ORDFØRAR I GAULAR: Mathias Råheim (H) er kommunens fremste tillitsvalde i Gaular. Her poserer han med Gaularvassdraget i bakgrunnen.

ORDFØRAR I GAULAR: Mathias Råheim (H) er kommunens fremste tillitsvalde i Gaular. Her poserer han med Gaularvassdraget i bakgrunnen. Foto: Privat

Gaular kommune sa nei til bompengar

Gaular kommunestyre seier nei til bompengeprosjektet som nabokommunen Fjaler sa ja til sist måndag.

Det kom fram då Gaular kommunestyre torsdag handsama det bompengefinansierte vegprosjektet på fylkesveg 57 mellom Dale i Fjaler og Storehaug i Gaular kommune.

Seinast sist måndag gjekk kommunestyret i nabokommunen Fjaler med overveldande fleirtal inn for å seie ja til prosjektet som er basert på bompengefinansiering.

Vil realisere likevel

Men Gaular-politikarane kom fram til ei samrøystes nei til bompengar, sjølv om dei gjerne vil realisere vegprosjektet som mellom anna omfattar ny bru og tunnel-løysing på deler av strekninga.

«Gaular kommune meiner at vegen er svært lite eigna som eit bompengeprosjekt då relativt lite vil gå til sjølve vegbygginga. Det er ein føresetnad at ein vesentleg del skal gå til vegbygging. Kommunen vil difor seie nei til bomstasjon på Fv 57 i Gaular», heiter det i vedtaket.

les også

Avgjort i kveld: Dette er bompengeprosjektene Frp stemte for

Kommunestyret meiner i staden at det offentlege må gå inn med meir investeringsmidlar slik at «heile vegstrekninga mellom Dale – Storehaug kan opprustast til ein tenleg standard innan rimeleg tid».

Frp utanfor

Ordførar-veteran Mathias Råheim (H) seier til VG at den delen av vegstrekninga som kjem inn i Gaular kommune, ikkje eignar seg til bompenge-innkrevjing.

– Vil ikkje eit nei til bom utsetje eller stogge vegprosjektet?

– Nei, vi oppmodar no om at det offentlege går inn med meir pengar slik at opprustninga kan skje så raskt som råd, svarar Råheim.

les også

Frp-fylkesledere: Kan vente til august med bompenge-kutt

Saman med kommunestyret vektlegg han at ei opprusting av Rv57 er viktig både for lokaltrafikk og som regional samanbinding av vegnettet, samt at den vil føre til betre tilkomst både til E39 og flyplassen i regionsenteret Førde.

les også

Partibarometer: Demokratene større enn Frp i Kristiansand

Framstegspartiet, som har utmerka seg mest i kampen mot bompengar - av dei etablerte partia, er ikkje representert korkje i Gaular eller Fjaler kommunestyre.

I Gaular var det Sp (største parti), Høgre, SV, KrF og Ap som sto bak det samrøystes vedtaket om å seie nei til bom.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder