STERK KRITIKK: Statsminister Erna Solberg (H) må ta imot sterk kritikk frå opposisjonspartia på Stortinget. Foto: Hallgeir Vågenes

Stortinget gir regjeringa sterk kritikk for arbeidet med terrorsikring

Opposisjonspartia, inkludert KrF, stemte i ettermiddag for å gi Erna Solbergs regjering sterk kritikk i arbeidet med såkalla objektsikring.

  • Espen Moe Breivik

Artikkelen er over ett år gammel

Solberg, som opposisjonen meiner har feilinformert Stortinget om situasjonen i arbeidet, meiner at Stortinget har «feilopplevd» regjeringa.

Arbeiderparti-leiar Jonas Gahr Støre reagerer på det han meiner er ei manglande unnskyldning frå statsministeren;

– Vi har fått et politisk nyord fra statsministeren og et uttrykk for en arrogant holdning overfor Stortinget, seier Støre.

Unngjekk mistillit

87 stemte for forslaget frå KrF om å gi regjerings sterk kritikk, som er det sterkaste verkemiddelet Stortinget har før eit mistillitsforslag. 80, regjeringspartia, stemte mot under voteringa.

Ap, SV, Sp og Raudt heldt fast ved sin mistillit mot regjeringa, men utan KrF si støtte fekk dette ikkje fleirtal, og regjeringa vert sitjande.

les også

Kontrollkomiteens leder meiner statsministeren bør beklage

«Svært alvorleg»

Bakteppet er Riksrevisjonen sine to knusande rapportar som slår fast at arbeidet med såkalla objektsikring etter terrorangrepa 22. juli 2011 framleis er mangelfull. Dei karakteriserte situasjonen som «svært alvorleg».

KONTROLLKOMITEEN: Regjeirnga har i to omgangar måtte svare grundig for seg i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite, der Dag Terje Andersen (Ap) er leiar. Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Rapporten viste at sikringsarbeidet, som Stortinget vedtok skulle vere ferdig i 2015, ligg langt på etterskot både hos politiet og Forsvaret.

les også

KrF skjerper kritikken mot regjeringas terrorsikring – Ap krev beklagelse

Regjeringa har i to ulike omgangar blitt kalla inn på høyring i Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

Det låg an til at KrFs mann i komiteen, Hans Fredrik Grøvan ville kome med eit mistillitsforslag, men for to veker sidan gjekk KrF inn for å fremje sterk kritikk.

Mer om

  1. Stortinget
  2. Erna Solberg
  3. 22. juli
  4. Riksrevisjonen
  5. Kabinettsspørsmål

Flere artikler

  1. KrF skjerper kritikken mot regjeringens terrorsikring - Ap krever beklagelse

  2. Senterpartiet vurderer mistillit om terrorsikring

  3. Forsvaret må terrorsikre bedre - men får kutt i budsjettet

  4. Støre: Ikke gode nok svar til å unngå mistillit

  5. NAV-skandalen: Rødt-Moxnes ble kritisert for mistillitsforslag

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder