og utleige, understrekar Kjelsnes, ifølge NRK.

.

Her kan du lese mer om